– Vi ville bli lagt merke til, seier generalsekretær i Bondelaget, Per Skorge.
Bønder frå alle delar av landet demonstrerte utanfor Stortinget tysdag. Protesten skjer etter at staten og bondeorganisasjonane braut jordbruksforhandlingane førre veke. Stridsspørsmålet står om inntektene til bøndene.
- Les meir:
– Det handlar om å redusere inntektsgapet mellom oss bønder og andre grupper. Då vil vi sikre at det å bli bonde er eit attraktivt val, seier Skorge
I MARSJ: Bøndene gjekk gjennom Oslo. Frå landbrukets hus på Grønland gjennom Karl Johan til Stortinget.
Foto: Jon P. Petrusson / NRKBøndene vil ha ein milliard meir
Regjeringa sitt første tilbod var på 410 millionar kroner, bøndene ville ha 1,45 milliardar. Ein milliard kroner meir. Landbruksministeren meiner det er uforsvarleg i ei utfordrande tid for arbeidstakarar.
– Vårt tilbod ville gjeve bøndene betre inntektsutvikling i åra framover enn det andre grupper kan rekne med, seier han til NRK.
- Les meir:
LEVEN: Det gjekk ikkje stille for seg då bøndene gjekk gjennom hovudstaden.
Foto: JON P. PETRUSSON / NRKBondeorganisasjonen er ikkje einig i at forholda til bøndene er gode nok.
– Poenget er at norske bønder ligg langt etter. For oss handlar det om å redusere dette inntektsgapet. Stortinget har vedtatt at dette skal skje, det må også regjeringa ta inn over seg.
TYDELEG BODSKAP: Framme ved Stortinget møtte bøndene opp med banner og plakatar.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix– Handlar denne demonstrasjonen meir om politikk enn om det faktiske oppgjeret?
– Nei, det handlar om rammevilkåra for norsk matproduksjon. At vi skal klare produsere meir mat og løfte landbruket for framtida, seier han.