Hopp til innhold

– Utfordrar velferdsstaten og norske bedrifter

– Vi risikerer at norske selskap blir kjøpt opp eller går konkurs i konkurranse med gigantselskap som nyttar skatteparadis, seier jusstipendiat som etterlyser politiske løysingar.

Cayman Islands Haven No More

PARADIS: Selskap som Apple, Starbucks, Twitter, Nike, Google, Facebook og Uber nyttar seg alle av skatteplanlegging og skatteparadis ifølgje «Paradise Papers»-avsløringane. Selskapsmodellen er ikkje ulovleg, men heller ikkje uproblematisk, seier jusstipendiat og professor.

Foto: DAVID MCFADDEN / Ap

Dei lekte «paradisdokumenta» viser korleis multinasjonale kjempeselskap som Apple, Facebook, Nike og Starbucks kuttar stort i skatterekninga gjennom såkalla skatteplanlegging og bruk av skatteparadis.

Linn Anker-Sørensen

PROBLEMATISK: Stipendiat på institutt for privatrett ved Universitetet i Oslo, Linn Cecilie Anker-Sørensen, har forska på skatt og selskapsrett.

Foto: Privat

– Enkelte har drive med dette lenge, det nye er at fleire, som bransjar innanfor helsesektoren og matindustrien brukar selskapsstrukturar for å unngå skatt, fortel stipendiat i privatrett ved UiO, Linn Cecilie Anker-Sørensen.

Ho fortel at handlingsrommet til gigantbedriftene er stort. Ofte tek ein i bruk advokatar, bankar og rådgjevarar, ulikt lovverk i ulike land, samt skatteparadis for å minimere skattetrykket mest mogleg.

Unngår millionar av kroner på skatterekninga

US-NIKE-TO-LAY-OFF-2-PERCENT-OF-GLOBAL-WORKFORCE-AMID-DROP-IN-SA

NIKE: Er eit av selskapa som er anklaga for bruk av skatteparadis.

Foto: Drew Angerer / AFP

Nike er ei av bedriftene som er omtalt av dei lekka dokumenta frå skatteparadisa. Aftenposten hevdar at sportsgiganten kunne lagt igjen rundt 116 millionar kroner meir i skatt i Noreg, dersom ein hadde eit anna regelverk.

– Det er nok mange mindre selskap her heime som ser svært alvorleg på dette. Deira konkurranseposisjon vert svekkja opp mot selskap som Nike, som kan bruke fordelane på marknaden til å kjøpe opp konkurrentar og bli enda større.

Det er ikkje ulovleg å ha plassere pengar eller selskap i skatteparadis, men hemmeleghaldet gjer det mogleg å halde inntekt og eigarskap skjult.

Om du kjøper ein Nike-sko til 1000 kroner i ein av kjeda sine eigne butikkar, er det berre fire kroner som ligg igjen som skatteinntekter i Norge, ifølgje avisa. Vesentleg mindre enn dersom ei norsk bedrift sel ein sko til same pris, og må forhalde seg til den norske selskapsskatten.

– Om dette blir legetime konkurranseprinsipp i ei bransje, er det problematisk, seier Anker-Sørensen.

Guttorm Schjelderup, professor ved Norges Handelshøyskole

UJAMN KONKURRANSE: Guttorm Schjelderup ved NHH problematiserer metoden. Han har forska på internasjonal skattekonkurranse og var i 2009 leiar for Kapitalfluktutvalet til regjeringa.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Ho får støtte frå professor ved Norges Handelshøyskole, Guttorm Schjelderup, som meiner det skaper ei ujamn konkurranse.

– Dette er ei utfordring for norske selskap som ikkje har dei same moglegheitene til å drive avansert skatteplanlegging. Det påverkar næringsstrukturen og kven som eig kva her i landet, seier han.

FILES-FRANCE-TECH-APPLE-SMARTPHONE-DEMO

PROTEST: Demonstrantar utanfor ein Apple-butikk i Frankrike reagerer på at selskapet slepp unna med lite skatt. "Betal skatten dykkar" står det på plakaten ein av demonstrantane held opp, i forbindelse med lansering av den nye iPhonen til Apple.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP

Utfordrar velferdsstaten

UiO-stipendiaten meiner det kan ha store konsekvensar dersom ein ikkje sikrar at mindre aktørar overlever i konkurranse med dei store kjedene.

– Vi kan ikkje ha det slik at selskap legg igjen ein minimal del av fortenesta i Norge, eller at norske selskap risikerer å bli kjøpt opp eller slått konkurs. Det utfordrar korleis vi skal få finansiert skule, sjukehus, vegbygging og andre delar av velferdsstaten.

Dokumentavsløringer – Kart over skatteparadis (1)

PARADIS: 13,4 millionar lekka dokument som Aftenposten og ei rekkje andre mediehus verda over har fått tilgang på, viser korleis stader som er kjend for låg skatt og høg grad av hemmeleghald skjuler potensielle skatteinntekter frå svært mange selskap og privatpersonar.

Foto: Marius Lundgård / NRK

Anker-Sørensen meiner myndigheitene må tenkje nytt for å imøtegå utfordringane. Ho seier Norge ikkje må vere redd for å setje inn eige regelverk.

– Mange land må bli einige for å løyse dette internasjonalt, men Norge kan ta grep her heime. Konkret må ein finne løysingar for å skattleggje faktisk aktivitet, for eksempel gjennom moms. Slik at kjøp og sal skjer på ein rettferdig måte med like reglar for alle som opererer i Norge.

Schjelderup er einig i at politikarane treng ei påminning om kor viktig dette arbeidet er.

– Det er gjort mykje bra, men tettar ein eit hol i regelverket, vil selskapa finne nye. Derfor må det følgjast opp kontinuerleg. Det er vanskelege problemstillingar og det finst ikkje nokon «quick fix».

Over 11 millioner dokumenter har lekket fra et advokatfirma i Panama. De viser at flere statsledere og andre mektige mennesker skjuler formuer i selskaper i skatteparadiser.

PANAMA: I fjor avslørte ei liknande dokumentlekkasjar frå Panama korleis 500 bankar, 214 000 verksemder, fleire statsleiarar og milliardærar skjulte pengar i skatteparadis.

AKTUELT NÅ