Hopp til innhold

Slik halverte svenskane antibiotikabruken

Når helseminister Bent Høie denne våren lanserer si «krigserklæring» mot antibiotikaresistens, bør han læra av svenskane, meiner norsk ekspert.

Mennesker i kø på apotek

Nordmenn brukar dobbelt så mykje antibiotika som for 30 år sidan. I Sverige tok dei grep på 1990-talet og gjekk frå å bruka meir enn Noreg til å bruka mindre.

Foto: Josefsen, Jon-Michael / NTB scanpix

I løpet av våren legg den norske regjeringa fram ein ny nasjonal strategi i kampen mot antibiotikaresistens, som helseministeren omtalar som ein av dei største globale helseutfordringane i vår tid.

Noreg må læra av Sverige for å unngå at antibiotikaen blir ineffektiv i behandling av alvorleg sjukdom, meiner professor i allmennmedisin og leiaren for Antibiotikasenteret for primærmedisin (ASP), Morten Lindbæk.

– Svenskane klarte å få til ein kraftig reduksjon av antibiotikabruken. Dei har gått frå å bruka mykje meir enn Noreg, til å ha eit lågare forbruk enn oss, fortel Lindbæk.

Dobling på 30 år i Noreg

Morten Lindbæk, leder for Antibiotikasenteret for primærmedisin og professor i allmennmedisin

Morten Lindbæk, leiar for det norske Antibiotikasenteret for primærmedisin og professor i allmennmedisin.

Foto: Camilla Veka/NRK

Sjølv om Noreg er blant dei landa som brukar minst antibiotika, har utviklinga gått i feil retning.

Kvar fjerde nordmann får no minst éin resept på antibiotika i løpet av eit år. Forbruket er dobbelt så høgt som for 30 år sidan, ifølgje UiO sitt forskingsmagasin Apollon.

I Sverige derimot, er antibiotikabruken i primærhelsetenesta nærmast halvert sidan forbruket nådde ein alarmerande topp i 1992.

Antibiotikaforbruk (målt i reseptar per 1000 innbyggjarar per år)

2014

Mål

Noreg

Over 400

Ikkje fastsett

Sverige

329

250

Kjelde: Folkehelseinstituttet, Strama

Nettverk gav svensk suksess

Sverige hadde fram mot starten av 90-talet ein galloperande vekst i antibiotikaforbruket. Det toppa seg i 1992, då innsåg svenskane at det gjekk «åt pepparn» – resistensen var på frammarsj.

Lege Hans Fredlund, ved Universitetssjukehuset i Örebro

Hans Fredlund er lege og leiar for arbeidsutvalet i det svenske Stramanettverket (Strategigruppa for rasjonell antibiotikabruk og redusert antibiotikaresistens).

Foto: Universitetssjukehuset Örebro

– Me forstod at me måtte gjera noko dersom me også i framtida ville ha moglegheita til effektiv behandling med antibiotika, seier Hans Fredlund i Strama – det svenske samarbeidsnettverket mot antibiotikaresistens til NRK.

Frå 1992–2011 vart bruken av antibiotika i den svenske primærhelsetenesta redusert med heile 47 prosent.

Den aller største suksessfaktoren i Sverige var opprettinga av «Strama», eit frivillig, landsomfattande nettverk som samordna den lokale innsatsen i alle regionane og samla informasjon om antibiotikabruken i ein sentral kunnskapsbank.

– Det er legane i lokalsamfunna som skriv ut størsteparten av antibiotikaen. Eit hovudmål med Strama var å sjå til at det berre blei gitt antibiotika til dei som verkeleg treng det og ikkje for sikkerheits skuld, fortel Fredlund.

Mykje unødvendig antibiotikabruk

Antibiotika

Forsking viser ein tydeleg samanheng mellom forbruk av antibiotika og utvikling av resistens.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

At fastlegar blir meir restriktive med å skriva ut antibiotikareseptar er også det viktigaste Noreg kan gjera i kampen mot antibiotikaresistente bakteriar.

Heile 85 prosent av antibiotikaen som blir brukt som menneskemedisin i Noreg, blir nemleg føreskrive av fastlege, ifølgje Helsedirektoratet.

Av alle reseptar på antibiotika som blir gitt til nordmenn, gjeld seks av ti luftvegsinfeksjonar som hals-, bihule og øyrebetennelse. I mange tilfelle er det unødvendig.

– Folk blir svært ofte blir friske frå både luftvegs- og urinvegsinfeksjonar utan antibiotika. Her er det stort potensial for å redusera forbruket, seier Lindbæk.

Vil ta kontakt med Sverige

Nettverksmodellen Strama som Sverige har hatt stor suksess med, er overførbar til Noreg fordi det er to relativt like land som organiserer helsearbeidet sitt på liknande måtar, meiner Fredlund.

Lindbæk ved Antibiotikasenteret i Noreg stadfestar at den svenske nettverksmodellen er interessant. Han ser føre seg eit frivillig samarbeid på fylkesnivå der spesialistar på sjukehusa og fastlegar kan rådspørja kvarandre og diskutera antibiotikabruk.

– Det er ein av dei moglegheitene som me diskuterer mykje for å få til den reduksjonen i antibiotikaforbruket som regjeringa ønskjer. Det vil vera naturleg å ta kontakt med Sverige og sjå på dei erfaringane dei har, fortel professoren.

AKTUELT NÅ