Hopp til innhold

Sein innspurt for å lande kontantstøtte til bedrifter

Bedrifter som får kontantstøtte frå staten får ikkje forbod mot å seie opp folk eller betale ut utbytte. Det er klart etter lange forhandlingar på Stortinget måndag.

I dag, tysdag, skal Stortinget vedta kontantstøtteordninga for norske bedrifter. Regjeringspartia har forhandla med dei fire største opposisjonspartia, Ap, Frp, Sp og SV. Då partane gjekk frå kvarandre ved midnatt var framleis ikkje siste versjon av avtaledokumentet sendt til printeren.

– Me skal bli ferdige på formiddagen med dei siste detaljane, så går saka som planlagd i salen seinare på dagen, seier finanspolitisk talsperson Mudassar Kapur i Høgre til NRK.

Men kriseråka bedrifter får kompensasjon.

Det viktigaste er nemleg på plass.

– Dette er ei helsing til heile Noreg. Det vi gjer i dag hadde vore fullstendig utenkjeleg for ein månad sidan. No er det heilt nødvendig. Dette er det største vedtaket Stortinget nokon gong har gjort. Årsaka er at vi skal redde arbeidsplassar og bedrifter, og trygge kvardagen til folk i heile landet, seier Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum til NRK.

NRK har fått stadfesta frå fleire hald at partia i det vesentlege er einige om å vedta den modellen som finansminister Jan Tore Sanner og næringsminister Iselin Nybø la fram på torsdag i førre veke.

Ordninga vil dekke mesteparten av dei faste utgiftene til bedrifter med stort inntektsfall på grunn av koronakrisa. Bedrifter som er pålagt av staten å stenge ned får mest. Stortinget let, etter det NRK kjenner til, alle dei vesentlege prinsippa i støtteordninga bli ståande.

Finansminister Sanner opplyste at kostnaden ved ordninga kunne bli rundt 20 milliardar kroner i månaden. Stortinget stiller seg bak å bruke desse milliardane for å hjelpe norsk næringsliv gjennom koronakrisa.

Ikkje forbod mot utbytte

Sjølv om støtta kostar fleire milliardar i veka, så har forhandlingane på Stortinget i liten grad handla om kor mykje bedriftene skal få. Samtalane har i større grad handla om innramminga av ordninga.

På venstresida i politikken har det vore ønske om å stille fleire krav til bedriftene enn det regjeringa la opp til.

LO-leiar Hans Christian Gabrielsen tok til orde for at dei som får støtte ikkje skal ta ut utbytte eller betale ut bonusar. SV ønskte at bedrifter som får krisehjelp ikkje skulle ha lov til å seie opp folk.

Alt dette har vore tema i forhandlingane.

Men verken utbytte eller oppseiingar blir forbode for bedrifter som får krisestøtte.

Det har likevel vore politisk semje om målet: Statlege pengar skal gå til å halde liv i bedrifter. Pengane skal ikkje gjere at bedriftseigarar kan tene urimeleg på ordninga. Krisa skal ikkje bli brukt til å kvitte seg med folk.

Stortinget kjem difor med ei oppfordring til mottakarane om å ikkje betale utbytte.

Og den endelege teksten kjem truleg til å seie at bedriftene bør unngå oppseiingar i støtteperioden.

Diskusjonen på Stortinget har handla om kor strenge krav det vil vere rett å stille. Om det var nok å uttrykke kva bedriftene bør gjere, eller om dei skal seie kva ein skal gjere.

Vedum trur ikkje det blir så store utfordringar knytt til eventuelt misbruk av ordninga.

– Ingen kommer til å få dekt alle kostnadane sine. Bedriftane blir ikkje rike og det blir ikkje nokon fest. Det blir litt mindre naud. For mange blir det akkurat å redde bedrifta. Vi skal betale ut minst mogleg, men målet er å redde flest mogleg arbeidsplassar, seier Vedum.

Vil hjelpe sesongbedrifter

At kriseordninga må bidra med meir hjelp til sesongbaserte næringar, som for eksempel skisenter og anna reiseliv, har det i stor grad vore semje om.

Skiheis Norefjell.

VIL HJELPE: Stortingspartia vil hjelpe skisenter og andre sesongbedrifter, men har inga klar oppskrift.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Alle parti stiller seg bak at ordninga skal bidra til dette, men her har ikkje Stortinget ein ferdigtenkt modell, og dei ber regjeringa kome tilbake med ei konkret løysing.


Stortinget ber også regjeringa kome tilbake med ei justering av reglane for bedrifter som er organiserte i konsern. Ei problemstilling som har vore drøfta gjeld for eksempel at staten gjennom kontantstøtteordninga tilbyr å dekke husleige. Men kva med bedrifter som betaler husleige til konsernet bedrifta er ein del av?

Diskusjon om oljeindustrien

Mot slutten av forhandlingane har også vilkåra for olje- og leverandørindustrien blitt eit viktig tema. Olje- og gassnæringa er ikkje ein del av sjølve kompensasjonsordninga, men i takt med fallande oljepris blir situasjonen i næringa oppfatta som stadig meir kritisk.

I forhandlingane har difor Frp teke opp behovet for å kome med skatte- og avgiftsgrep som hjelper næringa. Bransjen sjølv ønskjer gunstigare avskrivingsreglar som vil bidra til å halde investeringsaktiviteten oppe.

Regjeringa har sagt dei skal kome tilbake til dette i revidert budsjett, men som TV 2 først meldte, har Frp kravd fortgang i arbeidet med dette under forhandlingane om kontantstøtta.

Etter det NRK kjenner til kjem ikkje avtaledokumentet til å seie noko forpliktande om skatte- og avgiftsordningar for olje- og leverandørindustrien.

Raskt på plass

Dei politiske partia har vore opptekne av å lande forhandlinga raskt slik at utbetalingane til næringslivet kan kome i gang rett etter påske.

– Det viktigaste nå er at ordninga kjem raskt på plass, sa NHO-leiar Ole Erik Almlid til NTB i helga.

Dette ser ut til å ha verka disiplinerande på partia, og sjølv om dei aller siste detaljane ikkje var på plass ved midnatt, kjem ordninga til å bli vedteken i Stortinget tysdag.

Kjelder som kjenner stortingsforhandlingane meiner planen om at bedriftene kan søke støtte frå og med 17. april, skal vere mogleg å gjennomføre.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger