Hopp til innhold

Meiner dei nye bustadsskattane rammer vanlege folk

Regjeringa legg opp til ei auke i formuesskatten for dei med «dyre» bustader i det nye statsbudsjettet. Huseierne og Norges Eiendomsmeglerforbund meiner endringane vil gå ut over vanlege folk.

Kveldsbelysning over Oslo by

Særleg i Oslo, området rundt og i nokon av dei andre storbyområda vil fleire merka den nye måten å rekna ut formuesskatt av dyre bustader på.

Foto: Javad Parsa / NTB

I budsjettet for 2023 som SV og regjeringa la fram tirsdag, legg dei opp til at folk med «dyre» primærbustader skal betala meir i formuesskatt.

Ifølge SV er bustader med ein verdi over 10 millionar kroner dyre. Det gjeld færre enn 10 prosent av norske bustader, ifølgje tal frå Prognosesenteret.

Endringa betyr at alle som bur i bustader som er verdt meir enn 10 millionar kroner blir rikare på papiret når ein skal rekna ut formuesskatten.

Altså må dei betala meir formuesskatt dersom dei har ein såkalla dyr primærbustad.

Forbrukarsjef i Huseierne Carsten Phil undrar seg over denne skatteauken.

– Det rammer ganske mange vanlege folk, så me synest det er ein litt rar måte å skattlegga på, seier forbrukarsjef i Huseierne Carsten Phil.

Han seier at dei såkalla dyre bustadane er ganske vanlege bustader i Oslo og området rundt.

– Så ein treff rett og slett dei som i dag har det hardt, som må betala auka straumprisar og kommunale avgifter. Det trur me kanskje ikkje var regjeringa si hensikt, seier Pihl.

Fryktar dyrare leige

Endringa vil gå spesielt ut over vanlege folk i pressområda fordi bustadverdien har auka, seier leiar i Norges Eiendomsmeglerforbund Carl Geving.

– Det er til dømes pensjonistar som tilfeldigvis bur i eit hus til 15 millionar kroner.

Skatteendringa gjeld også sekundærbustader, der ein nå vil rekna ut formuesskatten basert på den fulle verdien av bustaden, mot 95 prosent slik det er i dag.

Geving er også bekymra for auka formuesskatt for utleigarar, fordi heile sekundærbustaden nå vil bli vurdert som grunnlag for formuesskatten. Denne verdsettinga har blitt trappa opp gjennom fleire år.

Han meiner det vil føra til færre utleigebustader og dermed dyrare leige for folk.

– Me fører sekundsærbustadsstatistikk som viser at andelen har falt sidan 2019, og fallet er dramatisk i Oslo.

Les også Rekordhøye bokostnader: Frykter at folk må selge og flytte

Mari Garmo utenfor huset sitt i Vang i Hamar

– Symbolpolitikk

Administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge meiner endringa først og fremst vil ramma bustadeigarar i Oslo og i området rundt hovudstaden, samt i nokon av dei andre større byområda.

– Elles vil det få veldig lite verknad rundt omkring.

Han legg til at det for dei fleste ikkje er snakk om ei enorm auke.

– Først og fremst vil eg kalla dette symbolpolitikk som ikkje får så stor betydning i den store samanhengen.

I staden skulle Lauridsen sett at regjeringa fiksa ligningsverdisystemet først.

Årsaka til at dyre bustader slepp billeg unna formuesskatt er at systemet er så dårleg at verdiane blir set heilt feil. Reduksjon av verdsettingsrabatten blir ein slags reparasjon av svakheitene i systemet, meiner han.

Les også Minihus vart redninga for at Iver (25) skulle komme seg på bustadmarknaden

Minihus

Mindre skattefrådrag i BSU-ordninga

I tillegg har regjeringa i lag med SV bestemt seg for å halvera skattefrådraget på BSU frå 20 til 10 prosent. Dermed får ein halvparten så mykje igjen på skatten for dei pengane ein set inn. Endringa sparer staten for meir enn 600 millionar kroner årleg.

Geving i Noregs eiendomsmeglerforbund reagerer kraftig på denne halveringa.

– Det er ei rasering av ordninga.

– Det står fram som ei form for riking-tankegang, som er urimeleg i forhold til alle unge som er flinke til å tena og spara eigne pengar på BSU, som er ei viktig førstegongsbillett til bustadmarknaden.

Phil i Huseierne seier at dei synest reduksjonen i skattefrådraget er ei dårleg løysing.

– Me veit at det å skaffa eigenkapital er ei av hovudutfordringane for veldig mange når dei skal kjøpa bustad.

Han meiner reduksjonen vil gjera det mindre interessant for mange å spara til eigen bustad.

– Det gjer at det vil vera vanskeleg for folk å kjøpa eigen bustad etter kvart, seier Phil.

Regjeringa seier dei prioriterer dei som slit

Regjeringa og SV sa under pressekonferansen tirsdag at dei med dette statsbudsjettet vil prioritere til dømes barnefamiliar, trygda og minstepensjonistar.

Dei har blant anna øka barnetrygda, sikra 2.-klassingar 12 timar gratis SFO og halvert elavgiftene.

Les også Statsbudsjettet: Pengar til «Noregs verste veg»

Ras Vaksdal

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger