melder i dag at Rema har tapt 90 millionar kroner i januar. Ole Robert Reitan kan ikkje gå god for dette talet, men stadfestar at dei har tapt pengar på aksjonane i Bergen og Tromsø. Han vedgår også at han er overraska over det enorme engasjementet for øl.
Ole Robert Reitan var i kveld gjest hos Ole Torp i programmet Torp. Han meiner mykje av kritikken mot Rema 1000 er basert på feil oppfatning av kva selskapet eigentleg gjer.
Hansa og Mack
– Vi sluttar ikkje å selje korkje Mack-øl eller Hansa, men tilpassar utvalet i butikkane til den lokale etterspurnaden. Det betyr at Hansa blir å få kjøpt på Vestlandet, og eg håpar også at vi får til ein avtale om sal av Mack i Nord-Noreg, sa Reitan i intervjuet.
Han varslar også større satsing på handverksøl frå mindre og lokale produsentar.
Daglegvare-toppen gjorde det også klart at han ikkje angrar på omlegginga dei no har starta på i konsernet. Han trur at det å satse på fleire lokale og kortreiste produkt, å satse meir på økologiske varer og varer frå småprodusentar, vil møte dei krava kundane vil ha i framtida.
– Vi har avgrensa plass i butikkane. Ein del varer må ut for å få plass til nye. I mange år har vi fått kritikk for at butikkane her i landet er altfor like, og no har vi tenkt å gjere noko med det. Vi trur vi kjem til å få fleire fornøgde kundar, sa Reitan.
VIDEO: Sjå heile intervjuet med Ole Robert Reitan.
– Suksess for «Æ»
Samstundes gjorde han det klart at den mykje omtalte «Æ»-appen, som dei har fått mykje kritikk for, har vore ein stor suksess for Reitan-gruppa.
- «Æ» har vore ein fantastisk suksess. Vi har 940.000 brukarar, og alle har lasta ned appen og handlar i butikkane våre. I fjor hadde vi ein kundevekst på 5,5 prosent, fortalde han i intervjuet.
Reitan karakteriserte konkurransen på daglegvaremarknaden her i landet som ekstrem krig på alle frontar, der alle er til stades over alt. Og konkurransen handlar om både pris, utval og kvalitet, men framover også like mykje på helse, berekraft, miljø og samfunnsansvar.
Ole Robert Reitan likar ikkje at det berre er tre aktørar igjen i daglegvaremarknaden, og han fryktar at det på sikt kan gå ut over kunden.