Hopp til innhold

SAS kollapsar på børsen

Etter at SAS i går annonserte at dei fekk nye aksjonærar, kollapsar dei på børsen. I Stockholm fall aksjen 94 prosent etter fire minutt med handel.

SAS' konsernsjef Anko van der Werff (t.v.) og styreleder Carsten Dilling la fram redningsplanen litt etter klokken 18.

Konsernsjef i SAS Anko van der Werff og styreleiar Carsten Dilling la fram redningsplanen litt etter klokka 18 i går.

Foto: CHRISTINE OLSSON/TT / AFP

Det skriv Dagens Næringsliv.

På Oslo Børs blei aksjane til SAS umiddelbart sett på pause i det Oslo Børs opna klokka 9.00 onsdag, fordi det vart det lagt inn ei massiv overvektsordre.

Då handelen starta klokka 09.30 hadde aksjeverdien gått ned 80 prosent.

På børsen i Stockholm fall aksjen 94 prosent etter fire minutt med handel og henta seg inn til 77 prosent fall etter ein halvtime. Då vart ein aksje seld for omtrent to svenske ører.

Les også Slik skal SAS reddes – dagens aksjonærer mister alt

SAS har innhentet nærmere 13 milliarder svenske kroner, og får med det inn Air France-KLM, Lind Invest og den danske stat på eiersiden.

Det skjer etter at det i går vart kjend at SAS-aksjonærane ikkje fekk behalde nokon verdiar etter at konkursbehandlinga i USA var over.

I 2022 søkte flyselskapet om vern av ein amerikansk domstol i New York for å unngå å bli slått konkurs. I mellomtida prøvde dei å hente ny kapital og slette gjeld.

Les også SAS søker konkursvern i USA

Anko van der Werff i SAS.

Flyselskapet fekk ikkje til å hente inn nok kapital frå sine eigne eigarar og måtte difor ta inn nye.

I redningsplanen som vart lagt fram i går vert SAS tatt av børsen i 2024. Aksjen blir då nulla ut og verdilaus.

Dei nye eigarskapet i SAS består av Air France-KLM, den danske staten, investeringsfonda Castlelake og Lind Invest, saman med kreditorar. Dei går inn med 13 milliardar svenske kroner.

Det betyr at dagens aksjonærar mister alt.

AKTUELT NÅ