Hopp til innhold

Ropstad tek sjølvkritikk etter abort-påstand

Ingen har fått abort åleine på grunn av leppe-ganespalte i 2017, opplyser Folkehelseinstituttet. KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad har likevel brukt akkurat det som argument mot dagens abortlov. Det går han no tilbake på.

Ekstraordinært fylkesårsmøte i Oslo KrF

Kjell Ingolf Ropstad, nestleiar i KrF, vil helst fjerne heile paragraf 2c i abortlova.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Abortdebatten går for fullt i samband med KrFs sonderingar med Solberg-regjeringa.

KrF vil endre på paragraf 2c i abortlova, som dei kallar «sorteringsparagrafen» eller «Downs-paragrafen», som gir kvinner lov til å ta abort på foster med alvorleg sjukdom eller avvik etter 12. svangerskapsveke.

På NRK tysdag hevda KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad at også barn med leppe-ganespalte eller mangel på ei hand også gir grunnlag for abort på paragraf 2c.

– Eksempel vi har fått frå jordmødrer, som viser at barn med Downs, hareskår eller at å mangle ei hand gir grunnlag for abort, er eksempel som eg meiner ikkje bør vere mogleg i framtida, sa Ropstad.

KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad i Dagsrevyen tysdag 6. november.

Organisasjonen Menneskeverd nyttar same type argument. Dei skriv på si nettside at «mindre alvorlege diagnosar som leppe-gane-spalte, Downs syndrom og klumpfot fell inn under «sekkenemninga» alvorleg sjukdom som er eitt av kriteria i paragraf 2c.»

– Menneskeverd har god grunn til å tru at ved å gjere ei justering i lovteksten slik at ein unngår sekkenemninga som i dag famnar mindre alvorlege sjukdomar, vil føre til at færre får innvilga ein seinabort, seier generalsekretær i Menneskeverd, Morten Dahle Stærk på nettsida.

Overfor NRK viser Dahle Stærk til tal frå Medisinsk fødselsregister over diagnosar som er registrert på seinaborterte foster.

Morten Dahle Stærk

Morten Dahle Stærk, generalsekretær i Menneskeverd, vil endre på abortlovas paragraf 2c.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Men stemmer påstandane?

– Eit foster kan ha fleire diagnosar

Tal frå Medisinsk fødselsregister viser rett nok at gane- og leppespalte er blant misdanningane som blir observert hjå seinaborterte foster.

  • Blant 305 seinaborterte foster i fjor, hadde fire foster ganespalte og ni barn leppespalte, kan hende inkludert ganespalte.
  • Åtte foster hadde klumpfot.
  • 59 hadde Downs syndrom.
  • 62 foster hadde hjartefeil.

Men eit barn kan ha fleire av diagnosane samtidig. Tala frå fødselsregisteret viser ikkje tal på foster, men tal på misdanningar ved fødsel.

Sjå fleire diagnosar i tabellen lenger ned i saka.

Det vil seie at til dømes leppe-ganespalte ikkje nødvendigvis har vore den avgjerande diagnosen for å få innvilga abort etter 12. svangerskapsveke. Dermed kan ein ikkje utan vidare påstå at leppe-ganespalte i seg sjølv har gjeve grunnlag for seinabort.

– Ingen har fått abort åleine på grunn av leppe-ganespalte i 2017. Det har vi sjekka. Vi har ikkje kontrollert lenger bak i tid, men lova seier noko om alvoret i dette, seier Kristine Stangenes, overlege ved Folkehelseinstituttet, som jobbar med Medisinsk fødselsregister.

NRK har bede Folkehelseinstituttet om å sjekke ti år tilbake i tid, men dei skriv i ein e-post at dei ikkje har kapasitet til dette.

– Burde vore meir presis

Ropstad seier at det er bra dersom ingen har fått innvilga seinabort berre fordi fosteret har leppe-ganespalte.

– Jordmødrer har komme og sagt at dette er døme på diagnosar som har fått innvilga seinabort, men eg burde ha vore meir presis på at reglane er strengare enn det i dag. Eg er glad for at ein ikkje får innvilga seinabort på leppe-ganespalte åleine, seier KrF-nestleiaren.

– Det betyr at det regelverket som eg meinte burde bli innført faktisk er i bruk i dag når det gjeld akkurat dei tilfella, seier han.

Han angrar på at han brukte ordet hareskår om leppe-ganespalte i Dagsrevyen tysdag. Hareskår er eit gamal uttrykk som ikkje brukast om diagnosen lenger.

Siste nytt fra NRKs nyhetsredaksjon med magasin, sport og vær.

Sjå heile innslaget i Dagsrevyen der Kjell Ingolf Ropstad ytrar seg om abort tysdag 6. november.

Forklarar tabellen

Medisinsk fødselsregisters tabell med diagnosar som blir observert på seinaborterte foster kan bli misforstått, vedgår Kristine Stangenes ved Folkehelseinstituttet.

Eigentleg inneheld tabellen også tal på misdanningar levandefødde og dødfødde barn hadde ved fødsel, men NRK har i denne saka berre teke ut tala som går på seinaborterte foster.

Stangenes forklarar:

– Eit foster har som regel fleire misdanningar, og det som står er ikkje nødvendigvis årsaka til seinaborten. Dersom det står to med klumpfot, betyr det ikkje at det var årsaka til seinaborten, men at det var ei misdanning som vart funne. Ikkje alle misdanningar er presentert i tabellen heller. Dette er dei meir vanlege tilfella, seier Stangenes.

I tillegg gjeld tabellen frå Medisinsk fødselsregister ikkje berre seinabortar på grunnlag av abortlovas paragraf 2c, men inkluderer også tilfelle som har fått seinabort ved 2c i kombinasjon med 2a, b, d eller e.

Medfødde misdanningar ved fødsel av seinabortert barn

Fødsels­tids­punkt

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

totalt

Tal på nemnd­behand­a abortar (=seinabortar)

261

257

280

272

298

307

261

268

273

305

2782

Med­fødd mis­dan­ning totalt

231

230

235

245

258

281

227

235

245

260

2447

Nevral­rørs­defekt

43

52

34

43

42

38

33

31

34

35

385

Anen­cefali

20

23

15

16

20

20

11

18

14

14

171

Spina bifida

22

20

15

25

21

13

19

12

15

19

181

Ence­falo­cele

1

9

4

2

1

5

3

1

5

2

33

Hydro­cefalus

0

0

0

0

0

0

0

0

0

0

0

Hjerte­feil

56

45

46

55

48

68

45

56

52

62

533

Isolert gane­spalte

3

1

4

2

4

3

3

1

4

4

29

Leppe­spalte, evt. med gane­spalte

11

9

10

9

13

11

12

8

8

9

100

Hypo­spadi

0

0

0

0

0

0

0

0

2

1

3

Reduk­sjons­defekt av ekstremitet

10

9

14

10

10

10

7

9

7

7

93

Klump­fot

13

9

7

13

9

12

13

2

8

8

94

Omfalo­cele

12

13

9

10

11

11

7

6

7

11

97

Gastro­schise

6

1

1

0

3

1

0

1

3

0

16

Kromo­som­feil

106

91

95

103

122

128

95

99

120

117

1076

Downs syndrom (inkludert i kromosomfeil-talet)

43

40

43

48

69

63

46

57

67

59

535

Kjelde: Medisinsk fødselsregister. NB: Tala kan ikkje summerast vertikalt, fordi tabellen viser oversikt over tal på misdanningar, ikkje tal på foster. Altså kan eit foster ha fleire misdanningar.

Fekk avslag i nemnda

Nasjonalt senter for fostermedisin ved St. Olavs hospital i Trondheim er blant helseinstitusjonane i Noreg som greier ut foster med avvik, og det blir utført seinabortar ved sjukehuset.

Mellom 2007 og 2017 var det 66 tilfelle der kvinner søkte abort der fosteret hadde leppe-kjeve-ganespalte. Men 65 av desse hadde andre avvik i tillegg.

Berre éi kvinne søkte på grunnlag av leppe-kjeve-ganespalte åleine. Søknaden vart avslått i lokal nemnd, men innvilga i ankenemnd, opplyser overlege Torbjørn Eggebø ved Nasjonal behandlingsteneste for avansert invasiv medisin ved St. Olavs hospitalet i Trondheim.

Han kjenner ikkje til om ankenemnda fekk presentert fleire årsaker til at kvinna ønska abort, eller kva paragraf aborten faktisk vart innvilga på.

– 63 kvinner som hadde foster med klumpfot søkte avbrot. 62 av desse fostera hadde andre avvik i tillegg. Berre éi kvinne søkte avbrot der fosteret hadde klumpfot som einaste funn. Søknaden vart ikkje innvilga i nemnd, fortel Eggebø.

Menneskeverd snur

Generalsekretær i Menneskeverd, Morten Dahle Stærk, tek dei nye opplysingane til etterretning. Menneskeverd har inntil no hatt Medisinsk fødselsregister som kjelde for påstanden om at leppe-ganespalte er årsak til seinabort. No vil dei endre på teksten på nettsida si.

– Vi er blitt gjort merksame på at statistikken ikkje kan lesast slik. Statistikken er ikkje lett å lese, og det er bra at Medisinsk fødselsregister kjem på bana. Det er veldig viktig for oss å gi riktig informasjon, seier Dahle Stærk.

Han avviser at dette slår beina vekk under deira argumentasjon mot paragraf 2c i abortlova.

– Downs syndrom er sjølvstendig abortgrunn. Uansett meiner vi at eigenskapar ved fosteret ikkje skal vere abortgrunn.

– Kva når sjukdomen er så alvorleg at barnet vil døy raskt uansett?

– Vi er samde med forslaget om at paragrafen må bli erstatta med ei opning for abort når barnet ikkje er levedyktig, seier generalsekretæren.

– Må halde ein standard

At KrF-nestleiar Ropstad viser til rapportar frå anonyme jordmødrer, vekker sterke reaksjonar frå Tilde Broch Østborg, lege i spesialisering for kvinnesjukdomar og fødselshjelp, og konstituert overlege ved Kvinneklinikken ved Stavanger universitetssjukehus.

– Jordmødrer som tek i mot foster etter seinabort gjer ein ytre inspeksjon av foster, men har ingen høve til å gjere seg opp ei meining om avvik i til dømes hjarte og sentralnervesystem. At nokon har sett at foster manglar ein arm, betyr ikkje at det ikkje er nokon andre avvik. Ropstad som forhandlar om dette må halde ein standard og legge fram truverdig statistikk, ikkje berre lause rykte han har høyrd frå nokon, seier Østborg.

Kjell Ingolf Ropstad svarar:

– Eg har vore tydeleg på at eg refererte til forteljingar frå jordmødrer då eg kommenterte moglege årsaker til seinabort forankra i paragraf 2c i abortlova. Så forstår eg det slik at Medisinsk fødselsregister også kan oppgi dette som ein årsak, men at det kan henge saman med andre tilstandar utan at det kan lesast tydeleg ut frå statistikken, seier KrF-nestleiaren.

På sikt har Ropstad eit mål om å endre haldningar.

– Eg meiner i seg sjølv at det er viktig å ta bort det som er diskriminerande i paragraf 2c. På lengre sikt er eg sikker på at det vil skape ei haldningsendring, ikkje minst i samband med andre former for tiltak, seier han.

AKTUELT NÅ