Hopp til innhold

– Det er dei svake som får gjennomgå

Frp-nestleiar Terje Søviknes lova at legevaktordninga ikkje skulle rørast. No vil han som ordførar legge ned den kommunale akuttberedskapen i deler av kommunen han styrer.

Terje Søviknes og Øystein Tholo

MISNØGDE: Øystein Reiersen Tholo (t.h.) tykkjer lite om at Frp og Terje Søviknes no vil bryte valløfte for å spare pengar i Bjørnafjorden kommune i Vestland.

Foto: Skjermdump / Facebook

– Eg synest det er spesielt at han ikkje skal klare å stå inne for valprogrammet. Det er dei svake som får gjennomgå.

Det seier Øystein Reiersen Tholo til NRK.

Han er ein av fleire innbyggarar i den gamle kommunen Fusa som no reagerer sterkt på at Framstegspartiet har snudd sidan valkampen i haust.

Partiet gjekk til val i nye Bjørnafjorden kommune på å oppretthalde legevakttilbodet både på Os og i Fusa.

– Slå ring rundt legevakta, står det å lese på valvideoen som Frp delte før valet i september.

Dyrare enn planlagt

No har ordførar Terje Søviknes og Frp lagt fram eit budsjettforslag der nedlegging av legevakta på Eikelandsosen i Fusa er høgst aktuelt for å spare pengar.

Han stadfestar at dei gjekk til val på å slå ring rundt legevakta på Eikelandsosen og på Os.

– Men utfordringa er at den modellen som er etablert, der ein hentar inn legar som går Nordsjøturnus, har ein veldig høg kostnad, seier Søviknes.

Han syner til at ordninga kostar 4 millionar meir enn dei 3,5 millionane som det vart budsjettert med, seier Søviknes.

Terje Søviknes på Frps valgvake

Terje Søviknes under valvaken til Bjørnafjorden Frp 11. september i år. Partiet hans fekk 34,8 prosent av røystene, ein oppgang på 2,9 prosent i høve valet i 2019.

Foto: Eskil Wie Furunes/NRK

– Må sjå på tiltak

– Men forstår du at folk er skuffa over at Frp bryt lovnadene de gav i valkampen?

–Eg forstår at folk gjerne vil behalde det tilbodet dei har i dag, men vi må sjå på tiltak når kostnadene har vorte så høge, seier ordføraren.

Terje Søviknes blei vald som ordførar i Bjørnafjorden etter valet i haust, men han er også framleis 2. nestleiar i Framstegspartiet.

For Tholo som bur i bygda Strandvik vil det bety mykje lenger reisetid for å kome til legetenester utanom kontortid.

Særleg når ferja sluttar å gå om kvelden vil køyreturen frå til dømes Strandvik til kommunesenteret Osøyro vere over ein og ein halv time.

– Det vil føre til store konsekvensar for oss som bur her i ytterkanten av kommunen, hevdar Tholo.

Skal protestere

Særleg i Nord-Norge har det den siste tida vore eit fokus på akuttberedskap, men då særleg knytt til sjukehusa.

Fleire stader har folk samla seg til fakkeltog og protestar mot kuttplanar. No fortel Øystein Tholo at dei gjer det same for legevakta i Fusa.

– Komande søndag samlar vi oss i protest mot forslaget om nedlegging, seier Tholo.

Det har blitt utarbeidd ein analyse av kva som kan erstatte den døgnbemanna legevakta i Fusa.

Blant anna skal det no vurderast om det kan løysast med å ha ein sjukepleiar på jobb. Han eller ho skal kommunisere med legar andre stader når det kjem inn folk som er sjuke.

– Alvorleg

Men for Øystein Tholo og andre i gamle Fusa kommune NRK har snakka med, er ikkje det ei god nok løysing.

Det er ikkje meir enn nokre veker sidan han sjølv blei henta i ambulanse heime og køyrd den lange vegen til sjukehus i Bergen.

– Eg forventar at politikarane innser kor alvorleg dette er og at dei verkeleg går i seg sjølv og finn andre måtar å spare pengar på enn å legge ned det viktigaste vi har, seier Fusa-mannen.

Les også 200 leger slakter helseforetak: – Dette vil rasere sykehustilbudet i nord

Anette Fosse

Les også Overleger i Lofoten reagerer på «hemmelige» kuttplaner fra Helse Nord

– Vi kjemper for trygghet, bosetting og vekst. Sykehuset er en viktig premissleverandør for dette i Lofoten, sier overlegene Sven Kindler, Bettina Heerman og Robert Hammer ved Nordlandssykehuset i Lofoten.

Les også Landet med kronisk legemangel

Legestudenter er usikre på fastlegeyrket

AKTUELT NÅ