Hopp til innhold

Sterk auke i talet på konkursar i april

Talet på konkursar steig med 22,1 prosent i april, samanlikna med same månad i fjor. I Oslo steig talet på konkursar med nesten 75 prosent.

Interiørbutikken Ting går konkurs

Talet på konkursar auka sterkt i Oslo i april.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Det er konkursstatistikken til Bisnode Dun Bradstreet som viser auken. Dette er første månad med auke etter at koronaen trefte næringslivet, viser tala frå data- og analyseselskapet.

– Konkursane har lenge vore på eit kunstig lågt nivå, seier kredittøkonom Per Einar Ruud i Bisnode.

Han meiner støtteordningane har fungert bra, men at moglegheitene for stadige utsetjingar av skatte- og avgiftsinnbetalingar eigentleg berre skyv konkursane framover i tid.

– Med konkursauke i april, og mange bedrifter som så skal betale to- og tredoble skatte- og avgiftsrekningar og dessutan feriepengar om ikkje lenge, vil nok konkurstala ganske sikkert auke vidare, seier Ruud.

Stor auke i bygg og anlegg

Bygg- og anleggsbransjen, som normalt står for rundt ein av fire konkursar, har hatt færre konkursar gjennom koronakrisa – fram til no. I april var auken på 61 prosent.

Betre tal er det derimot for hotell- og restaurantbedriftene, som trass nedstengingar og skjenkjeforbod i stor grad klart seg bra. I april var det ein nedgang på 39,6 prosent i konkursar og tvangsavviklingar.

Også innan detaljhandel har det vore nedgang, 18,8 prosent i april.

Oslo og Viken dreg konkurstala opp

Alle fylke har nedgang i konkurstala, med unntak av storfylka Viken og Oslo.

Viken har hatt ein oppgang i konkursar og tvangsavviklingar med 28,2 prosent i april, medan Oslo har ein auke på heile 74,1 prosent.

Størst nedgang har Troms og Finnmark med 71,4 prosent.

AKTUELT NÅ