Hopp til innhold

Støre om Tønne-saka: – Klandrar meg sjølv for at eg ikkje greip inn

– Pressa skal drive fram varslarsaker. Det er viktig å slå fast og slå ring rundt det. Men omfanget og det massivet trykket i dekninga av ein del saker, er det ingen som tek ansvar for, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre på eit debattmøte onsdag.

Arbeiderparti-leder Jonas Gahr Støre mener til tider at omfanget og tempoet i media er voldsomt.

VIDEO: Jonas Gahr Støre i debatt om media si rolle i varslingssakene.

I eit debattmøte på Kulturhuset i Oslo onsdag kveld var Jonas Gahr Støre klar på at norsk presse har hatt ei viktig rolle i å drive fram varslingssakene i dei politiske partia dei siste vekene.

Han understreka samstundes at omfanget og tempoet kan vere eit problem for menneske som blir ståande i stormen.

Støre viste blant anna til Tore Tønne-saka i 2002. Den tidlegare Ap-ministeren vart etterforska av Økokrim i samband med ein jobb han hadde gjort for eitt av selskapa til Kjell Inge Røkke mens han framleis tok imot etterløn for jobben som tidlegare helseminister.

Tre veker etter det første medieoppslaget om saka, tok Tønne sitt eige liv.

– Summen av alt

– Den massive mediedekninga var kritisk for han. Konsekvensane trekkjer vi ofte i ettertid, men tenkjer de på slike ting under vegs? Det var framside etter framside om saka. Det er det massive trykket, det er summen av alt som blir publisert, det er dramaturgien og bildebruken, sa Ap-leiaren til journalistane og redaktørane i panelet og i salen.

Støre fortalde at han snakka med Tore Tønne to dagar før han døydde, og at han då oppdaga kor katastrofalt medietrykket hadde verka på han.

– Eg klandrar meg sjølv for at eg ikkje greip inn den gongen, sa partileiaren.

F.

VG OG DN: Støre i debatt med blant andre Kjetil B. Alstadheim, politisk redaktør i DN, og Gard Steiro, sjefredaktør i VG. I tillegg deltok Tone Tveøy Strøm-Gundersen, nyhetsredaktør i Aftenposten, Lena Lindgren, politisk redaktør i Morgenbladet og stortingsrepresentant Henrik Asheim (H).

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Støre forsvarte måten partiet har behandla varslingane om tidlegare Ap-nestleiar Trond Giske på, og sa at partiet i dette arbeidet hadde teke føre seg dei enkelte sakene og ikkje «alt rundt».

Han roste pressa for å ha vore med på å drive fram sakene, men sa samstundes at den interne behandlinga av varslingssakene ikkje var påverka av det.

Ein tung periode

Han vedgjekk også at den siste tida har vore tung for han personleg.

– Vi som tek på oss toppjobbar blir ofte motiverte av stress og hardt arbeidspress. Men dei siste seks vekene har vore tunge. Det er blytungt å høyre historiene, men det er også veldig tungt at ein kollega har kome i ein slik situasjon. Det er tungt å leie eit parti med djup uro og stor fortviling. Men eg vil samstundes seie at vi no har konkludert i saka, slik at vi kan gå vidare, sa han.

Politisk redaktør i vekeavisa Morgenbladet, Lena Lindgren, sa på debattmøtet at det har vore over 3000 saker i norske medium om Giske-saka.

Ho stilte spørsmål om tempoet i varslingssakene har vore for høgt, og seier at det kan bli eit demokratisk problem dersom det høge tempoet også blir overført til politiske prosessar.

Ho var også kritisk til at mange redaksjonar hadde brukt mange anonyme kjelder i desse sakene.

NRK har forsøkt å kome i kontakt med familien til Tore Tønne, utan å lukkast.

AKTUELT NÅ