Spår likedelt foreldrepermisjon

NHO er uroa over at fedrar tek ut mindre pappapermisjon og spår ei todeling som mogleg løysing. LO delar bekymringa og diskuterer eit liknande forslaget denne veka.

pappa morten søndenå og solveig

PAPPAPERM: Morten Søndenå er ute i si første veke av pappapermisjonen saman med vesle Solveig. For han var det naturleg å dele permisjonstida meir eller mindre likt med mor.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Det var ein vinn-vinn situasjon for oss. Kjærasten min Signe ville tilbake i jobb og eg ville vere heime med ungen, seier Morten Søndenå.

For det unge foreldreparet var det heilt naturleg å dele permisjonstida meir eller mindre likt. Men ikkje alle foreldre går for den same løysinga.

Tal frå NAV viser at norske fedrar har tatt ut ein mindre del av foreldrepermisjonen etter at regjeringa reduserte fedrekvoten frå 14 til ti veker. Det bekymrar næringslivet sin hovudorganisasjon NHO.

Kristin Skogen Lund

LIKESTILLING: NHO-leiaren er ikkje negativ til ein likedelt permisjon.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix

– Det er uheldig om det set seg eit slikt mønster i familiane. Om vi derimot delar permisjonen meir likt vil også forsørgaransvaret i familien og yrkeskarrieren bli meir likestilt, seier NHO-leiar Kristin Skogen Lund.

Ho meiner det ikkje er usannsynleg at foreldrepermisjonen om få år kan ende opp likedelt mellom far og mor.

– Vi vil nok over tid vere villig til å gå mot eit forslag som nærmar seg ei todeling, seier ho.

Vil ha ei likare fordeling

I likskap med NHO er også LO for ei større kvote til far. På LO-kongressen denne veka vert fleire forslag innan familie- og likestillingspolitikk diskutert.

Blant anna har Handel og kontor fremja eit forslag om ei tilnærma lik deling mellom far og mor.

– Vi ynskjer ei tredeling der både mor og far får 40 prosent og dei siste 20 prosentane kan delast foreldra i mellom, forklarer Christopher Beckham, 2. nestleiar i forbundet.

Han peikar på at dette ikkje berre er god likestillingspolitikk, men også eit gode for familiane.

– Vi har forsking som viser at det er viktig for barnet å vere saman med far det første leveåret, seier han.

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP) mottar en offentlig utredning om den samlede støtten til barnefamiliene.

RAPPORT: Barne- og likestillingsminister Solveig Horne tok imot 6. mars ei utgreiing om statleg støtte til barnefamiliar. Leiaren i utvalet Anne Lise Ellingsæter foreslår blant anna todelt foreldrepermisjon.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Forslag på høyring, men ingen av partia er for

I mars kom regjeringa sitt barnefamilieutval med ei rekkje forslag til ny politikk for støtte av barnefamiliar. Blant anna foreslår dei å dele permisjonen i to like delar.

– Vi har foreslått ein individuell rett til foreldrepengar mellom far og mor. Mor får tre veker før fødsel og seks veker etterpå. Resten av dei 40 vekene vil vi dele likt på foreldra, forklarar leiaren i utvalet, Anne Lise Ellingsæter.

Forslaget er på høyring, men ingen av partia på Stortinget har gått inn for eit forslag der permisjonen delast likt.

På landsmøtet til Venstre og Arbeidarpartiet vart det fremja forslag om todelt permisjon, men ingen av stadane fekk forslaga gjennomslag.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger