Hopp til innhold

Støre pustar letta ut etter EØS-vedtak

Ap-leiar Støre og LO-leiinga er letta etter Fellesforbundets EØS-vedtak. Dei som ville skrote EØS-avtalen vann ikkje fram. – Dette lever eg godt med, seier Støre.

Fellesforbundets landsmøte 2019

Forbundsleiar Jørn Eggum og Ap-leiar Jonas Gahr Støre kunne puste letta ut då resultatet av avstemninga var klart. Bildet er frå Fellesforbundets landsmøte tysdag.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Fellesforbundet i LO vedtok på sitt landsmøte i dag at dei vil ha ei offentleg utgreiing om alternativ til EØS-avtalen.

Men eit delt landsmøte gjekk ikkje så langt som dei ivrigaste EØS-motstandarane ville.

For sjølv om vedtaket peikar på at EØS-avtalen har skapt ei rekke problem i den norske arbeidsmarknaden, slik som sosial dumping og lågtlønskonkurranse, seier det ikkje at målet er å melde Noreg ut av EØS.

Støre fornøgd

Arbeidarpartiet støttar opp om EØS i sitt politiske program. Eit press frå LO før neste stortingsvalg om å melde Noreg ut kunne blitt krevjande for partiet. Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre vitja sjølv Fellesforbundets landsmøte tysdag og kom med ei klår åtvaring til dei som vil ta Noreg ut av EØS-samarbeidet.

I dag er han nøgd med utfallet.

– Bodskapen frå dette landsmøtet er eit veldig klart krav om ei opprydding i norsk arbeidsliv. Det blir ei hovudsak for Ap. Eg er glad for at Fellesforbundet slår ring om den avtalen vi har og ikkje vil at vi skal melde oss ut av den. Å rydde opp i vårt arbeidsliv krev politikk i Noreg, då er det regjeringa vi må bytte, seier Støre til NRK.

– Men du fekk jo skjølv mykje kritikk då du vitja landsmøtet, deler eigentleg Fellesforbundet din analyse av dette?

– Resultatet er heilt klart. Det er eit resultat eg lever veldig godt med. Dei avviste å seie nei til EØS.

Delt landsmøtesal - tydeleg fleirtal

Onsdag morgon kom innstillinga frå redaksjonskomiteen i Fellsforbundet som har arbeidd med vedtakstekstane.

Den spegla eit delt landsmøte.

Fleirtalet ønskte ei utgreiing av alternativ til EØS-avtalen. Mindretalet ville at forbundet skulle gå lenger og vedta at Noreg skal utgreie spørsmålet «med sikte på å seie opp EØS-avtalen».

Då avrøystingsresultatet var klart var likevel marginen klar. 300 av delegatane støtta forslaget om ei grundig utgreiing, mens 218 ville at forbundet skulle vedta at Noreg siktar på å melde oss ut av EØS.

8,5 på skalaen

Og det resultatet gjorde at fleire enn Støre var letta. Leiar Jørn Eggum i Fellesforbundet meiner eit vedtak med sikte på å melde Noreg ut ville vore svært uheldig.

– Det hadde blitt ein negativ situasjon. Det er ikkje fellesforbundsk å krevje ei utgreiing og så har vi bestemt oss på førehand kva som skal skje med den. Viss du skal krevje ei utgreiing må du først få gjort den, få kunnskap og avdekke det utgreiinga avdekkar, så må du ta ei avgjerd om dette står seg eller ikkje.

– Kor letta er du?

– På ein skala frå 1 til 10? Åtte og ein halv!

Fellesforbundets landsmøte 2019

Forbundsleiar Jørn Eggum og nestleiar Steinar Krogstad i det resultatet av avstemninga blir presentert onsdag føremiddag.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

LO-leiar Hans Christian Gabrielsen vil heller ikkje at Noreg skal gå ut av EØS. Han var til stades på landsmøtet og veit godt at det Fellesforbundet vedtek veg tungt i LO-familien.

– Eg er glad for at det vart eit så stort fleirtal, seier Gabrielsen til NRK.

Han legg vekt på at det likevel er eit vedtak som oppfordrar til politisk handling.

– Det er eit kraftfullt signal frå grasrota i norsk arbeidsliv om at det må bli tatt tak for å sikre at dagens arbeidsliv skal vere eit godt arbeidsliv framover. Vi skal aldri vere redd for kunnskap. Ein bør sette i gang med å innhente meir kunnskap i tråd med det som det blir bede om her.

Alle finn noko å glede seg over

Både EU-kritiske og EU-venlege politikarar finn noko å glede seg over i dagens vedtak.

– Kravet om ei utgreiing av alternativ til EØS er eit forslag som SV vil jobbe for å verkeliggjere, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Han får støtte i sin analyse frå Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Beskjeden frå Fellesforbundet er krystallklar. Vi kan ikkje kan gje meir makt over den norske arbeidsmarknden til EU, vi må ha nasjonal kontroll på den. Det har aldri vore eit tydelegare vedtak i Fellesforbundet enn det vi ser no, seier Vedum til NRK.

Men også den EØS-postive næringsministeren Torbjørn Røe Isaksen (H) er fornøgd med utfallet av landsmøtet på Youngstorget.

– Det er veldig bra! Fordi EØS er så viktig for norske arbeidsplassar. Så å forsøke å gjenta Brexit-kaoset ville vere veldig dårleg nytt for eksportretta næringsliv over heile landet.

– Så er det samtidig ei påminning, vedgår han. – Vi som er varme tilhengarar av EØS må vise fram korleis vi brukar det handlingsrommet vi har, ikkje minst for å slå ned på useriøse aktørar i arbeidslivet som utkonkurrerer vanlige norske verksemder.

Hans regjeringspartner KrF, som alltid har vore mot EU og før EØS, uttrykker også glede over at Fellesforbundet ikkje vedtok utmelding. Mens FrP denne gongen langt på veg seier seg einig med eit LO-forbund:

– Det at det vart så jamt viser tydeleg at EØS-avtalen treng justering. FrP ønskjer å reforhandle delar av avtalen, seier Erlend Wiborg (FrP) som er leiar for Stortingets arbeids- og sosialkomite.

AKTUELT NÅ