Hopp til innhold

Statsadvokaten legg bort sakene mot politikarane i pendlarbustad-sakene

Statsadvokaten legg bort sakene mot politikarane i pendlarbustad-sakene.

Stortinget

LEGG BORT: Statsadvokaten melder at dei legg vekk sakene mot politikarane i pendlarbustad-sakene.

Foto: Heiko Junge / NTB

Vi har vedteke å leggje bort alle sakene, seier Statsadvokat Aud Kinsarvik Gravås ved Oslo statsadvokatembete til NRK.

Ho forklarar at dei la bort sakene fordi dei ikkje har funne bevis på at det har skjedd noko straffbart eller brot på bedrageriregelen.

– Vi kan ikkje sjå at nokon av representantane som har vore under etterforsking har fått ei uretteleg vinning, altså har fått noko dei ikkje har rett til.

Sidan november i fjor har politiet etterforska om politikarane har gjort seg skuldig i bedrageri eller anna lovbrot i samband med å ha motteken pendlarleilegheit frå Stortinget.

Strafferamma er bot eller fengsel i inntil seks år.

I meldinga som NRK har fått tilgang til skriv statsadvokaten at det «ikkje på noko tidspunkt i den perioden etterforskinga gjeld, har det komme fram av ordlyden til retningslinjene at stortingsrepresentantar som eig eller disponerer bustad innanfor 40 kilometer frå Stortinget ikkje har rett til pendlarbustad».

Ifølge Granås må ein med vite og vilje ha gjort noe for å få noe du ikkje har rett til, for å dømas for bedrageri. Det meine påtalemakta at politikarane ikkje har gjort.

Det var Aftenposten som melde saka først.

Les også Hansen: – Jeg følte meg tvunget

Eva Kristin Hansen

– Krevjande tid

Granås ønskjer ikkje å svare på kven og kor mange som politiet har etterforska i saka, og viser til teieplikta.

– Fordi saka har vore gjenstand for stor mediemerksemd, opplyser vi heller ikkje kor mange det gjeld, fordi dei som har hatt status som mistenkt då relativt lett kan identifiserast, skriv ho til NRK.

I ein e-post til NRK seier Stortingspresident Masud Gharahkhani at det er godt beskjeden kom før jul.

– Eg tek bortlegginga til etterretning og er glad for at politiet har konkludert. For dei det gjeld er det godt at denne beskjeden kjem før jul.

Etter at statsadvokaten bad politiet starte etterforsking i november i fjor, kom meldinga om at dåverande stortingspresident Eva Kristin Hansen gjekk av.

I dag har også politiet lagt bort etterforskinga av Hansen.

Eva Kristin Hansen da hun ble konstituert av det 166. storting i september 2021.

Tidlegare stortingspresident Eva Kristin Hansen seier det har vore ei krevjande tid.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Ho måtte gå av som stortingspresident etter kritiske saker om pendlarbustadbruken hennar. Saka er no lagd bort som då dei ikkje fann bevis for straffbare forhold.

Politikaren seier det har vore ei krevjande tid.

– Eg har i over eitt år vore under eit konstant press om Stortingets ordningar, vorte skulda for mykje og har tidvis hatt ein mediestorm som har vore svært krevjande, seier Hansen til NTB.

– Fleire medium har hatt feilaktige oppslag om meg, som eg meiner bør følgjast opp, seier den tidlegare stortingspresidenten.

Les også Trond Giske har fått skattesmell på mer enn 260.000 kroner

Trond Giske

Uheldig for demokratiet

Hansens advokat John Christian Elden skriv i ei pressemelding at Hansen nå er frifunne.

– Dette er ei heilt klar frifinning av Hansen, der statsadvokaten både legg til grunn at ho har følgt regelverket slik det måtte forståast og i samsvar med mi oppfatning då ho vart tvinga til å trekkje seg som Stortingspresident i fjor.

NRK forklarer

Kva er pendlarbustad-saka?

Kva er pendlarbustad-saka?

Stortinget eig 143 leilegheiter i Oslo. Desse er meint til å dekke bustadbehovet til stortingsrepresentantar som er folkeregistrert eller faktisk busett meir enn 40 kilometer i køyrelengde frå Stortinget, ifølge regelverket.

Kva er pendlarbustad-saka?

Det betyr at viss ein politikar som er busett i Troms blir valt inn på Stortinget, skal vedkommande kunne bu i Oslo utan at dei blir påført ein stor ekstrakostnad knytt til bustad.

Kva er pendlarbustad-saka?

For å disponere ein pendlerbustad er det krav om at ein sjølv bur der. I tillegg kan også andre medlemmar av familien bu der, så lenge ein sjølv gjer det.

Kva er pendlarbustad-saka?

Etter at Aftenposten 5. september avslørte at KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad hadde brote regelverket om pendlarbustadar, har det blitt meldt om fleire andre politikarar som heller ikkje har følgt reglane.

Kva er pendlarbustad-saka?

Riksrevisjonen har varsla at dei vil gå gjennom alle pendlarbustad-sakene. Stortingets administrasjon skal også gå gjennom alle enkeltsakene om moglege brot på reglane.

 

Stortinget har i tillegg sett ned eit eksternt utval som skal gå gjennom reglar, retningslinjer og praksis.

Kva er pendlarbustad-saka?

18. november kunngjorde Oslo politidistrikt at dei vil starte etterforsking pendlarbustad-sakene, noko som førte til at stortingspresident Eva Kristin Hansen trekte seg.

 

Oslo Statsadvokatar viser til «seks namngitte stortingsrepresentantar».

Han skriv at bortlegginga kjem eitt år for seint, fordi saka har vore heilt avgjerande for Stortingets samansetning og arbeidsform. Det meiner han er uheldig for demokratiet.

– Eva Kristin Hansen er svært letta over at det no er fastslått at ho aldri har kravd eller fått gode frå Stortinget som ho ikkje hadde krav på, og at straffesaka mot henne no er avslutta som ingen straffbart forhold, seier Elden.

Skatteetaten vedtok i oktober at 28 politikarar måtte etterbetale skatt. 10 fekk tilleggsskatt på toppen. Berre et fåtal har valt å stå fram.

AKTUELT NÅ