Legestudenter er usikre på fastlegeyrket
Foto: Stein Roar Leite / NRK

Landet med kronisk legemangel

Noreg har hatt legemangel i 80 år, byggjer sjukehus for titals milliardar, men utdannar altfor få doktorar. Legetopp meiner at folk flest må ta seg saman for å løyse krisa.

– Det er ei skam at Noreg ikkje klarer å utdanne sine eigne legar, seier landets kanskje travlaste fastlege, André Liepelt.

Over 200.000 nordmenn står utan fastlege. Me utdannar dryge 700 legar i året, under halvparten så mange som i Danmark.

Så dette kan ta tid. Og koste landet enorme summar.

For vikarar kostar opp mot 300.000 kroner – i veka (!).

Men legemangelen er langt frå ny, den har avisene skrive om i snart 80 år.

Mellvin Steinsvoll i bil framfor Samvirkelaget i Eresfjord. Steile, snøkledde fjell i bakgrunnen. Isdekt parkeringsplass. Pensjonisten har rulla ned vindauget.

ERESFJORD: Her er det nær umogleg å få fastlege. Pensjonist Mellvin Steinsvoll finn parkering rett ved inngangen på bygdas butikk.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

«Der ingen har fastlege»

Eresfjord i Romsdal er kjent for ein verdsmeister i sykling og Eira-vatnet sitt. No er dei også «bygda der ingen skulle tru at nokon kunne få fastlege».

– Det er heilt j...! Men det er verst for dei med ungar, seier ei godt vaksen dame på samvirkelaget.

– Og for pensjonistar utan førarkort, tilføyer Mellvin Steinsvoll.

79-åringen har parkert bilen tett opptil døra på butikken. Det er hålke og langt til lege om uhellet er ute.

Mellvin Steinsvoll sitt på samvirkelaget og prater med butikkansatt Aud Svensli. På kafebordet står gule roser og i bakgrunnen skimtas eit pynta joletre.

KAFEEN: Humøret er godt, trass sterk legemangel i bygda.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Ei som flytta hit for eit par år sidan er innom:

– Å få fastlege her, nei det er berre å gløyme. Eg må framleis ha fastlegen min i Ålesund.

Dit er det tre timars køyring kvar veg.

– Men kva gjer de da, når de blir sjuke?

– Me har heldigvis ikkje blitt det endå. Men det følast utrygt.

80 år gamal krise

I november 1945 fekk fredsglade nordmenn ein vekkar i VG:

Faksimile frå VG 1945 om stor legenød i landet

«Det er stor legenød i landet.»
VG 1945

Slike varsku fortsette dei neste tiåra.

VG 1962 om færre medisinske studenter

«Skremmende tall: FÆRRE medisinske studenter!

Det eneste legemiddel mot legemangelen – er å utdanne flere leger!»

VG 1962

Bergens Arbeiderblad i 1962

Legeforeningen var på si side bekymra over at det skulle bli for mange legar.

«(...) legeforeningen bekymret for overproduksjon av medisinere. Det vil nok vare lenge før legeutdanningen kan sees fra den synsvinkelen.»

Bergens Arbeiderblad i 1962

Det verker nesten som to motsette verder.

«Legeforeningen går inn for å redusere antallet studieplasser ved de medisinske skoler.»

Nordlys 1985

Aftenposten 1991 Norge må utdanne flere leger.

«Norge må utdanne flere leger (...) Distrikts-Norge sliter med en mye større legemangel.»

Aftenposten 1991

Dagbladet 1996  Legeforeningen har for mye makt

«Legeforeningen har for mye makt. Så lenge den har ansvaret får vi ikke utdannet mange nok leger og spesialister.»

Dagbladet 1996

Varden 2000 For få leger

«Norge skiller seg fra Norden de siste 20 årene ved at det kontinuerlig har vært underskudd på leger.»
Tidsskriftet 2000

«Vi utdanner for få leger, mener Norsk Studentunion. De mener myndighetene ikke må la seg styre av Legeforeningen.»
NTB 2000


I 2001 kom ordninga med fastlege. Den gjorde ikkje legemangelen mindre.

Noregs travlaste fastlege

Ein liten halvtime frå Eresfjord finst ein fastlege, nemleg André Liepelt. Han har kanskje flest pasientar i landet, men gir eit kvarters audiens.

Fastlege Andre Liepelt på Nesset legekontor i full fart gjennom korridorane.

VISITT: Fastlegen i gamle Nesset kommune har blant landets travlaste dagar. Men då NRK kom, var han presis på minuttet.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Enkelte dagar har eg vore borti 105 pasientar på ein dag. For å sitere ein tidlegare kollega: «No skifter eg tilbake til sjukehuset, for dette orkar eg ikkje lenger», fortel han.

Liepelt seier han jobbar 55–60 timar i veka, og sjeldan har tid til lunsj. Tidvis har han ansvar for 3000 pasientar, alle som bur i nedlagde Nesset kommune. Heile tida drar nye vikarar.

– Dei siste 30 åra har eg til saman hatt 125 kollegaer her. Legesenteret er flunkande nytt, med ledig plass til fire andre legar.

Denne våren er vikaren ein 74 år gamal hjartekirurg, som ikkje er allmennlege. Liepelt seier det er triveleg med vikarar, men at det tar tid å lære dei kor utstyr er, kva sjukehus som gjer kva, rekneskap – og ikkje minst: Dei kjenner ikkje pasientane.

– Å ha ein fastlege er ein av pilarane i livet. Det kan vere livreddande med ein som kjenner deg og historikken din.

Fastlege Andre Liepelt i Eidsvåg på legekontoret med jolestjerne i bakgrunnen. Han er tydelig engasjert i både ansikt og gestikulering.

ENGASJERT: Det blir mykje gestikulering når dr. Liepelt fortel om sin store lidenskap: fastlegeyrket.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Pengedrøs til vikarar

Stadig kjem det saker om fastlegar med nye lukrative avtaler.

Skjervøy kommune i Troms tilbaud 300.000 kroner i veka for ein vikarlege.
I Fyresdal i Telemark skal nye legar jobbe 18 veker, og så få fri resten av året med full lønn.

Det er fleire grunnar til krisa, ifølgje våre undersøkingar:

  • Folk blir eldre.
  • Der er meir hjelp å få. Betre medisinar og utstyr gir meir behandling for blant anna kreft, rygg- og muskelsjuke, dårleg høyrsel og overvekt.
  • Papirarbeid. Legane må no skrive ut fleire reseptar, sjukemeldingar og tilvisingar. Fastlege André Liepelt må gjennom sju elektroniske postkasser kvar dag.
  • Fritid. Legar i dag ønsker seg i større grad både fritid og tid til familien.
  • Me går oftare til lege. Så ofte at ein fylkeslege i romjula bad folk om å prøve kjerringråd før dei gjekk til legen.
Statistikk frå SSB som viser at antall legebesøk har stige frå 2,5 konsultasjonar per person til 3 per person sidan 2010.

STERK AUKE: Sidan 2010 har nordmenn årleg gått ein halv gang oftare til legen. Det blir nær 3 millionar ekstra legebesøk i året.

Grafikk: SSB

Som ein fastlege seier: – Det vil alltid vere eit utømmeleg behov for legar. Dei kongelege er gullstandarden, med eigen livlege.

Så kvifor utdannar me ikkje fleire?

Løn som Erna

– Det kan hende at Legeforeningen har hatt interesse av eit visst avgrensa tal på legar av lønnsmessige årsaker, seier fastlege Liepelt.

Da han starta på medisin i 1984 gjekk talet på studentar ned i Bergen, av bekymring for at det skulle bli for mange legar.

Det blei det altså ikkje.

MANKO: Noreg utdannar 450 legar for lite, når dei utdanna i utlandet også er rekna med.

MANKO: Noreg får kvart år 350 legar for lite, når dei frå utlandet også er rekna med.

Grafikk: Den norske legeforening

Tidlegare generalsekretær i Den norske legeforening, Magne Nylenna, peikar på at alle fagforeiningar har eit visst vern av eigne interesser.

Det ser ut til å ha gitt resultat.

Gjennomsnittleg bruttoinntekt for fastlegane var 1.710.000 kroner i 2020. Det var om lag det same som statsministeren.

Legeforeininga har snudd

– Eit augneblikk, så skal eg komme meg inn på kontoret.

Nils Kristian Klev har nokre minutt mellom møte om fastlegekrisa. Han er leiar av Allmennlegeforeningen – ein del av Legeforeningen med 8000 legar.

Klev fortel at 10 prosent av fastlegane jobbar over 75 timar i veka – altså dobbelt så mykje som vanleg. Snittet ligg på 56 timar.

Nyleg meldte eit legesenter i Trondheim med 3200 pasientar at dei stenger, grunna stadig aukande jobbmengde.

Nils Kristian Klev, leder for Allmennlegeforeningen

LEGETOPP: Nils Kristian Klev er leiar for Allmennlegeforeningen

Foto: Hans Ludvig Andreassen / NRK

Sjølve jobben som fastlege er fantastisk. Men uhandterbar arbeidsmengd har ført til at erfarne legar sluttar, og unge legar kvir seg for å bli fastlege. Det trengst fleire fastlegar for å få ned jobbmengda, seier Klev.

– Kvifor utdannar me ikkje fleire legar da?

– Det har vore politisk styrt. Det viktige er at me får attraktive vilkår i det offentlege. Det hjelp ikkje å utdanne fleire, om legane ikkje vil jobbe der dei trengst.

– Men dei vil vel det om dei må ha jobb?

– Jo, om ein tenker at ein kan mette behovet, men legar vil også vere attraktive for private helsetenester, konsulentar, forsikring og liknande.

– Kvifor har Legeforeningen historisk vore så kritiske til å utdanne fleire legar?

– Godt spørsmål. Det var før mi tid. Det har vel vore vanskeleg å sjå for seg at det skulle bli så stort legebehov.

I dag utdannar Noreg berre halvparten av legane me treng. Resten går utanlands i Polen, Ungarn og Slovakia – land med lite allmennmedisin på pensum.

Eit utval tilrådde i 2019 at Noreg snarast får 440 nye studentar på medisin.

Legeforeininga støttar no dette.

Legestunder med bamsesykehus

STUDENTAR: Dette biletet er neppe heilt typisk for studiet. Det trengst meir enn ballongar for å utdanne ein lege.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

«Det tar ein landsby for å utdanne ein lege»

Det kostar å utdanne ein lege. Seks års studium, lærarar med legelønn, utstyr å øve seg på, sjukehus-aktige skulerom.

Om ein skulle utdanne 440 nye legar – ville det kosta minst 1,5 milliardar kroner ekstra i året. I tillegg til investeringar på over ein milliard.

Samtidig svir Noreg av skyhøge summar på helse:

Faksimile NRK
Faksimile NRK

Fastlegevikarar kosta landet nær 1 milliard kroner ekstra, berre i fjor.

Faksimile Adresseavisen
Faksimile Adresseavisen

Det nye IT-systemet til Helse Midt-Norge har kosta over 4 milliardar, før det nyleg blei sett på vent.

Faksimile NRK
Faksimile NRK

Det nye Oslo-sjukehuset, som mange fagfolk er mot, kan koste over 50 milliardar kroner.


– Helseministrar er meir glad i å opne sjukehus til 50 milliardar kroner, enn å prioritere fastlegane, seier professor i samfunnsmedisin, Magne Nylenna.

Les svara frå statsrådane til slutt i saka.

– Legar har blitt politi

Nylenna er ein av dei få intervjua i denne saka som ikkje har det så travelt. Pensjonisten er på ferie på Tenerife, men pratar som ein sunnmørsk storm om fastlegekrisa.

Professor emeritus Magne Nylenna, portrett med grønn bakgrunn.

NESTOR: Magne Nylenna er professor emeritus i samfunnsmedisin ved UiO, samt tidlegare generalsekretær i Den norske legeforening og fagdirektør i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Øivind Larsen

Han trur ikkje at løysninga ligg i å lage fleire legar.

– For få land i Europa har fleire legar per innbyggjar, berre Hellas og mogleg Portugal, seier Nylenna. Han peiker på tre nøklar:

1. Mindre politiarbeid for legane.

Nylenna meiner at ordninga med fastlege funka flott dei første ti åra. Men at både kommunane og legane blei drukna i stadig fleire oppgåver.

– Fastlegar i dag er politi for skulane og Nav: Bekrefte at skuleelevar er forkjølt, masse attestar om trygd og blåreseptar til handikap-parkeringar. Dei blir kvelt av alle skjemaa.

2. Mindre fokus på sjukehus.

Professoren kallar Helsedepartementet for Sjukehusdepartementet.

– Regjeringane har i altfor stor grad har prioritert sjukehusa, medan førstelinja – fastlegane – har blitt nedprioritert.

3. Senke folks forventningar.

Den tidlegare legetoppen meiner det er nok legar i landet, så lenge byråkratiet går ned og folk ikkje går så ofte til legen.

– Me har så mange legar fordi me har råd til det, ikkje fordi me er sjuke. Eg pleier spøkefullt å seie jo fleire juristar jo fleire lovbrot – og tenker at fleire legar jo meir medisinering.

– Testar og skopi i begge endar!

Men får ikkje nordmenn, og da særleg menn, støtt høyre at dei bør gå oftare til legen?

Korleis skal ein senke krava til helsevesenet – i eit av verdas rikaste land?

– Eg trur det særleg er ein jobb for helsevesenet sjølv. Å forklare at ikkje alle 70-åringar kan gå Birkebeinaren eller at ikkje alle 80-åringar kan sykle.

Nylenna trur det er smart å gå ned på talet på kontrollar, til dømes kvar sjette månad framfor kvar tredje.

– Me må akseptere at mennesket ikkje er maskinar. Det er normalt med litt vonde kne som 70-åring og hyperaktive barn har det alltid vore – utan diagnose. Og det meste går jo over av seg sjølv!

– Men er me ikkje rike nok til å ha så mange legar at me slepp å bekymre oss?

– Jo, men jo meir me sjekkar, jo meir bekymra blir me. Det er test av kne og blod og MR og CT og skopi i begge endar! Det skapar jobb for legane og bekymring for folk flest – utan at helsa blir betre av det.

Helsenestoren trur mange har godt av å vere lykkeleg uvitande.

Siste melding

Men bygdefolket i Eresfjord er ikkje lykkelege utan ein lege å gå til. Der har det blitt mykje vanskelegare å bli sjuk dei siste åra.

Mellvin Steinsvoll heime i Eresfjord, med kvitkledde fjell og ein maskinpark i bakgrunnen.

BETALINGSVILLIG: Mellvin Steinsvoll har vore kreftsjuk fleire gonger. Han er villig til å betale for å kunne ha betre tilgang til lege i distriktet.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Anten må dei finne lege til oss, eller så få ein berre seie at det ikkje skal bu folk i distriktet, seier Mellvin Steinsvoll.

Før hadde dei eigne doktordagar i distriktet, der folk kunne dra med problema sine.

– Om det er nødvendig får me betale det som det kostar sjølv, meiner pensjonisten.

Fastlege Andre Liepelt åpner døra på kontoret i Eidsvåg. Venterom med joletre. Han smiler bredt, trass stresset.

VISITT: Venterommet var fullt etter enda audiens. Me valte å ikkje ta bilete av dei, men heller fokusere på eit joletre.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

I nabobygda er venterommet til områdets einaste fastlege fullt. NRK har brukt det tilmålte kvarteret med André Liepelt, men den travle legen rekk eit siste utbrot.

– Eg må seie noko positivt til slutt: Eg elskar denne jobben. Den er veldig tett på sjølve livet, frå gravide til fødslar til døden. Eg kunne aldri tenkt meg ein annan jobb!

Tonje Brenna og Ingvild Kjerkhol
Even Bjøringsøy Johnsen

Dette svarar ministrane: Kunnskapsminister Tonje Brenna

Kvifor smeller ikkje berre Regjeringa til med 440 nye studieplassar i medisin?

– Som vi varslet i Hurdalsplattformen, vil regjeringen trappe opp tallet på nye studieplasser i medisin fremover. Vi har prioritert medisinutdanningen ved UiT, først med 15 studieplasser i statsbudsjettet for 2022, og deretter med 30 studieplasser i årets statsbudsjett. Det har siden 2019 blitt finansiert 125 nye studieplasser.

Ingvild Kjerkhol
Even Bjøringsøy Johnsen

Helseminister Ingvild Kjerkol

– Vi har i 2023 styrka fastlegeordninga betydeleg med 920 millionar i heilårsverknad, kor mesteparten er lagd på basistilskotet. Dette legg til rette for at fastlegane kan ha kortare lister og kommunane færre utgifter.

Muntlig spørretime på Stortinget
Heiko Junge / NTB

Kunnskapsminister Tonje Brenna

Kor mange fleire studieplassar i medisin kan regjeringa love dei neste åra?

– Regjeringen har gjennom økningen de siste årene vist en vilje til å prioritere opp studieplasser innenfor medisin og dette er behov som blir vurdert fortløpende gjennom de ordinære budsjettprosessene.

(Svar via statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp))

Ingvil Kjerkol på besøk Kristiansund sjukehus
Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Helseminister Ingvild Kjerkol

– Det skal ha blitt vanskelegare å rekruttere vikarlegar som ikkje kjem via byrå. For å skaffe oss eit betre bilete av dette, har vi bedt Helsedirektoratet om å dokumentere status og utviklinga i bemanningsbyrå i allmennlegetenesta.

– Me har også bedt om ein gjennomgang av finansieringsordninga. Den fungerer i dag ikkje godt nok.