Hopp til innhold

SAS søker konkursvern i USA

Det kriseråka flyselskapet søker no konkursvern i USA. SAS seier at streiken går utover selskapets økonomi og ber pilotane avslutte den, mens pilotane meiner dei blir framstilte som syndebukkar.

Anko van der Werff i SAS.

SAS-konsernsjef Anko van der Werff ber pilotane avslutte streiken – for både selskapet og passasjerane si skuld.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

SAS og enkelte av deira dotterselskap har tysdag søkt om konkursvern i USA.

Flyselskapet innleier ein rettsprosess gjennom ein såkalla Chapter 11-oppmoding, ifølge ei børsmelding.

Det blir i så fall ein juridisk prosess for finansiell restrukturering under tilsyn av ein amerikansk føderal domstol. Søknaden er levert til ein domstol i New York.

På ein pressekonferanse seier SAS-konsernsjefen at søknaden har vore planlagt lenge, men at den blei skunda fram fordi dei fryktar å miste endå meir likviditet som følge av pilotstreiken.

– Dette var eit planlagt trekk dersom vi ikkje blei einige utanfor retten. Og det har vi vore tydelege på, seier Anko van der Werff til NRK.

Oslo Lufthavn Gardermoen, 4. juli

Streiken trefte på den travlaste veka for SAS sidan før pandemien.

Foto: Mathias Moene Rød

Styreleiar Carsten Dilling understrekar at SAS held fram drifta som vanleg under prosessen. Han er også skuffa over at det blei streik.

– No, i den absolutt verste timinga tenkeleg, så får vi ein streik. Berre i dag har vi kansellert 250 fly. Det er ei katastrofe for SAS, seier han til NRK.

– Ein villa streik

SAS-pilotane, som i går gjekk ut i streik, reagerer sterkt på nyheita. Dei meiner dei blir brukte som ei brekkstong inn i eit konkursvern.

– For meg fall veldig mange brikker på plass når eg såg at søknaden blei sendt dagen etter at vi gjekk i streik, seier Roger Klokset, leiar for SAS-pilotane, til NRK.

– Det er ikkje tvil om at SAS-leinga har narra oss, og det er dei som har strekt heile denne prosessen her frå november til dagen før dei kunne sende ein søknad, seier han vidare.

Roger Klokset og Martin Lindgren

Roger Klokset og Martin Lindgren representerer den norske og den svenske pilotforeininga.

Foto: CHRIS ANDERSON /TT / NTB

Ifølge Klokset har pilotane i streik særleg har reagert på haldninga SAS-leiinga har vist i media.

– Pilotane er lurte, og dette forsterkar vårt inntrykk av at dette er ein villa streik frå leiinga si side – for å skape ein syndebukk.

Klokset seier dei har kjent til at SAS har førebudd ein Chapter 11-søknad sidan i fjor haust.

– No forstår vi betre kvifor målet med ei løysing heile tida har flytta seg, og kvifor det var umogleg å inngå ein avtale, seier Klokset.

Ber om å få avslutta streiken

Van der Werff vil ikkje kommentere utsegna til SAS-pilotane, men ber om ein stopp på streiken.

– Vi oppfordrar fagforeiningane til å avslutte streiken og komme tilbake til forhandlingsrommet, slik at passasjerar i det minste kan reise igjen, og slik at selskapet ikkje får desse negative konsekvensane, seier van der Werff.

Flyselskapet seier konkursvernet er eit steg i SAS Forward-redningsplanen.

Han er sikker på at Chapter 11-prosessen vil gjere selskapet sterkare.

– Eg trur verkeleg at dette er den beste vegen framover for SAS, våre tilsette, kundane våre, forretningspartnarane og samfunna.

Men styreleiar Dilling understrekar at det står att mykje arbeid for selskapet.

– Vi må kutte store kostnadar for å bli konkurransedyktige. Den pågåande streiken gjer ein vanskeleg situasjon endå tøffare.

Likviditet under press

På spørsmål om streiken er årsaka til at dei søkte om konkursvernet, svarar styreleiar Dilling «nei». Han seier det ikkje er ein direkte lenke mellom streiken og konkursvernet.

– Men sjølvsagt har streiken sett press på vår likviditet.

Carsten Dilling

Styreleiar Carsten Dilling seier SAS har behov for sine pilotar no, og seier det ikkje var ansvarleg av dei å streike no.

Foto: Ksenia Novikova / Nrk

Dilling seier konkursvernet var ei veldig gjennomtenkt avgjersle frå styret.

– SAS har i mange år hatt ein struktur som ikkje er konkurransedyktig, og det har hindra oss frå å nå selskapets fulle potensial.

Ved utløpet av siste kvartal hadde SAS ei renteberande gjeld på 40,5 milliardar kroner. Selskapet skriv at konkursvernet er deira neste steg i redningsplanen, SAS Forward, som blei lansert i februar.

Chapter 11 er den amerikanske gjeldsforhandlingsløysinga. Konkursvernet inneber at kreditorar ikkje kan slå selskapet konkurs.

Les også: Flyanalytiker om SAS: – Ikke et godt investeringsobjekt

Espen Andersen intervjues av reportere Helle Fjelldalen og Paal Wergeland på sitt kontor på BI i Nydalen
Espen Andersen intervjues av reportere Helle Fjelldalen og Paal Wergeland på sitt kontor på BI i Nydalen

Treng investorar

Nyheita om konkursvernet kjem dagen etter at 900 SAS-pilotar gjekk ut i streik.

Analytikarar har kome fram til at ein streik kostar flyselskapet mellom 80 og 100 millionar kroner dagleg. Konsernsjefen uttrykte også si bekymring og skuffelse etter det blei klart at partane ikkje hadde kome til einigheit.

SAS-serviceskranke på Gardermoen 4. juli.

Tusenvis av SAS-kundar får ikkje reist med flyselskapet.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

I ei pressemelding skriv SAS at streiken har ein negativ effekt på selskapets likviditet og finansielle posisjon.

– Og dersom den blir forlenga kan effekten bli vesentleg, skriv selskapet.

Vidare skriv dei at dei er i diskusjonar med ei rekke potensielle långivarar for å sikre finansiering tilsvarande 7 milliardar svenske kroner. Dette skal støtte drifta gjennom rettsprosessen, som dei ventar vil ta 9–12 månader.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger