Hopp til innhold

Minihus vart redninga for at Iver (25) skulle komme seg på bustadmarknaden

Mange unge slit med å komme inn på bustadmarknaden. Norske Boligbyggelags Landsforbund trur mindre hus er løysinga.

Iver Bjørnsgaard har flyttet inn i et minihus sitt på Raufoss.

DRAUMEN OM BUSTAD: Iver Bjørnsgaard er nyinnflytta i sitt eiget splitter nye hus. For han er dette inngangen til ein draum.

Foto: Alexander Nordby / NRKJ

– Her har eg planar om å gjere noko, men eg er litt usikker enno.

Iver Bjørnsgaard går opp trappa i sitt eige splitter nye hus.

54 kvadrat over på to etasjar. Prisen er 1,8 millionar med eit innskot på 780.000 kroner.

– Det er veldig fint og praktisk. Og stort, faktisk. Større enn eg trudde det skulle vere.

For 25-åringen er dette inngangsbilletten til husdraumen.

– Det har alltid vore ein draum å komme i gang – å sjå korleis det er å ha eit hus.

Minihus

NYINNFLYTTA: Han har kjøpt sitt eige splitter nye hus. Iver Bjørnsgaard er glad han fekk sjansen til å starte bustaddraumen i ung alder.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Les også Tehrim kommer seg ikke inn på boligmarkedet – Jeg arver lite

Selt på 50 minutt

Dei som har flytta inn i nabohusa rundt Bjørnsgaard er også unge vaksne.

– Eg synest det er fint at vi unge får moglegheita til å kjøpe minihus. Vi får ei moglegheit til å faktisk komme inn på bustadmarknaden, seier han.

Minihus

GOBB: Gjøvik og Omegn Boligbyggelag (GOBB) skal byggje 16 minihus på Prøvenlia på Raufoss. Alle desse er selde.

Foto: Alexander Nordby / NRK
Minihus

GOBB: Gjøvik og Omegn Boligbyggelag (GOBB) skal byggje 16 minihus på Prøvenlia på Raufoss. Alle desse er selde.

Foto: Alexander Nordby / NRK
Minihus

GOBB: Gjøvik og Omegn Boligbyggelag (GOBB) skal byggje 16 minihus på Prøvenlia på Raufoss. Alle desse er selde.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Seks nyutvikla minihus står klare i burettslaget på Raufoss. Ti til er på veg.

– Dei seks første selde vi på 50 minutt. Dei ti neste selde vi i løpet av 14 dagar, så det gjekk som berre det, seier Tom Søgård, administrerande direktør i Gjøvik og omland bustadbyggjelag.

Han trur vi kjem til å sjå ein ny trend med at fleire unge får kjøpt seg eigen bustad – ved å bu på færre kvadrat.

– Prisane på marknaden har teke litt av. Unge spesielt slit med å komme inn på bustadmarknaden. Det tenkte vi å prøve å få gjort noko med, seier han.

Minihus

SATSAR PÅ UNGE: – Vi har mange unge medlemmer. Derfor fann vi opp GOBB-huset saman med ein produsent som dreiv med minihus-konsept, seier Tom Søgård.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Les også Kjersti (26) ønsket å kjøpe bolig i Oslo, men endte opp i Lillestrøm

Eit stort behov

Talet på førstegongskjøparar av bustad i Noreg fall i første kvartal 2022, for første gong sidan 2017.

Det viser ein rapport som Samfunnsøkonomisk analyse har utarbeidd for Ambita og Norges Eiendomsmeglerforbund.

– Dei siste åra har mange unge slite med å komme seg inn på bustadmarknaden på grunn av høge prisar og strenge lånereglar, seier Bård Folke Fredriksen, administrerande direktør i Norske Boligbyggelags Landsforbund.

Bård Folke Fredriksen, administrerende direktør i Norske boligbyggelags landsforbund.

APPLAUDERER PROSJEKTET: – Talet på kvadratmeter er kanskje ikkje viktigast dei første åra. Men når ein får ein partnar og barn, så blir også behovet større. Men då må ein jo ha byrja ein stad, seier Fredriksen.

Foto: NBBL

Fredriksen trur mindre hus er løysinga for unge som slit med å komme inn på bustadmarknaden.

– Det er behov for langt fleire byggeklare tomter, slik at ein raskt kan bygge bustader når det er behov. Vi treng innovasjon som ser om det går an å gjere det same billigare, og dermed gjere bustad tilgjengeleg for fleire.

Minihus, laget av GOBB.

54 KVM: Bustaden inneheld kjøkken/stove, to soverom, bad, bu og ein takterrasse. Bildet viser 1. etasje.

Illustrasjon: GOBB

Fredriksen meiner prosjektet på Raufoss er unikt.

– Dette er eit veldig spennande prosjekt, fordi det prøver å bygge bustader vesentleg billigare per kvadratmeter. Det er nødvendig, seier han.

Minihus

TAKKSAM: – Eg synest det er fint at vi unge får moglegheita, seier Bjørnsgaard.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Sandmæl: – Spar tidleg

Silje Sandmæl er forbrukarøkonom i DNB og er kjend frå TV-programmet «I lomma på Silje».

Ho har fleire råd til unge som prøver å komme seg inn på bustadmarknaden.

Forbrukerøkonom Silje Sandmæl

RÅD: DNBs forbrukarøkonom Silje Sandmæl har fire råd til unge som skal kjøpe bustad.

Foto: Stig Fiksdal / DnB
  • Begynn å spare tidleg og utnytt sparemoglegheitene:

Det er viktig å begynne bustadparinga tidleg, fordi bankane er pålagt å krevje heile 15 prosent eigenkapital for å kunne gi bustadlån. Opprett BSU og start å spare til bustad så tidleg som mogleg, seier ho.

  • Ha eit ope sinn:

– Vi opplever at fleire unge førstegongskjøparar kan ha urealistiske forventningar til bustadkjøpet. Eg tenker at det er viktig som ung førstegongskjøpar å ikkje avfeie dei litt «kjipare» bustadane som ikkje er nyoppussa eller har høg standard. Sjå også på bustader som ligg litt utanfor dei mest populære områda, rår ho.

  • Skaff deg finansieringsbevis, men vær realistisk:

Det kan vere lurt å senke standarden og heller by på objekt du har ein realistisk moglegheit til å vinne. Det er ingen grunn til å freiste deg sjølv ved å gå på visningar på objekt du ikkje har moglegheit til å kjøpe, seier ho.

  • Ha et langsiktig perspektiv

Hugs at det er utgifter både til megler og flytting når du bytter bustad. Tidlegare brukte vi å seie at du bør eige bustaden i minst tre år før du kan regne med å gå i pluss. Slik situasjonen er no, bør du heller tenke fem til seks år for å vere på den sikre sida, avsluttar Sandmæl.

Minihus

MINIHUS: Seks nyutvikla minihus står klare i burettslaget på Raufoss. Ti til er på veg.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Flere saker fra Innlandet