– Dersom det skjer ein valdsaksjon er det god grunn til å tru at andre ekstreme grupper vil reagere og mobilisere, seier analysesjef Jon Fitje Hoffmann.
PST fryktar at det kan føre til ein valdsspiral som vil vere uføreseieleg, vanskeleg å hindre og som lett kan eskalere.
– Vi ser jo at ulike ekstreme grupper eksisterer i Noreg, og dei har kvarandre som sine fiendebilete.
– Farleg miks
Hoffmann viser til tradisjonelle høgreekstreme og venstreekstreme grupper, og at i tillegg så har ekstreme islamistar no blitt ei veldig tydeleg gruppe.
– Og ein har fått ein avart av høgreekstremistar, altså anti-islamistiske grupper. Dette kan totalt sett vere ein ganske farleg miks, som kan gjere at ein provokasjon eller ei hending fører til ein valdsreaksjon, ei mobilisering og dette kan eskalere.
Han seier at det er potensial for ei slik utvikling i dag, og at dei alt har sett forsøk på provokasjonar.
– Difor er det også viktig at ein jobbar meir målretta for å hindre radikalisering, seier han.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Viser til andre land
Petter Nesser, forskar ved Forsvarets forskningsinstitutt, seier at det har vore fleire døme på gjensidig radikalisering i andre land, spesielt etter drapet på regissøren Theo van Gogh i Amsterdam i 2004. Han vart drepen av ein muslimsk fundamentalist, som reagerte på at Gogh kritiserte islam i ein av filmane sine.
– Det har vore angrep frå høgreekstreme eller anti-islamske krefter mot moskear eller muslimar. Dei siste åra har det også blitt avslørt fleire terrorplott der islamistar har prøvd å angripe høgreekstreme eller anti-islamske aktivistar.
Nesser seier at dette også kan smitte til Noreg, og at når radikale islamistiske miljø blir større og meir synlege, så provoserer fram dette også radikalisering i grupper som høyrer til ei anti-islamistisk retning.
– Det er uro knytt til dette også i Noreg, seier Nesser.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: