Hopp til innhold

SAS før forhandlingane: – Ambisjon om å løyse konflikten

Forhandlingane mellom SAS og pilotane blir tatt opp igjen på onsdag, stadfestar SAS Norge Flygerforening til NRK.

Streikevakter på Gardemoen

Streikevakter står utanfor Oslo lufthamn måndag.

Foto: Annika Byrde / NTB

I morgon møter SAS-pilotane og SAS kvarandre i Stockholm.

– Vi har førebudd oss godt, og vi skal vere konstruktive med formål om å eines om ei ny avtale, seier sjef i SAS Norge, Kjetil Håbjørg, til NRK.

Streiken, som er anslått å koste SAS 100–130 millionar kroner dagleg, er no inne i sin åttande dag. 900 pilotar gjekk ut i streik måndag 4. juli.

Jan Levi Skogvang (Parat)

Jan Levi Skogvang i SAS Norge Flygerforening.

Foto: ksenia novikova / nrk

Forventar at alle partar ser på sine posisjonar

Den svenske meklaren stadfesta det først til danske TV 2. Dansk Pilotforeining stadfestar også til Ritzau at forhandlingane startar onsdag. Måndag blei partane einige om å returnere til forhandlingsbordet.

Kjetil Håbjørg, seier tysdag kveld at dei har håp om å kome til einigheit i morgon.

– Dette er ikkje ein vanleg lønnsforhandling for oss. Det er ekstremt viktig. Vi har ambisjonar å få det til, men det er klart det må vere noko vi kan investere i, seier Håbjørg.

Han seier SAS har notert seg at riksmeklaren har sagt at alle partar må sjå på sine posisjonar.

– Det gjer vi, og det forventar vi at alle partar gjer, seier han til NRK.

SAS-pilotane på sin side, er litt meir avventande før morgondagens

– Vi er iallfall villig til å kome for å snakke med SAS, seier Jan Levi Skogvang i SAS Norge Flygerforening.

Han har eit håp om å få det overstått, men har ingen konkrete forventningar.

– Eg forventar berre at SAS har noko meir å kome med enn det dei gjorde førre måndag.

Les også Hastemøte i nord: – Situasjonen er svært krevende

Hovedinngang til Nordlandssykehuset.

Fastlåst situasjon

Pilotane hadde i går eit statusmøte med riksmeklaren. Ikkje for å forhandle, men for å klargjere kvar dei står.

Konklusjonen frå riksmeklar Mats Ruland var at situasjonen framleis var like fastlåst som ved streikens start. I kveld oppfordrar han partane til å gå kvarandre i møte.

– Eg håpar vi skal klare å kome fram til ei løysing. Partane må flytte på posisjonane sine, det er det som må til for å kunne kome til einigheit, seier han til NRK.

Tal frå Avinor viser at minst 159 SAS-flygingar er innstilte som følge av streiken tysdag, skriv NTB. Minst 30.000 passasjerar blir ramma dagleg.

SAS konsernsjef Anko van der Werff har i dag kome med nye innspel for Riksmeklaren for å få framdrift i forhandlingane. Van der Werff forlét Näringslivets Hus i Stockholm i 16-tida etter å ha møtt representantar for meklarane.

Les også SAS vil gjenoppta forhandlingene: – Dette er en diskusjon om SAS sin fremtid

SAS

AKTUELT NÅ