Hopp til innhold

Her har nordmenn lagt igjen mest pengar i sommar

Utanlandsferie har aldri vore meir populært enn i år, seier DNB. Etter to år med noregsferie, tronar Sverige og Spania på topp over årets favorittdestinasjonar.

Svensk flagg i Stockholm i Sverige

SVERIGE PÅ TOPP: Nordmenn har lagt igjen mest pengar hos «Söta bror» denne sommaren.

Foto: Marcus Lindström / Getty Images / iStockphoto

Under koronapandemien var det noregsferie «for alle penga». Men i år er det ekstra mange nordmenn som har trekt til varmare strøk, og lagt igjen store beløp i utlandet.

– Vi ser først og fremst at vi har sakna ferie i utlandet. Vi har ein ganske solid vekst på 15 prosent samanlikna med 2019. Sjølv om vi har generell prisvekst litt i bakhovudet, betyr det at utanlandsferien aldri har vore meir populær enn akkurat i år.

Det seier Ine Oftedahl, direktør for datatransformasjon i DNB.

Det har vore høg kortbruk gjennom heile sommaren. Sjølv om vi fekk flystreik og hetebølge, som kunne ført til at folk droppa utanlandsferien, dabba ikkje kortbruken av, ifølge Oftedahl.

– Det har vore ein god sommar for utanlandsdestinasjonar, fastslår ho.

Sverige og Spania er favorittane

7 av 10 nordmenn har vore i utlandet, dersom ein ser på kredittkortbruken vår.

– Sjølv om ein ikkje har hatt heile ferien sin i utlandet, så har mange i alle fall hatt ein helgetur, seier Oftedahl.

Ei ny undersøking frå betalingsløysinga Klarna viser at nordmenn er lei av noregsferie. I løpet av det neste året planlegg 53 prosent utanlandsferie til eit anna land i Europa.

Sverige tronar øvst på lista over feriedestinasjonar der nordmenn har lagt igjen mest pengar i år, ifølge DNB. Tett følgt av Spania.

Topp 10 mest populære ferieland basert på total kortbruk

Kjelde: DNB

Forbruk

Endring frå 2019

1. Sverige

678.043.163 kr

3 %

2. Spania

658.041.380 kr

42 %

3. Danmark

449.374.480 kr

26 %

4. Italia

390.515.155 kr

27 %

5. Frankrike

303.424.956 kr

30 %

6. USA

248.064.723 kr

-21 %

7. Hellas

193.613.785 kr

42 %

8. Storbritannia

182.655.060 kr

5 %

9. Tyskland

163.618.501 kr

24 %

10. Nederland

139.651.943 kr

152 %

Ekspander/minimer faktaboks

– Spania låg ganske langt føre Sverige under store delar av sommaren. På slutten klatra Sverige valdsamt, men det er jo veldig likt. Det er Sverige som er den tradisjonelle vinnaren, fortel Oftedahl.

Rekord for grensehandel i juli

– Så artige nyheiter for Sverige! Vi likar nordmenn.

Det seier kommunikasjonssjef Yvonne Nordling ved Skansen, eit friluftsmuseum kombinert med dyrepark i Stockholm.

Blant utanlandske turistar dei har hatt besøk av i sommar, er nordmenn på fjerdeplass bak Tyskland, USA og Finland.

Likevel har det vore færre nordmenn som reiser på «harryhandel». Kortdata frå DNB viser at det første halvåret av 2022 var det 28 prosent færre dagsturar til Sverige i forhold til første halvår i 2019.

Men no har det teke seg kraftig opp att. Juli var ein «all-time high» for butikkar på grensa.

LES OGSÅ Nå er det færre kroner å spare på grensehandel

Handlebånd full av varer kvinne bak kasse i bakgrunnen

Sol og varme på ynskjelista

Ifølge Oftedahl i DNB er det typiske sydendestinasjonar som har hatt størst vekst.

Hellas, Spania, Italia og Frankrike har samla vekse med 35 prosent.

Nederland merkar seg også ut i statistikken.

– Det ser ut til at Nederland har auka i popularitet blant nordmenn. Dei har fått ein god vekst.

Men det er likevel tydeleg at mange solglade nordmenn har trekt litt lenger sør i Europa.

– Dersom ein skal oppsummere det, så er det sol og varme som har stått øvst på ynskjelista til nordmenn.

LES OGSÅ Slik påverkar hetebølga den mentale helsa vår

Hetebølge i Spania - folk kjøler seg ned i vannet

– Spania merkar seg ut

Marie-Anne Zachrisson, sjef for Ving Noreg, seier det tidleg var tydeleg at dette skulle bli ein bra sommar, sidan reiserestriksjonane etter pandemien er fjerna.

– Det har vore veldig stor etterspørsel. Det er Spania som merkar seg ut. Mallorca er vårt største reisemål, utan tvil.

Over 50.000 nordmenn har reist hit med reisearrangøren.

– Likevel er det vore mykje som ikkje har gått vår veg, seier ho, og nemner SAS-streik og passkø.

Vil kose seg litt ekstra etter pandemien

Pandemien har gitt rom for å spare opp pengar. Mange har kanskje unna seg ein ekstra dyr ferie denne sommaren.

– Det er ein god del som har klart å spare opp ein buffer under pandemien. Det er ein generelt høgare kortbruk. Det er delvis på grunn av prisveksten, men vi ser også at ein har kost og unna seg litt ekstra den første sommaren etter pandemien, meiner Oftedahl.

Ine Oftedahl

Ine Oftedahl, direktør for datatransformasjon i DNB, seier at det har vore ein god sommar for utanlandsdestinasjonar.

Foto: Stig B. Fiksdal

Kva er den største forskjellen om vi samanliknar med korleis vi reiste før pandemien?

– Vi har spreidd reisinga litt meir utover sommaren. Kanskje i håp om å unngå litt større folkemengder, eller for å sikre at ein får den ferien ein har drøymt om, seier Oftedahl.

Dyrare drivstoffprisar kan ha medført at vi blir lenger på kvar destinasjon.

– I Noreg såg vi ein oppsving av bilferie og campingferie under pandemien. Då såg vi at ein hadde ganske få transaksjonar på kvar stad, før ein flytta seg vidare til neste. I år aukar talet på transaksjonar på ein stad. Ein blir lenger på kvar stad.

AKTUELT NÅ