Hopp til innhold

Støre og Vedum med ulike signal om omstridde kablar

Regjeringa Støre har hatt makta i 100 dagar på laurdag. Tida har vore prega av koronakrise, straumkrise, og no er det usemje om omstridde havvindkablar.

Støre og Vedum summera opp 100 dagar

Støre og Vedum summerer opp dei første hundre dagane med makta i Politisk kvarter.

Foto: Simen Hunding Strømme / NRK

Opprør mot straumprisar, debatt rundt smitteverntiltak og smitterekordar har prega dei første 100 dagane til statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

I dag møtte dei til Politisk kvarter for å summere opp den første økta, og der vart dei usemje om havvindkablar.

Når det er stor motstand mot å bygge ut verna vassdrag eller meir vindkraft på land, er gjerne havvind svaret.

Men kor skal krafta frå denne havvinden gå?

Vedum vil ha krafta og kablane rett til Noreg, medan Støre er meir open for ein hybridkabel som skal både gå til Noreg og utlandet.

– Målet til regjeringa er at når vi skal bygge ut kraft skal det betre kraftbalansen i Noreg, seier Vedum.

Vedum er tydeleg på at dei ikkje skal legge opp til ein eksport av straum.

– Hovudpoenget med store og nye utbyggingar til havs, er nettopp å sikre ein betre kraftbalanse i Noreg.

– Er du like sikker som Vedum på at straum frå norsk havvind utelukkande skal til Noreg?

Om ei havvindmølle som produsera kraft i havet har moglegheit til å kople seg opp andre stadar i eit nettverk, som kjem til å utvikle seg i Nordsjøen, vil eg ikkje seie nei til her og no.

Vil ikkje kutte kablane

Eit anna tema som vart diskutert var om straumkabelen skal strupast att eller ikkje.

I går var Støre i Tyskland og besøkte forbundskanslar Olaf Scholz, som inviterte til eit tettare energisamarbeid. På same tid sa fleire ordførarar til NRK at tida er inne for å reforhandle avtalen som gjer at vi sender straum gjennom kablar til utlandet.

– Vi meiner det er ei opning for at når det går utover allmente interesser, så kan ein gjera endringar og kanskje strupa att på kablane til utlandet, sa tidlegare Sauda-ordførar Torfinn Opheim (Ap) til NRK i går.

– Eg skjønar dei veldig godt, og det sa eg også til dei eg snakka med i Tyskland. Eg forklarte korleis denne energikrisa slår ut i Noreg, seier Støre.

– Å reforhandle avtalar blir ikkje aktuelt?

– Vi skal gå igjennom det. Men det er ikkje eit enkelt svar å strupe kablane og stenge all energiutveksling. Vi må gå igjennom og sjå korleis denne krafteksporten fungerer og korleis dette påverkar straumprisane, svarar Støre.

Les også:

Dårleg samvit for dei unge

Ei gruppe som Støre har dårleg samvit for etter 100 dagar som statsminister, er dei unge.

– Dei som byrja på vidaregåande eller på studiar etter hausten 2019 og som fekk korona midt inn i livet sitt. Dei har ikkje fått ei ungdomstid som dei burde få. No håpe eg at vi kan få normal skulekvardag, og på same tid følgje opp dei som slite, seier han og legg til:

– Det plaga meg. Det gjer vondt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger