Hopp til innhold

Vedum om innføringa av grunnrenteskatt: – Sånn blir det

Regjeringa vurderer å oppretta eit uavhengig råd som skal fastsetja prisen på laks som skal liggja til grunn for grunnrenteskatten.

Pressetreff med finansministeren og fiskeri- og havministeren

NORMPRISRÅD: Regjeringa vurderer å oppretta eit uavhengig organ for å fastsetja normprisar.

Foto: Javad Parsa / NTB

Det kjem fram i ei pressemelding i dag.

Oppdrettsnæringa har protestert om den såkalla normprisen som skal liggja til grunn for skattlegginga.

Denne er knytt til ein spotpris på børs, men er ikkje nødvendigvis den same prisen som selskapa betalar for fisken.

Dermed meiner selskapa at dei risikerer å betala meir skatt enn kva dei eigentleg skal.

No kjem altså Trygve Slagsvold Vedum med eit forslag for å finna ei løysing for prissetjinga.

– Regjeringa vurderer å oppretta eit uavhengig organ for å fastsetja normprisar som grunnlag for skatten, opplyser Finansdepartementet i pressemeldinga.

Les også Regjeringen under press: Åpner for å endre lakseskatten

Lovundlaks sine merder utenfor Sleneset, Lurøy kommune.

– Sånn blir det

Hensikta med å bruka normpris, i staden for prisen selskapa faktisk sel for, er at regjeringa fryktar skattetilpassing. Det er fordi mange lakseselskap sel laksen til andre selskap innanfor same konsern som foredlar fisken vidare.

– Det har heile tida vore klart at prisen må vera reell og spegla ein uavhengig marknadspris. For at grunnrenteskatten skal verka etter hensikta må den gjelda overskotet i bransjen, seier Vedum.

Han presiserer at ein normpris må ta omsyn til kvalitetsforskjell og storleiken på fisken.

Trygve Slagsvold Vedum

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

– Det har aldri vore intensjonen til regjeringa at all laks skal verdsetjast til ein pris, slik einskilde aktørar har forsøkt å framstilla det i debatten i den siste tida, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum i pressemeldinga.

Han avviser at det aktuelt å utsetja grunnrenteskatten, slik næringa har bede om.

– Vi kjem til å innføra grunnrenteskatt frå 1. januar. Vi meiner at det er riktig at meir av den store verdiskapinga kjem tilbake igjen til lokalsamfunnet, til kystfylka, og til oss som fellesskap. Sånn blir det, seier Vedum til pressen etter møtet dei hadde med bransjeorganisasjonane.

Ville ikkje møta

– For oss var det viktig å forsøka å oppklara det næringa over tid har peikt på som dei meiner er uklart. Eg tykkjer finansministeren gjer det på ein veldig god måte. Me har hatt eit godt møte og eg ser fram til den vidare høyringsprosessen, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran etter møtet.

– Det er ei kompleks næring. Det betyr at det er mange element ein skal passa på når vi til slutt skal gå til Stortinget med det som er eit veldig klart mål for oss: Ein skatt som både er rettferdig, men også riktig, legg fiskeriministeren til.

Bjørnar Skjæran

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Foto: Rebekka Ellingsen / NRK

Klokka 10 i dag inviterte finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran dei fem største havbruksselskapa til eit møte om den omstridde grunnrenteskatten.

Men torsdag ettermiddag melde selskapa at dei ikkje møter. Dei ville heller senda bransjeorganisasjonane Sjømat Noreg og Sjømatbedriftene.

Geir Ove Ystmark, Sjømat Norge (t.v), Paul Birger Torgnes, styreleiar i Sjømat Norge, fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressetreff.

Geir Ove Ystmark, Sjømat Norge (t.v), Paul Birger Torgnes, styreleder i Sjømat Norge, fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressetreff.

Foto: Javad Parsa / NTB

Paul Birger Torgnes, styreleiar i Sjømat Noreg, seier også møtet var godt, men at der er einskilde område der dei ikkje har same oppfatning som regjeringa.

Dei vil no ta med seg og vurdera forslaget frå regjeringa om eit «normprisråd».

– Men at viljen frå statsrådane er at dette er reell inntekt som skal leggjast til grunn, det trur vi på, seier Torgnes etter møtet.

Les også Laksemilliardær Gustav Witzøe om Vedums lovnad: – Et svik

Laksekonge Gustav Witzøe i diskusjon med Vedum.

AKTUELT NÅ