Milliardtap for SAS i mars
SAS hadde eit underskot på ein milliard svenske kroner i mars. Det viser tal selskapet har offentleggjort skriv NTB.
Selskapet har i alt gått med knappe 3,3 milliardar svenske kroner i underskot sidan rekneskapsåret starta 1. november.
SAS har fått konkursvern i USA, og ventar på ei tilsvarande godkjenning frå svenske styresmakter i samband med ei omstrukturering av selskapet.
Air France-KLM, investeringsselskapet Castlelake, den danske staten og finansmannen Henrik Lind blir nye eigarar av flyselskapet.
EU-kommisjonen må også godkjenne den nye eigarstrukturen.