Hopp til innhold

Raudgrønt eller blått?

I det dei siste vallokalane stengjer klokka ni i kveld, vert valdagsmålinga offentleggjort.

Partilederdebatten 2005
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Rømskog truleg fyrst ute

Erfaringsmessig er Rømskog kommune i Østfold tidlegast klar med valresultatet. Her stengjer vallokala klokka 15.30 i dag.

Les også: Blir Rømskog først i år også?

I dei fleste kommunane i landet er det likevel mogleg å røyste heilt til klokka 20. Nokre kommunar har vallokala opne til 21.00.

Stortinget puslespill
Foto: Grafikk: Jørgen N. R. Westerberg / NRK

Så snart oppteljinga er ferdig i dei enkelte vallokala, ringjer kommunane inn det førebelse valresultatet. Desse vert presenterte fortløpande gjennom valsendinga til NRK.

Les: Dette får du på NRK valgkvelden

Førehandsrøystene

Geir Helljesen

Geir Helljesen

Foto: Ekroll, Anne Liv / NRK

Ifølgje NRKs valekspert Geir Helljesen bør ein likevel vere varsam med å seie noko for sikkert før ein har oversikt over alle resultata.

- Resultatet frå førehandsrøystinga vil vere klart til dei tidlege prognosane, men dette er ikkje heilt representativt for befolkninga som heilskap, seier Helljesen.

Når partileiarane skal kommentere valet frå vandrehallen i Stortinget rundt midnatt, vil likevel mykje vere klart, trur Helljesen

- SSB har lova ein sikker prognose seinast 22.15, men forhåpentlegvis vert prognosane før det også brukbare, seier han.

Kor tid det endelege valresultatet er klart, er meir uvisst. Det kan stå om enkeltmandatar heilt til siste slutt.

Les også: Her står slaget om mandatene

Kan drøye til 24. september

Valoppgjeret vert gjennomført i to omgangar. Fyrst vert det undersøkt kor mange mandat kvart parti får. Deretter vert kandidatane som skal veljast inn frå dei ulike listene peika ut.

Når fylkesvalsstyrene er ferdige med mandatfordeling og kandidatkåring av distriktsrepresentantane, skal riksvalsstyret kåre eitt utjamningsmandat for kvart fylke. Denne utrekninga går ikkje føre seg før 24. september.

- Er det svært jamnt, kan det i utgangspunktet drøye til 24. september før det endelege resultatet er heilt klart, seier seniorrådgjevar Marianne Riise i Kommunal- og regionaldepartementet.

Resultata skal fyrst teljast to gonger i kommunen. Deretter skal fylka kontrollere desse resultata.

- I praksis kan det skje endringar i løpet av denne prosessen, men det er vanskeleg å seie noko om på førehand. Prognosane undervegs i dag kan også godt syne seg å verte heile korrekte, seier Riise.

Dei 169 stortingsmandata skal delast på følgjande vis:

Oslo 17 mandat, Akershus 16, Hordaland 15, Rogaland 13, Sør- Trøndelag 10, Nordland 10, Østfold 9, Buskerud 9, Møre og Romsdal 9, Hedmark 8, Oppland 7, Vestfold 7, Troms 7, Telemark 6, Vest-Agder 6, Nord-Trøndelag 6, Finnmark 5, Sogn og Fjordane 5 og Aust-Agder 4.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger