Hopp til innhold

Streikefare hos SAS gir dyrare billettar hos Norwegian

Fredag kan det bli SAS-streik. Samtidig skrur konkurrenten Norwegian opp prisane og fjernar moglegheita for å få pengar tilbake ved avbestilling, skriv Dagens Næringsliv.

Sas- og Norwegian-fly

Norwegian forbereder seg på at det kan bli streik i SAS til helga. Lågprisselskapet har sett opp billettprisane og fjerna dei fleksible billettane som også er moglege å få refundert ved avbestilling.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Onsdag møtte pilotforeiningane leiinga i SAS til mekling. Dei har i utgangspunktet frist til natt til fredag med å bli samde, men kan også forhandle på overtid. Dersom det ikkje er mogleg å oppnå semje, blir det streik, og SAS-flya sett på bakken.

Det gjer at konkurrenten Norwegian tek grep for å møte ein streik. Dagens Næringsliv. har følgt med på prisutviklinga på Norwegian-billettar den siste tida, og skriv i dag at flyselskapet har skrudd opp prisane i helga og måndag.

I tillegg har Norwegian fjerna «Flex»-billettane. Det vil seie at det ikkje er mogleg å få pengane tilbake dersom du avbestiller reisa.

Lasse Sandaker-Nielsen

Informasjonsdirektør Lasse Sandaker-Nilsen i Norwegian seier til Dagens Næringsliv at dei har fjerna dei fleksible billettane for å unngå at folk kjøper billettar dei avbestiller og får refundert dersom det ikkje blir flystreik.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

NRK har forsøkt å få ein kommentar frå informasjonsdirektør i Norwegian, Lasse Sandaker-Nilsen. Men han viser til det han har sagt til DN. Til avisa seier Sandaker-Nilsen at dei ikkje ønsker å fungere som ein reisegaranti for SAS:

– Tidlegare har SAS-reisande som fryktar streik bestilt «Flex»-billettar, men kansellert billetten i den augneblinken streika er avverja. Vi ønsker ikkje å fungere som ein reisegaranti for SAS-kundar. Då sit vi igjen med tomme seter, tapt omsetning og skuffa kundar som kunne ha fått plass.

– Kjedeleg for forbrukarane

Men praksisen til flyselskapa er ikkje i strid med lovverket. Leiar for forbrukardialog i Forbrukarrådet, Pia Cecilie Høst, seier til NRK at det marknadskreftene som rår.

– Vi kan seie at dette er særs kjedeleg for oss forbrukarar. Rådet må vere å vente med å reise, dersom det er mogleg.

Pia Cecilie Høst i Forbrukerrådet

Pia Cecilie Høst i Forbrukarrådet seier praksisen til flyselskapa er fullt lovleg, men at det er forbrukarane som er taparane. Ho oppfordrar folk til å vente med å reise dersom det er mogleg.

Foto: Halvor Njerve / Forbrukerrådet

Ho trur ikkje Norwegian hadde kunne gjere dette dersom det hadde vore fleire aktørar i den norske marknaden.

– Vi i Forbrukarrådet ønsker oss ein sunn konkurranse til rett pris. Det er ikkje gunstig for oss forbrukarar at det er så få konkurrentar i denne marknaden.

Heller ikkje Forbrukartilsynet meiner det er noko hinder for ein prisauke som den Norwegian praktiserer.

– Så lenge det ikkje er villeiande prisar frå Norwegian, har ikkje vi i Forbrukartilsynet merknadar til metoden dei nyttar seg av. Dei står fritt til å endre prisane sine etter marknaden, seier avdelingsdirektør Jo Gjedrem til NRK.

Dagens Næringsliv har også snakka med administrerande direktør Per Arne Villadsen i reisebyrået Berg-Hansen. Han seier det har blitt stadig meir vanleg at flyselskapa følger ein praksis der dei skrur opp prisane og gjer det vanskelegare å avbestille når det er fare for streik hos konkurrenten.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger