Hopp til innhold

Storberget: – Helgesen bør vurdere stillinga si

To gongar har klima- og miljøminister Vidar Helgesen fått strykkarakter frå Stortinget i ulvesaka. No meiner Knut Storberget (Ap) at Helgesen bør vurdere å gå av.

Redegjørelse for forbvaltning av ulv på Stortinget

KRITISK: Knut Storberget (t.v) meiner klima- og miljøminister Vidar Helgesen (t.h) må innsjå at tilliten er i ferd med å ta slutt.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– I ein slik situasjon, når han ikkje vert høyrt på sitt eige forslag, sjølv ikkje av sitt eige parti, så vil ein kvar statsråd vurdere situasjonen sin, seier Knut Storberget, leiar i Hedmark Arbeidarparti.

På onsdag stemde Stortinget ned forslaget frå klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H), ei lovendring han hadde håpa skulle løyse den betente ulvestriden. Men ingen av partia ville stille seg bak forslaget, og Helgesen fekk heller ikkje støtte frå sitt eige parti.

Partikollega og stortingsrepresentant Gunnar Gundersen meiner handteringa av saka har skapt uro i partiet, og at dette er uheldig.

Ber Helgesen tenkje seg om

Knut Storberget

VENTAR: Knut Storberget (Ao) vil ikkje seie om partiet vil støtte mistillitsforslaget mot Helgesen.

Foto: Scanpix/NTB

Storberget meiner Helgesen har fått mange sjansar til å løyse ulvekonflikten, utan at han har klart å levere. Ap-politikaren er klar på kva han ville gjort dersom han var Helgesen.

– Då ville eg vurdert stillinga mi, seier Storberget, og viser til den massive kritikken statsråden har fått.

– Han har blitt instruert av Stortinget og totalt nedstemt av sitt eige parti. Då vil det vere naturleg å sjå på om han i det heile tatt føler at han har noko å gje inn i regjeringa, og i dette departementet, seier Storberget.

Helgesen er på ferie, og seier via kommunikasjonseininga at han ikkje ønskjer å kommentere saka før debatten i Stortinget tysdag.

Vil vente og høyre

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen under den muntlige spørretimen i Stortinget onsdag.

MOTSTAND: Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) fekk ikkje støtte frå stortingsgruppa til Høgre.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Senterpartiet har varsla at dei kjem til å stille forslag om mistillit til statsråden under debatten. Dei meiner Helgesen har undergrave vedtaket frå Stortinget, og at han derfor bør gå av.

Sjølv om Storberget ber Helgesen vurdere stillinga si, vil han ikkje seie på førehand om partiet støttar mistillit.

– Det synest eg er naturleg at fleire i partiorganisasjonen skal avgjere. Eg går ut ifrå at det blir klart når vi høyrer kva statsråden seier i Stortinget, og vi går til votering, seier Storberget.

Både Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne seier at det ikkje er aktuelt å støtte mistillitsforslaget. Heller ikkje Kristeleg Folkeparti vil stemme for.

– KrF har reist kritikk, men aldri tenkt at det er grunn til mistillit til Helgesen, seier partileiar Knut Arild Hareide, som meiner forslaget er meir eit politisk spel enn ein realitet.

AKTUELT NÅ