Alle partia, utanom regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet, samla seg om forslaget frå Arbeiderpartiet i Trontaledebatten på Stortinget i dag.
EINIGE: Forslaget frå Arbeiderpartiet og Jonas Gahr Støre var avhengig av støtte frå KrF for å få gjennomslag
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix– Eg er glad for resultatet. Aller mest for barna som no får meir tid med far tidleg i livet og fedrar som får rett til ei lengre permisjonsperiode, seier Arbeiderparti-leiar Jonas Gahr Støre.
«Stortinget ber regjeringen legge frem en sak om å øke fedrekviten i foreldrepermisjonen til 14 uker, for å gi barn og fedrar tid sammen og bidra til likestilling i arbeidslivet», skeiv Arbeiderpartiet i sitt forslag.
NRK melde i går at det truleg ville bli eit fleirtal for forslaget, då KrF stilte seg positive. Etter at både Raudt, SV, Ap, Sp, MDG, V og KrF stemte for vart det eit tydeleg fleirtal for å be regjeringa auke fedrekvoten.
– Vi har retta opp i regjeringa sine feil
Støre brukar høvet til å vise musklar mot regjeringspartia.
– Gjennomslaget er også eit teikn på at det politiske tyngdepunktet er endra. Høgre og Frp si reversering i fedrekvoten til ti veker er no retta opp av det nye Stortinget, seier han.
- Les meir:
- Les meir:
Det er likevel ikkje klart når ei endring vil tre i kraft, da regjeringa først må komme med eit forslag som igjen må få fleirtal blant stortingsrepresentantane.
Høgre: – Ikkje eit stort tap
Stortingsrepresentant og arbeidspolitisk talsperson frå Høgre, Stefan Heggelund, var ein av dei som stemte imot.
MOT: Stortingsrepresentant frå Høgre, Stefan Heggelund, seier det ikkje er eit stort nederlag for Høgre.
Foto: Møller, Mimsy / Samfoto– Fordi eg meiner staten skal halde seg så langt unna kva avgjerder mor og far tek.
Det er likevel ikkje eit stort tap for Høgre, ifølgje Heggelund.
– Dette er ikkje eit stort nederlag. Vi har hatt mange og store debattar også i Høgre om dette, men eg er personleg imot, seier han.
- Les meir: