Hopp til innhold

Sp, Ap og SV lovar å gjenopne nedlagde domstolar

Med ein raudgrøn trio i regjering går det mot reversering av domstolsreforma, lovar Jenny Klinge i Senterpartiet.

Jenny Klinge

Jenny Klinge (Sp) håpar at valet vil gi grunnlag for å gjere om domstolsreforma og gjenopne stengde tingrettar.

Foto: Heiko Junge / NTB

Klinge, som i 12 år har representert Senterpartiet i justiskomiteen på Stortinget, seier til Klassekampen at om partiet hennar kjem i regjering, vil dei setje ein strek over domstolsreforma som vart vedteken før jul i fjor.

Reforma tredde i kraft 1. mai i år. Talet på tingrettar vart reduserte frå 60 til 23, og talet på jordskifterettar frå 34 til 19.

Då Stortinget i fjor vedtok å leggje ned 37 tingrettar og 15 jordskifterettar, stemde opposisjonen imot.

– Vi skal gjenopne alle domstolane. Sp er heilt tydeleg på det. Absolutt alle, seier Klinge.

Norges lover i rettssal

Då Stortinget vedtok å leggje ned 37 tingrettar, stemde opposisjonen imot. No lover både SV, Ap og Sp å reversere reforma, om dei tre partia kjem til makta etter valet.

Foto: Gorm Kallestad / SCANPIX

Lovar rask snuoperasjon

– Så snart vi kjem i regjering skal vi gå i gang med det. Allereie før årsskiftet, kanskje òg tidlegare i haust skal dei gjenopnast, seier Klinge.

Også Ap vil ha tilbake dei tidlegare domstolane, seier justispolitisk talsperson Lene Vågslid. Det same stadfestar SVs Freddy André Øvstegård overfor Klassekampen.

Lene Vågslid (Ap)

Lene Vågslid (Ap) er leiar for Stortingets Justiskomite.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Bakteppet for reforma er eit forslag frå Domstolskommisjonen, som i fjor gjekk inn for eit drastisk kutt i talet på tingrettar i Noreg.

Kommisjonen ville redusere talet på rettskrinsar frå 60 til berre 22 og samtidig halvere talet på rettslokale.

Dette meinte regjeringspartia at var å gå for langt. Dei foreslo derfor å behalde alle rettslokala, men å kutte i administrasjonen. Dét forslaget vart vedteke av Stortinget i fjor.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger