Hopp til innhold

Senterpartiet inviterer Frp til samarbeid for å reversere regionreforma

Når Framstegspartiet no tek steget ut av regjeringspartia, står Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum klar med ein invitasjon til samarbeid. Han ønsker å samle opposisjonen på Stortinget for å avslutte regionreforma.

Viken Fylke

Partileiar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) håper at eit Frp i opposisjon skal opne for at regionreforma kan bli reversert og gravlagd.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Frå nyttår blei kartet av Noreg skrive om då ei rekke fylke blei slått saman til nye regionar. Det resulterte blant anna i storregionar då Buskerud, Akershus og Østfold måtte gå saman for å danne Viken, medan Troms og Finnmark blei til regionen Troms og Finnmark.

Samanslåingane skjedde med stor motstand både blant folk og politikarar.

Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, har vore sterkt kritisk til samanslåingane, og no håper han å få med seg opposisjonen på Stortinget for å gjere slutt på heile reforma.

– Eg inviterer Framstegspartiet og dei andre opposisjonspartia til å sette oss ned for å avslutte regionreforma, seier han til NRK.

Nye fylker fra 1.1.2020

Slik ser det nye kartet over Noreg ut frå nyttår.

Foto: Kommunaldept.

Frp vil ha bort fylkeskommunen

Ei rekke saker er i spel etter at Frp måndag varsla at dei går ut av regjeringa. Ei av dei er regionreforma. SV har varsla at dei vil fremme forslag for Stortinget om å oppheve samanslåingane av Viken og Troms og Finnmark. Men Vedum ønsker seg omkamp.

– Viken blei ei løysing ingen ville ha. Tvangssamanslåinga av Troms og Finnmark blei tvungen nedover hovuda på folk. Og når Frp, som var ein av arkitektane bak reforma, no seier at dei angrar, meiner eg at vi må sette oss ned og få avslutta denne sentraliseringa på ein ryddig og ordentleg måte.

Jon Helgheim (Frp)

Stortingsrepresentant Jon Helgheim (Frp) seier partiet ikkje kjenner seg bundne av regjeringsavtalen når dei no er komne over i opposisjon. Han er ikkje avvisande til å avvikle reforma partiet har vore med å forme.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Då dei var i regjering, var Frp med på å forme regionsreforma. No seier stortingsrepresentant Jon Helgheim (Frp) at partiet ikkje lenger kjenner seg forplikta til å følge regjeringsplattforma som blei utarbeidd på Granavolden, og vil vere opne for kva dei skal meine lokalt. Men han hadde helst sett at heile fylkeskommunen blei lagd ned.

– Det er eit dyrt forvaltningsledd som vi eigentleg ikkje treng. No har vi prøvd å endre strukturen på det, og det er noko dei fleste ikkje vil ha, ser det ut til. I staden for å gå tilbake og bruke mykje ekstra pengar på å reversere dette, ville det beste vere å legge ned heile fylkeskommunen.

Vil ha svar i 2020

Vedum meiner det må vere opp til fylkeskommunane sjølve til å avgjere om dei skal bli oppløyste eller ikkje.

– Stortinget må gjere eit vedtak der dei seier at fylka i løpet av 2020 må ta stilling til om dei framleis vil vere samanslåtte eller ikkje. Då skal vi lytte til dei som bur lokalt og sit i fylkestinga.

Eirik Sivertsen (Ap)

Stortingsrepresentant Eirik Sivertsen (Ap) set seg gjerne ned for å diskutere kartet over Noreg på nytt, om vilkåra legg til rette for det.

Foto: Gorm Kal

Arbeidarpartiet har vore mot tvangssamanslåinga av fylke, og har sagt at dei vil vurdere å gjere om vedtaket dersom dei kjem i regjering etter valet i 2021. Stortingsrepresentant Eirik Sivertsen (Ap) tek gjerne ein prat med Vedum om dette, om forholda ligg til rette for det.

– Dersom det kjem eit forslag i Stortinget, må vi handtere det. Det må vere ei føresetnad at dette skjer i samråd med fylka det gjeld, og at det er praktisk mogleg å gjennomføre det. Vi set oss sjølvsagt ned for å diskutere dette, om det er ønskeleg.

Heller ikkje Helgheim er avvisande til forslaget frå Vedum.

– No skal vi først høyre kva dei lokale politikarane ønsker. Om dei ønsker å gå vidare med Viken, eller om dei ønsker ei anna organisering. Vi meiner det beste er å legge ned, men har dei andre løysingar på det, kan vi ikkje utelukke at vi vil sjå nærare på det.

AKTUELT NÅ