Hopp til innhold

Svak krone struper kjøpekrafta til norske studentar i utlandet

Høg prisvekst og svak kronekurs gjer det dyrare å studere utanlands. No meiner studentorganisasjonen ANSA at regjeringa må ta grep.

Student Tomas Gustavsen ved Universitetet i Sydney.

Tomas Gustavsen (23) frå Os studerer ved Universitetet i Sydney. Han merkar den svake kronekursen på lommeboka.

Foto: Irma Kahrimanovic / Privat

– Pengane vi får frå Lånekassen dekkjer eigentleg berre husleiga. Mat og alle andre ting må ein ha oppsparte pengar til, eller få hjelp frå familie og venner.

Det fortel Tomas Gustavsen (23) til NRK.

Han er no på sitt andre år i ein «trippel» bachelorgrad ved Universitetet i Sydney.

Når han etter planen blir uteksaminert i 2026, blir han luftfartsingeniør med tilleggsgrader i datavitskap og programvareutvikling.

– Hovudgrunnen til at eg valde å studere i Australia var fordi dei hadde akkurat «mi» grad. Ei grad der eg fekk alt eg ville i ein pakke. Det same programmet finst verken i Noreg eller Europa, seier Gustavsen.

– Og så er jo Australia veldig anerkjent for gode skular, godt studentmiljø, og sjølvsagt sol og sommar, legg han til.

Student Tomas Gustavsen ved Universitetet i Sydney.

Student Tomas Gustavsen ved Universitetet innrømmer at det hadde vore krevjande å få økonomien til å gå rundt, om han ikkje hadde fått hjelp heimanfrå.

Foto: Irma Kahrimanovic / Privat

Men studiet må han betale dyrt for. I tillegg til høge levekostnader i Sydney, må Gustavsen betale 26.750 australske dollar i skulepengar kvart semester.

Med dagens kronekurs utgjer det om lag 185.000 kroner. Det er nesten 12.000 kroner meir enn i fjor, på grunn av svekt krone.

Den svake kronekursen, i kombinasjon med høg prisvekst, gjer at norske studentar i utlandet generelt får mindre igjen for pengane dei får frå Lånekassen, enn før.

Grafen over viser utviklinga til den norske krona sett opp mot andre valutaer. Han viser at studentar i USA, Storbritannia og Europa er blant dei som no blir ramma hardast av valutasvingingane.

Les også Spetalen om svak krone: – Synet på Norge blir farlig 

Pareto Securities Olje og Offshore konferanse

Må ha hjelp heimanfrå

Gustavsen, som nyleg fekk verv som leiar av ANSA Australia og New Zealand, fortel at det hadde vore krevjande å få økonomien til å gå rundt utan økonomisk hjelp frå eigne foreldre.

– Eg veit ikkje heilt korleis folk som ikkje får hjelp heimanfrå får det til å gå rundt. Eg veit i alle fall at eg treng hjelp til både flybillettar heim, og av og til litt lommepengar, seier han.

Samtidig vil 23-åringen ta på seg nesten halvannan million i lån for å gjennomføre studia i Australia.

Student Tomas Gustavsen ved Universitetet i Sydney.

Student Tomas Gustavsen meiner det er gode grunnar for at regjeringa bør leggje til rette betre for at norske studentar skal kunne studere i utlandet.

Foto: Irma Kahrimanovic / Privat

Kvifor meiner du Noreg burde leggje betre til rette for at studentar skal kunne ta så dyre studium?

Noreg har gode utdanningar, men i visse felt ligg dei litt bak. Så kompetansen eg sit igjen med når eg er ferdig vil vere meir attraktiv enn den eg hadde fått i Noreg.

I tillegg får ein kulturforståing, språkkunnskapar og viktige erfaringar, legg han til.

– Grada eg tek er så unik, og førebur meg på å jobbe i ekstremt mange felt. Så sjølv om det er ein heftig sum, så synest eg det er verd det, slår Gustavsen fast.

Les også Derfor er kronen så svak          

Penger

– Blir større forskjellar

Heime i Noreg prøver Anna Handal Hellesnes å styrkje økonomien til utanlandsstudentane. Ho er president i studentorganisasjonen ANSA.

– Dei tilbakemeldingane vi får frå studentar over heile verda, er at pengane ikkje strekk til med den svake kronekursen. I tillegg møter mange av studentane våre eit høgt inflasjonsnivå og ei energikrise, seier ho.

Hellesnes fryktar at mange studium i utlandet ikkje lenger er eit reelt alternativ for alle.

Anna Handal Hellesnes, president i ANSA.

Anna Handal Hellesnes er president i ANSA. Ho jobbar for å styrkje økonomien til norske studentar i utlandet.

Foto: ANSA

– Dagens system legg opp til at det blir større forskjellar internt i studentmassen, basert på om ein får støtte heimanfrå eller ikkje.

– Det stemmer jo ikkje overeins med at utdanning skal vere likt tilgjengeleg for alle, uansett bakgrunn, understrekar ho.

ANSA meiner regjeringa bør auke studiestøtta til 251.600 kroner, i samsvar med EUs fattigdomsgrense.

Samtidig vil dei igjen auke stipenddelen av skulepengestøtta frå 40 til 70 prosent, etter at regjeringa i budsjettet for i år kutta i støtta.

Les også Når pengene ikke strekker til

Sara Louise Adielsson sliter med å få den økonomiske hverdagen til å gå rundt.

Færre vel å studere i utlandet

I år har i underkant av 20.000 nordmenn vald å studere i utlandet. Det er det lågaste talet sidan 2009, sett bort frå pandemiårene. Det viser tal frå Lånekassen.

Tidlegare administrerande direktør i Lånekassen, Morten Rosenkvist, har peika på svak kronekurs som ei mogleg årsak til at fleire blir heime.

ANSA-presidenten meiner det er den auka gjeldsbyrda som er hovudforklaringa.

– Gjeldsbyrda til norske studentar i utlandet har i snitt auka med 235.000 kroner dei siste 10 åra. Det er ikkje alle som har høve til å ta på seg ei så stor økonomisk byrde som følgje av studiet, og derfor ser ein ein nedgang, slår Hellesnes fast.

Les også Sine (22) kan få gjeldssmell etter stipendkutt

Sine Schei

– Vi kan ikkje kompensere for alle sosiale forskjellar

Statsekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) i Kunnskapsdepartementet meiner dagens finansieringsmodell allereie er god.

Han oppmodar studentar til å studere i utlandet, men er ikkje særleg overraska over at fleire no vel å bli heime.

– At norske studentar ikkje i same omfang som før reiser til utlandet for langvarige studiar, kjem nok av i ganske stor grad den urolege situasjonen vi har i verda, seier Hoel.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Løkensgard Hoel (Sp).

Statssekretær Oddmun Løkensgard Hoel (Sp) i Kunnskapsdepartementet meiner finansieringsmodellen for norske studentar i utlandet allereie er god.

Foto: Ragne B. Lysaker

Han understrekar at regjeringa har vedteke å styrkje studiestøtta med 7 prosent i august, noko også studentar i utlandet vil få glede av.

For Tomas hadde det ikkje vore mogleg å studere i Australia, om han ikkje hadde fått hjelp heimanfrå. Er du redd for at den økonomiske byrda kan skape klasseskilje?

– Vi har ei veldig god studiefinansiering som i dag gjer det mogleg å studere utan å ha økonomisk hjelp heimanfrå. Om studentar vel å ta utdanningar i utlandet som fører med seg kostnader utover det som er mogleg å bere, så er det individuelle val som studentar tek, seier han.

Hoel påpeikar at ikkje alle land har eit like sosialt utdanningssystem som Noreg.

– Vi kan ikkje kompensere for alle sosiale forskjellar som utdanningssystem i resten av verda produserer. Sånn er det berre.

AKTUELT NÅ