Hopp til innhold

Vil forby krisehjelpbedrifter å seie opp tilsette

SV vil forby bedrifter som får krisehjelp frå staten å seie opp folk. – Dette er ein sosial kontrakt, seier SV-leiar Lysbakken. Men dei andre partia meiner oppseiingsforbod blir for firkanta.

Audun Lysbakken
Foto: Terje Pedersen

I går la regjeringa fram detaljane i støtteordninga som er blitt omtalt som «kontantstøtte» for bedrifter.

Bedrifter som har stor omsetningssvikt på grunn av koronaepidemien skal få dekt mesteparten av dei faste utgiftene sine. Dei som er nedstengt etter pålegg frå staten får dekt inntil 90 prosent, andre kan få dekt inntil 80 prosent.

Målet: At flest mogleg bedrifter skal overleve krisa. Og at tilsette i bedriftene skal ha ein jobb å gå tilbake til.

Vil stille sosiale krav

No skal Stortinget forhandle ferdig detaljane. Då kjem diskusjonen om krav til dei selskapa som skal motta støtta.

For SV står dette kravet heilt sentralt: Bedrifter som får utbetalt statleg støtte må forplikte seg til å ikkje seie opp folk i støtteperioden.

– Ordninga må vere ein sosial kontrakt, vi må vere heilt sikre på at det ikkje berre er bedriftseigarane som får hjelp, men også arbeidsfolk. Dette skal bidra til at folk held på jobben. Det er permitteringar som må vere alternativet, ikkje permanent nedbemanning, og det må ordninga sikre.

– Har du grunn til å tru at bedrifter som får kontantstøtte vil seie opp folk?

– Eg trur bedriftsleiarar flest no kjempar for å bevare arbeidsplassane. Men det er viktig når vi skal bruke så mange pengar at det er nokre reglar. Vi stiller tøffe krav til folk som får krisehjelp frå staten, det må gjelde bedriftene også. Det er heilt naturleg.

Ingen krav til oppseiingar

I forslaget som regjeringa la fram i går låg det ingen formuleringar om å forby eller sette grenser for oppseiingar i bedriftene som får statleg hjelp.

Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen trur ikkje det er slike krav arbeidstakarar i privat sektor treng no.

– Sjølv om vi snakkar godt med alle partia på Stortinget no, så må vi passe oss for å lage ordningar som gjer det vanskelegare for verksemdene og norsk næringsliv å kunne drive vidare etterpå. Viss vi set strenge grenser for bedriftene blir det vanskelegare å ha eit livskraftig næringsliv i det øyeblikket vi opnar meir opp, seier Isaksen til NRK.

Audun Lysbakken og Torbjørn Røe Isaksen

Audun Lysbakken og Torbjørn Røe Isaksen er ofte ueinige. Denne gongen også.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Skepsis frå opposisjonskameratar

Den endelege kontantstøtteordninga må vere klar til vedtak i stortingssalen førstkomande tysdag - om berre fire dagar. I dei tidlegare krisepakkeforhandlingane har opposisjonspartia Ap, Frp, Sp og SV funne saman i ein uvanleg allianse og forandra på mykje av innhaldet i ordningane som har vore foreslått frå regjeringa.

Men om dette forslaget er ikkje dei fire samstemte.

– Vi deler målsetninga til SV, seier riktignok næringspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Terje Aasland.

– Men vi er redd for å sette for bestemte krav, det kan vere utilsikta verknader av slike vedtak, seier han og nemner som eksempel bedrifter som over tid har vore i ein nedbemanningssituasjon, men som samtidig med god grunn kan trenge hjelp frå staten akkurat no.

– Men viss ein vil sikre seg at bedriftene brukar støtteordningane slik politikarane ønskjer er det ikkje då lurt å stille så tydelege krav som SV foreslår?

– Det kan godt tenkast at det er rett å legge denne typen forventningar til grunn, men å sette det som eit eksplisitt krav gjennom vedtak i Stortinget er eg usikker på om er rett. Vi får vurdere det når vi går i gang med behandlinga av saka, seier Aasland.

Ikkje slikt politikarane skal styre

Frps Sylvi Listhaug seier ho også deler målet om at flest mogleg bedrifter skal halde på sine tilsette gjennom krisa.

– Men vi kan ikkje sette slike krav. Viss ei verksemd treng færre folk, må dei kunne gjennomføre det. Dette er private bedrifter, det kan ikkje politikarane styre, seier Listhaug og nemner bensinstasjonar som reduserer opningstida som eksempel på at det vil vere eit urimeleg politisk krav å forlange at ein slik ikkje skal kunne redusere staben.

– Med slike krav vil iallfall bedrifter gå konkurs, meiner Listhaug.

Pressekonferanse på Stortinget i forbindelse med regjeringens krisepakke

Frps Sylvi Listhaug (t.v.) har stått saman med Sp-leiar Vedum, Aps Hadia Tajik og SV om fleire krisetiltak som er vedteke på Stortinget dei siste tre vekene. Denne gongen er både Listhaug, Sp og Ap skeptiske til SVs forslag.

Foto: Terje Bendiksby

Også Senterpartiets medlem i finanskomiteen, Sigbjørn Gjelsvik, seier til NRK at han deler SVs intensjon, men er skeptisk til å vedta eit konkret forbod mot oppseiingar.

– Vi går inn i desse forhandlingane også med tru på at det er mogleg å finne løysingar, seier SV-leiar Lysbakken.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger