Hopp til innhold

Solberg hugsar ikkje korleis ho fekk vite om Navs praksisendring

Erna Solberg seier ho ikkje hugsar korleis ho fekk vite om praksisendring hos Nav. SV meiner det ikkje heng på greip, mens Solberg meiner dei bør vere glad for at statsministeren er godt informert.

Nav-skandalen

Erna Solberg svarar media i Stortinget om trygdeskandalen 5. november i år.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

I granskinga av trygdeskandalen har Stortinget spurt statsministeren om kva ho foretok seg då ho fekk vite om Navs praksisendring i juni i år. Endringa gjaldt nye saker om rett til ytingar under kortvarige opphald i andre EØS-land. Svaret frå Solberg kom i dag.

«Jeg har tidligere opplyst til Stortinget at jeg i juni ble kjent med at Nav endret praksis. Jeg kan imidlertid ikke huske på hvilken måte jeg fanget opp dette eller tidfeste det nærmere» skriv Solberg til kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

Men sjølv om ho ikkje hugsar korleis ho fekk vite om Navs praksisendring, går statsministeren i detalj om andre ting.

«Dette var ikke informasjon som kom til Statsministerens kontor via Arbeids- og sosialdepartementet. Praksisendringen var en offentlig opplysning» står det i brevet der statsministeren også argumenterer for at det ikkje var grunnlag for å foreta seg noko frå hennar side.

NRK forklarer

Kva er trygdeskandalen?

Kva er trygdeskandalen?

Ei rekke nordmenn er straffa fordi dei fekk støtte frå Nav medan dei var i utlandet.

Minst 80 kan vere feildømte i retten. Rundt 4100 saker er feilbehandla. Dette er trygdeskandalen. 

Kva er trygdeskandalen?

Kven er ramma?

Dei som har fått sjukepengar, arbeidsavklaringspengar eller pleiepengar - og som reiste til andre europeiske land.

Kva er trygdeskandalen?

Kva er feilen?

Nav stilte krav om at dei som fekk slik støtte måtte opphalde seg på norsk jord. Men EØS-avtalen slår fast at alle kan bevege seg fritt.

Kva er trygdeskandalen?

Kven har gjort feil?

Mange. Nav, regjeringa, domstolane, Stortinget, politi og påtalemakt har alle hatt feil forståing av reglane. 

Kva er trygdeskandalen?

Kor lenge har det pågått?

Reglane har vore tolka feil sidan det kom eit nytt EU-regelverk i 2012. Kanskje var det gjort feil også før det.

Kva er trygdeskandalen?

Kva skjer no?

Alle sakene blir gjennomgått. Dei som er ramma ventar på å få pengane tilbake. Eit granskingsutval har undersøkt korleis det kunne skje.

Dette er trygde­skandalen

– Har prøvd å finne det ut

– Eg har gått gjennom og prøvd å finne ut kvar eg har dette frå, seier statsministeren til NRK.

– Det har eg ikkje funne heilt ut av, men det er altså slik at eg mottek og les og gjer mykje som person og har registrert at i juni så vart det litt lettare for folk å ha eit opphald i utlandet utan å måtte melde frå til Nav på grunn av EØS-reglane.

Bakgrunnen for at kontroll- og konstitusjonskomiteen har stilt spørsmålet til statsministeren er at Erna Solberg tidlegare har sagt i Stortinget at ho vart klar over praksisendringa som Nav gjorde for korttidsopphald i utlandet i juni 2019.

Men ho har også sagt at ho vart formelt informert om alvoret i saka først 19. oktober.

– Heng ikkje på greip

SVs representant i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Freddy André Øvstegård meiner det er sviktande logikk i brevsvaret han har fått frå statsministeren.

– Dette heng ikkje på greip. Dei ulike delane av svaret til statsministeren heng ikkje saman. Ho hugsar ikkje kvar ho fekk opplysningane frå og samtidig hugsar ho at det ikkje var grunn til å foreta seg noko. Her må vi bore vidare.

– Statsministeren er kjent for å ha god hukommelse. Det er rart at den sviktar akkurat her. Det held ikkje å seie at ho ikkje hugsar, meiner Øvstegård.

Han meiner opplysninga er viktig.

– Viss ho hadde gjort ei vurdering av at Stortinget burde få vite dette, så kunne jo det ha ført til at Nav-skandalen vart oppdaga. Difor er det viktig å finne ut kva som skjedde då ho vart informert og kvifor ho ikkje tok ansvar og foretok seg noko.

Bør glede seg over godt informert statsminister

– Eg vart gjort kjent med at det vart gjort ei endring i eit rundskriv i Nav. Det var ingenting i den måten eg vart gjort kjent med det på som tilsa at dette var ei stor policyendring eller at det var andre store endringar i dette. Og det var aldri ein informasjon som vart gitt til statsminsterens kontor eller til meg frå ASD. Men det er faktisk slik at ein statsminister får opplysningar, les aviser, les rundskriv, gjer mykje.

Statsministeren meiner det er positivt at ho fangar opp informasjon utover det som er formelle saker på hennar bord.

– Det er heldigvis slik at dette landet har ein statsminister som får informasjon og les aviser og les på internett og registrerer at det blir gjort endringar også i embedsverk og byråkrati rundt omkring. SV skal vere glad for at eg ikkje berre ventar på at all informasjon kjem til meg gjennom skriftlege notat eller munnlege orienteringar frå ulike statsrådar.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger