NRK Meny
Normal

Sponheim pressar regjeringa

Lars Sponheim
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Venste og KrF sler no fast at eit stortingsforlik om norsk tryggleikspolitikk står og fell på regjeringa sin vilje til å halda på Forsvaret sitt hovudkvarter på Jåttå utanfor Stavanger.

Blir inga forlik

Vestre og KrF gjer det heilt klart at eit forlik er avhengig av om regjeringa skiftar standpunkt når det gjeld flyttinga av hovudkvarteret frå Jattå til Bodø.

- Det blir ikkje noko forlik dersom regjeringa står på standpunktet om å flytta FOHK fra Jåttå til Bodø, sler Lars Sponheim (V) fast ovanfor Stavanger Aftenblad.

Han seier vidare at eit avgrensa forlik, der Jåttå ikkje er med, har inga verdi. - Deira standpunkt ligg heilt fast, FOHK skal vera på Jåttå, seier Sponheim.

Det tener NATO og difor tener det Norge òg, sier også Gunnar Kvassheim frå Venstre.

Hardt press

I Stortinget onsdag opna også forsvarsministar Anne-Grete Strøm-Erichsen (AP) for dialog med opposisjonen om Jåtta-spørsmålet.

Etter hardt press i Stortinget sin spørjetime kom uttalen, både frå KrF, Venstre og Høgre, skriv avisa.

Les også: - Hun skremmer folk til taushet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger