NRK Meny
Normal

Ministeren: – Ingen grunn til å demonstrere

– Folk forstår ikkje kvifor dykk demonstrerer og krev ei større lønsauke enn andre, sa landbruksministeren i det han møtte tusenvis av bønder utanfor Stortinget i dag.

Jon Georg Dale møtte bøndene utanfor Stortinget

Mat- og landbruksminister Jon Georg Dale møtte bøndene utanfor Stortinget.

3500 bønder frå heile landet var samla i protest utanfor Stortinget i hovudstaden. Bondeorganisasjonane har mobilisert etter at dei braut jordbruksforhandlingane med staten førre veke.

– Bøndene har fått eit betre tilbod i år enn det bondelaga signerte på i 2015 og 2014. Jordbruket har hatt dobbelt så stor inntektsvekst enn andre grupper i landet, seier landbruksminister Jon Georg Dale.

Han meiner bøndene ikkje burde kome med store krav i ei krevjande tid for økonomien.

– Hjelpepleiarar, butikkarbeidarar, kokkar og elektrikarar har alle vist moderasjon i fleire lønsoppgjer dei siste åra. Derfor er det eit urimeleg krav frå bøndene.

– Eg trur ikkje det vert forstått av vanlege lønsmottakarar at bønder krev ein vekst på ni prosent, seier Dale.

Bondedemonstrasjon

PROTEST: 3500 bønder samla seg utanfor Stortinget.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Ei anna regjering vil ikkje gje eit betre tilbod

Regjeringa har i forhandlingane gitt bøndene eit tilbod på 410 millionar kroner for å gjere noko med gapet mellom inntektene til bøndene samanlikna med andre. Bondeorganisasjonane ville ha 1,45 milliardar.

– Regjeringa viser inga vilje til å satse på landbruket, og følgjer ikkje opp den landbrukspolitikken som Stortinget har vedtatt, seier leiar i Bondelaget, Lars Petter Bartnes.

Dale seier at det er urimeleg og at inga regjering ville kunne kome med eit slikt tilbod med dagens økonomi.

– Opposisjonen kan love dykk det, men ingen ville klart å halde på lovnaden i posisjon, seier han.

Likevel var ministeren oppteken av å ynskje bøndene lukke til med arbeide vidare.

– Eg er einig med mange av parolane her. Noreg treng bønder, og vi har stått opp for bonden, avslutta Dale.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger