Hopp til innhold

Sandberg ber om rask avklaring for planar om å drive selskap

Tidlegare fiskeriminister Per Sandberg (Frp) har varsla Karanteneutvalet i Kommunal- og moderniseringsdepartementet om selskapet han har tenkt å drive saman med sambuaren Bahareh Letnes.

Arendalsuka 2018

Per Sandberg og sambuaren Bahareh Letnes under pressekonferansen dei heldt under Arendalsuka tidlegare denne månaden.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Det går fram av skjemaet Sandberg har fylt ut det er snakk om eit enkeltmannsføretak i tillegg til selskapet til sambuaren, og som seinare skal bli eit aksjeselskap. Det står også at selskapet skal drive konsulentverksemd innan marknadsføring, rådgiving og publikasjonar innanfor eit breitt spekter av næring/politikk.

«Herunder særleg norsk sjømatnæring/teknologi. Sambuar driv selskap med sikte på handel, på brei basis», heiter det vidare.

Per Sandberg besøker Lindmo på fredag. Der forteller den tidligere fiskeriministeren om sitt forhold til kjæresten Bahareh Letnes.

Per Sandberg: – Aldri trodd saken skulle få slike dimensjoner

Fiskeri og havbruk

Han skriv dette om kva oppgåver han skal ha i den nye stillinga:

«Forhandlar med ulike interesser for kontraktar, prosjekt knytt til sal, marknadsføring i inn- og utland. Det gjeld også førespurnader om foredrag, særleg knytt opp mot fiskeri og havbruk.»

Sandberg svarar ja på spørsmål om han gjennom sine politiske verv har vore forbindelse mellom hans ansvarsområde og interessene til den nye verksemda.

Han skriv også at det ligg føre forhold i hans politiske virke eller arbeidsoppgåver som har gitt eller kan gi verksemda særlege fordelar ved å tilsette han.

Per Sandberg forteller om sin mobilbruk i Iran i Dagsnytt 18

Per Sandberg om mobilbruk

– Kan svekkje tillit

På skjemaet er det også eit spørsmål om overgangen til den nye verksemda av andre grunnar vil kunne svekkje tilliten til forvaltinga. Her svarar Sandberg også ja.

Under feltet for andre opplysningar skriv den nyleg avgåtte fiskeriministeren dette: «Ønsker rask avklaring for å skape forutsigbarhet og kunne avklare kontrakt og avtaler».

Karanteneutvalet skal avgjere om Per Sandberg skal ileggjast karantene før han kan starte i den nye jobben.

Sandberg trekte seg som fiskeriminister og første nestleiar i Framstegspartiet for snart tre veker sidan, etter at han braut tryggingsreglar i samband med ei privat reise til Iran i sommar. Han hadde med seg sambuaren Bahareh Letnes, som sjølv er frå Iran, på turen.

Per Sandberg sier han skal hyre inn utenlandske advokater for å ta et oppgjør med norsk presse.

Raser mot pressen: – Dere har nærmest henrettet Bahare

AKTUELT NÅ