Hopp til innhold

Revisorforeininga: – Veldig alvorleg sak

Per Hanstad i Den norske revisorforeininga meiner at det er lite truverdig at Ap-politikar Liadal skuldar på rot i reiserekningssaka.

Per Hanstad i Revisorforeningen

Per Hanstad er administrerande direktør i Revisorforeininga.

Foto: Sverre Jarild / Den norske revisorforeningen

Nestleiar i Rogaland Ap, Hege Haukeland Liadal, har kravt over 60.000 kroner frå Stortinget for ei rekke reiser som aldri har funne stad, skriv Aftenposten.

Per Hanstad, administrerande direktør i Den norske revisorforeining, meiner at saka er veldig alvorleg.

– Dei fleste av oss har ikkje noko problem med å hugse om vi har reist eller ikkje, seier han, og legg til:

– I utgangspunktet er det jo ulovleg å styrke seg på pengar ein ikkje har rett på.

Han meiner det ikkje nyttar å skulde på rot, slik Liadal gjer.

– Det er inga unnskyldning i slike situasjonar. Det høyrest ikkje truverdig ut, spør du meg.

Etterlyser meir kontroll

Hanstad viser til at presidentskapen og administrasjonen på Stortinget har ansvar for å lage eit system som ikkje gjer det freistande å jukse med reiserekningar. I januar oppfordra han Stortinget til å stramme inn reisereglane.

– Eg veit dei har hatt ein prosess for å gå gjennom dette. Dei bør definitivt ta ein ny diskusjon og sjå om dei kan setje i verk ytterlegare kontrollar for å unngå dette.

Han foreslår at ein gruppeleiar eller andre kan ha ansvar for å attestere at representantar skal ha tilbake pengar dei har brukt på reiser.

Hanstad understrekar at Stortinget ikkje har råd til fleire riper i lakken.

– Stortinget er avhengig av tillit, og den tilliten får ei lita skrape kvar gang denne typen situasjonen oppstår. Det trur eg ikkje kongeriket og Stortinget er tent med.

Fleire tilfelle med rot

I oktober avslørte Aftenposten at stortingsrepresentant Mazyar Keshvari (Frp) hadde levert fleire fiktive reiserekningar. ifølgje avisa leverte han udokumenterte reiserekningar for til saman 290.000 kroner i perioden november 2016 til august 2018.

Det førte til at Stortingsadministrasjonen melde Keshvari, og at Stortingspresidenten varsla ein gjennomgang av regelverket.

Også partifellen til Keshvari, Helge André Njåstad (Frp), har levert rekningar det har blitt stilt spørsmål ved. I januar avslørte NRK at Njåstad hadde teke med familien på flotte hotell fleire stader i Noreg. Ved å legge inn korte jobbmøte fekk Frp-toppen reisene dekt av Stortinget.

Njåstad sa han meinte reisene var utgiftsført i tråd med regelverket til Stortinget. Men parlamentarisk leiar Hans Andreas Limi (Frp) understreka overfor NRK at det var viktig å skilje mellom jobb og privatliv.

Overraska over saka

Han vil ikkje ta stilling til om politiet bør undersøke Liadals reiserekningar.

– Men slik eg oppfattar saka i Aftenposten, har saka likskapstrekk med Keshvari-saka, seier Hanstad.

Han er overraska over at det kjem nok ei sak om stortingsrepresentantar og reiserekningane deira.

– Eg lurer på kor mange slike saker som ikkje er komme til overflata.

AKTUELT NÅ