Hopp til innhold

Fylkesordførar – Giske er demonisert

Fylkesordførar Tore O. Sandvik går i Adresseavisen langt i å kritisere bilete som er skapt av Trond Giske. Andre i fylkeslaget støttar at Giske delte sin versjon med sentralstyret.

Tore O SAndvik

STØTTE: Fylkesordførar i Trøndelag, Tore O. Sandvik kallar media sin omtale av Trond Giske for demonisering. Anne Marit Mevassvik, leiar i Trøndelag Ap, støttar at Giske torsdag delte sin versjon av historiene med sentralstyret i partiet.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

– Giske er utsett for demonisering i media, som ikkje stemmer med graden av alvor i det han er skulda for, seier Tore O. Sandvik til Adresseavisen.

Sandvik er fylkesordførar i Trøndelag, og var tidlegare fylkesordførar i Sør-Trøndelag. Dette er Trond Giske sitt heimfylke, og dei to har i fleire år vore aktive i politikken saman.

Han har stor forståing for at Trond Giske torsdag sende eit lengre brev til sentralstyret i Arbeiderpartiet, der han kjem med sin versjon i varslarsakene mot han.

Dette skjer etter at partileiinga 25. januar konkluderte med at Giske har drive med seksuell trakassering, ein konklusjon som fekk støtte av sentralstyret 29. januar.

Kritiserer «kommentariatet i hovudstaden»

Adresseavisen skriv at Sandvik i ein lang sms seier at han meiner det er bra at Giske tek sjølvkritikk for episodar der han erkjenner å ha påført andre ubehag.

– Men det er vanskeleg å forstå at desse skuldingane rettferdiggjer demoniseringaav han som media og spesielt kommentariatet i hovudstaden har drive med og utsett Trond og hans familie for i over ein månad. Spesielt med tanke på graden av alvori andre omtalte varslarsaker, kor detaljane er gjeve att i media, skriv Sandvik.

Samtidig skriv han at varslarane viser stort mot og fortener respekt, at hans reaksjon ikkje er eit angrep på dei eller bagatellisering av det Giske har beklaga.

– Dei fleste her i landet greier å ha to tankar i hovudet samtidig; både varslarane og den som er anklaga sin rettstryggleik. Vi burde forvente at det mediepolitiske komplekset i hovudstaden greier det same, skriv han vidare.

Han er kritisk til det han kallar einsidige vinklingar, manglande nyansar og alternative stemmer, samt bruk av anonyme kjelder som det er umogleg å forsvare seg mot.

– Forståeleg at Giske vil dele sin versjon

Fungerande leiar for Arbeiderpartiet i Trøndelag, Anne Marit Mevassvik, seier ho har forståing for at Giske vil dele sin versjon med sentralstyret.

Anne Marit Mevassvik

FORSTÅR GISKE: Anne Marit Mevassvik er leiar i Trøndelag Ap. Ho har forståing for at Giske delar sin versjon.

– Det er forståeleg at Trond kjenner eit behov for å fortelje sin versjon av varselsakene, og partiet si behandling av dei.

Mevassvik har tidlegare ytra at sakene mot Giske burde bli behandla etter at sjukmeldinga han har er avslutta.

– Samtidig meiner eg at det ikkje er mogleg eller ynskjeleg å gå vidare med denne saka no.

Også stortingsrepresentant frå Ap i Sør-Trøndelag, og 1. visepresident i Stortinget, Eva Kristin Hansen, deler denne oppfatninga.

Eva Kristin Hansen

NATURLEGVIS:–Eitkvart menneske har behov for å leggje fram sitt syn. Dette må også gjelde for Giske, seier stortingsrepresentant frå Ap i Sør-Trøndelag, Eva Kristin Hansen.

Foto: Stortinget

– Eg har forståing for at det er viktig for Trond å leggje fram korleis han oppfattar det som har skjedd.

Ho peikar på rykte rundt saka, som gjer det naturleg for Giske å fortelje sin versjon.

– Eitkvart menneske har behov for å leggje fram sitt syn. Dette må også gjelde for han. Eg har også oppfatta at partileiaren har vore open for at Giske kan leggje fram ytterlegare informasjon om sakene om han ynskjer det, seier ho.

Trond Giske er framleis sjukmeldt og har ikkje høve å kommentere, seier rådgjevar Bård Flaarønning. 7. januar trakk han seg som nestleiar i Ap, gjennom ein Facebook-post.

Giske vil fortsette i Arbeiderpartiet

I brevet Giske sende til sentralstyret skriv han at det aller viktigaste for han er å ta sjølvkritikk for episodar, at han ikkje har vore bevisst på si rolle og at han tek tilbakemeldingane, har lært og forandra seg.

«Samtidig vil jeg understreke at jeg alltid har prøvd å respektere andres grenser. Jeg har tatt et nei for et nei, og respektert signalene som er blitt gitt. Men situasjoner hvor maktforhold og alder spiller inn, krever en større bevissthet. Kraften i metoo-kampanjen bringer nye, viktige erkjennelser, og jeg støtter opp om den både personlig og politisk».

Han avsluttar med at han vil bidra så godt han kan til at partiet kan samle seg og arbeide vidare med politikk.

«Jeg har jobbet for dette partiet og slåss for de verdiene jeg mener det bør stå for i 35 år, og vil fortsette med det i mange år til. Jeg er rørt og takknemlig for all støtte, omsorg og varme fra mange av dere i sentralstyret og mange andre i partiet og fagbevegelsen over hele landet. Det har betydd mye.»

AKTUELT NÅ