Hopp til innhold

 – Akkurat dette vi åtvara mot

SV åtvara regjeringa om at folk med god råd kunne bli straumstøtte-vinnarar. Partiet meiner ordninga må gåast gjennom viss støtta skal bli permanent.

Terje Aasland redegjør om Fosen-saken

ÅTVARA REGJERINGA STØRE: Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV).

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

«Vanlege folk» var målet for straumstøtta til Støre-regjeringa.

NRK har for første gong kunna fortelje at dei som fekk mest igjen på straumrekninga var folk med høgast inntekt i landet.

– Det var akkurat dette vi åtvara mot. Vi sa at regjeringsforslaget til straumstøtte ville gi mest til dei som har mest frå før. Desse tala viser dessverre at vi hadde rett, seier stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV).

Les også Folk i Holmenkollen vart straumstøtte-vinnarar

Måne går ned over Oslo, fredag morgen.

Ville dekkje meir for folk som brukte lite

Støre-regjeringa har vore budsjettpartnar med SV sidan 2021.

SV har også hjelpt regjeringa med å få fleirtal i Stortinget for straumstøtta. I forhandlingane kjempa dei for ei anna ordning.

Medan straumstøtta dekkjer 90 prosent av straumprisen over 70 øre, og opp til 5000 kilowattimar i månaden, ønskt SV å gi meir igjen til folk som brukte lite straum:

  • Forbruk opp til 1000 kilowattimar: Heile straumprisen over 50 øre blir dekte.
  • Forbruk frå 1000–3000 kilowattimar: 80 prosent av rekninga over 50 øre blir dekte.

Ifølgje NRKs analyse, er det ein klar samanheng mellom inntekt og straumforbruket til folk. Dess høgare inntekt, jo høgare straumforbruk.

– Regjeringa burde høyrt på oss og laga fleirtal for ei meir rettferdig straumstøtte som hadde prioritert å gi meir til dei med dårleg råd og lågt straumforbruk, seier Haltbrekken.

Kva vil SV gjere viss regjeringa søkjer støtte for ei meir permanent ordning?

– Då må vi få ei skikkeleg evaluering av den ordninga vi har no og sjå korleis ho kan gjerast betre for å gi meir støtte til dei som treng det, og dessutan korleis ho kan stimulere til energisparing, seier Haltbrekken.

– Må finne betre system

Regjeringa seier dei visste straumstøtta kom til å bli ei raus ordning som gjorde at dei som brukte mest straum, også fekk mest i støtte.

Elisabeth Sæther, Olje- og energidepartementet

Elisabeth Sæther er statssekretær i Olje- og energidepartementet.

Foto: Johan Moen / NRK

– Vi har eit skattesystem som omfordeler til dei som har mindre gjennom både toppskatt og formuesskatt. Skulle vi ha avgrensa straumstøtta for å straffe dei med høgast forbruk hadde vi også treft dei med heilt vanleg inntekt og til dels dårleg råd, seier Elisabeth Sæther (Ap), statssekretær i Olje- og energidepartementet, i Politisk kvarter.

Ho forklarar at regjeringa ikkje ville ta ein risiko der dei kunne straffe dei som tente mest.

– Vi er i ei utrygg tid der straumstøtta er eitt av dei viktigaste grepa for tryggleik for alle som bur i Noreg, seier Sæther.

Dagens ordning vil fortsette ut 2024. Men etter det kan det komme endringar.

– Det er klart at dette var ei ordning som var viktig å få på plass raskt og som gir folk tryggleik. Men det er ikkje ei livsvarig ordning, det er ei mellombels ordning. På sikt må vi finne betre system, seier Sæther.

Les også Fikk 200 millioner i krisestøtte - ga penger til eierne

Hansa Moelven Stavanger OIlers

Makspris ville gitt same utslag

Fleire parti på Stortinget, som Frp, KrF og Raudt, har gått inn for ein makspris på straum.

Gitt at folk med lågare inntekter bruker mindre straum, slik NRKs analyse viser, ville også ei slik ordning gitt mest statsstøtte til folk med høgare inntekter.

Stortingsrepresentant Sofie Marhaug (Raudt) meiner regjeringa må gjere noko med sjølve kraftsystemet for å løyse priskrisa.

Det er sjølvsagt inga ordning som vil vere heilt perfekt, men det som likevel har skjedd er at regjeringa har gjort noko som var ei mellombels ordning permanent, i staden for å ta tak i meir strukturelle problem med prissetjing, seier ho.

– Raudt har gått inn for ein generell makspris på 35 øre per kilowattime. Ville ikkje ei slik ordning også gitt mest til dei med høgast inntekt, som villaeigarane i Holmenkollen?

– Når vi har gått inn for makspris har vi samtidig foreslått eit toprissystem, slik at høgt forbruk skal vere dyrare enn lågt forbruk, seier ho, og viser til eit tiltak partiet vil innføre.

Ho lovar kamp mot høge straumprisar mot valet i 2025.

– Det blir kanskje éi av dei viktigaste sakene fordi straumprisen forsterkar forskjellar og skaper fattigdom.

Les også Ga eiendomsutleiere 1,1 milliarder i statsstøtte

Fram Eiendom eier flere eiendommer på Skøyen i Oslo.

AKTUELT NÅ