Stortinget ber om fleire svar i Sandberg-saka

Kontrollkomiteen på Stortinget vil ha fleire svar i saka om Per Sandbergs reise til Iran, og sender ei rekke spørsmål til Statsministerens kontor.

Høring i Stortingets kontroll-og konstitusjonskomite

Komiteleiar i Kontrollkomiteen på Stortinget, Dag Terje Andersen, seier komiteen vil sende nye spørsmål til Statsministerens kontor for å blant anna spørje om kva faglege vurderingar som blei gjort då Per Sandberg reiste til Iran og Kina.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Komiteen krev blant anna at statsministeren gjer greie for dei faglege vurderingar som blei gjort då den tidlegare fiskeriministeren reiste til Iran og Kina.

Stortinget ønsker også å vite kva vurderingar PST har gjort av risikoen ved at Sandberg hadde med seg den same tenestetelefonen både til Kina og Iran.

– Vi er samde om å stille nokre oppfølgingsspørsmål. No er det mange spørsmål som er stilte og svarte på, så dei skal vi ikkje stille på nytt Men i dag har vi blitt samde om ei rekke nye spørsmål i saka, seier komiteleiar Dag Terje Andersen til NRK.

Ikkje ute etter Sandberg

Per Sandberg gjekk av som fiskeriminister og nestleiar i Frp i august, etter at han hadde vore på ferie i Iran saman med kjærasten Bahareh Letnes. Sandberg informerte ikkje Statsministerens kontor om ferieturen, og tok med seg jobbtelefonen til Iran. Det er brot på sikkerheitsrutinane. Sandberg har beklaga begge desse tilfella.

Då Sandberg trekte seg, skjedde det etter ei omfattande mediedekning og mange spørsmål frå opposisjonen på Stortinget.

Arendalsuka 2018

Per Sandberg og kjærasten Bahareh Letnes fekk mykje kritikk etter at dei la ferien til Iran i sommar. Under Arendalsuka tok Sandberg eit oppgjer med mediedekninga av saka.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Men sjølv om Stortinget no kjem med nye spørsmål i saka, handlar ikkje det om Sandberg som person, seier Andersen.

– Vi granskar ikkje mobilbruken til den enkelte. Vi ber regjeringa gjere greie for om sikkerheita rundt mobilar er god nok. Då gjeld det sjølvsagt ikkje berre Per Sandberg, men over lengre tid. Vi må forsikre oss om at ein i dag har system som gjer t ein ikkje opptrer på ein måte som gjer at informasjon kan kome på avvege.

Uvisst om dei vil opne sak

Undersøkingar Servicesenteret til departementet (DSS) gjennomførte, viste at det ikkje var registrert forsøk på å logge seg inn i saksbehandlingssystemet medan Sandberg var på ferie i Iran.

PST undersøkte også telefonen til Sandberg etter at han kom heim, men fann ikkje spor som kunne tyde på at iransk eller kinesisk etterretning hadde fått tak i innhaldet på telefonen. Men PST-sjef Benedicte Bjørnland sa dei likevel ikkje kunne utelukke at det hadde skjedd.

– Dette er land som har svært ressurssterke sikkerheits- og etterretningstenester. Dei har svært sofistikerte tekniske kapasitetar, og det er ikkje sikkert vi kan sjå avtrykk av det på telefonen, sa ho.

Leiar i Kontrollkomiteen på Stortinget, Dag Terje Andersen, seier heile komiteen stiller seg bak dei nye spørsmåla som no blir sendt til Statsministerens kontor. Men han seier det er for tidleg å seie om dei kan kome til å opne sak.

– Ganske ofte får vi svar på dei spørsmåla vi stiller. Får vi svar vi er nøgde med, er vi ferdige med saka. Det er for tidleg å seie om det kan bli opna sak. Vi er ikkje der no. No stiller vi spørsmål for å få svar.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger