Hopp til innhold

Ikkje berre i storbyane ekstremisme kan gro

FØRDEHUSET (NRK): I Sogn og Fjordane finst det ikkje ekstreme miljø som politiet er spesielt uroa over. Men bodskapen på ein konferanse i Førde onsdag var likevel at terrorplanlegging like gjerne kan føregå i små utkantsamfunn som i byar.

Pål Tore Haga

– MÅ BYRJE MED OSS SJØLVE: Pål Tore Haga arbeider med førebygging av ekstremisme og hatkriminalitet.

Foto: Espen Breivik / NRK

For det finst døme på at det kan ulme også i grisgrendte strok. For nokre år sidan vart ein mann som hadde budd fleire år i Førde dømd for å ha delteke i planlegging av terrorhandliga mot Jyllandposten i Danmark.

Her på Vestlandet har politiet fleire gonger oppsøkt enkeltpersonar på bakgrunn av internettaktivitet.

  • Sjå innslag i Vestlandsrevyen om temaet:
    Radikaliseringskonferanse i Førde

    Foto: Oddmund Haugen. Redigering: Anders Mildestveit.

No har alle politidistrikta folk som arbeider med førebygging mot radikalisering og ekstremisme. I Vest politidistrikt er det ei av oppgåvene til Pål Tore Haga, som deltok på konferansen i Førdehuset.

– Det er viktig å ha fokus på dette uavhengig av kvar ein bur i Norge, om ein bur midt i Oslo sentrum eller i Førde eller Florø. Det å førebygge at folk blir radikaliserte og i verste fall valdelege ekstremistar er eit samfunnsansvar.

Respekt og varme, men ikkje naivitet

For dette er ikkje berre politiet sin jobb, seier Haga.

– Alle aktørar i samfunnet har ei rolle. Vi i politiet har eit ansvar for å gjere det vi kan. I Vest politidistrikt har vi utarbeidd ein handlingsplan som enno ikkje er forankra i leiinga. Vi er opptekne av inkludering, av å motverke mobbing og utanforskap.

Han meiner alle har eit ansvar for å framelske gode og trygge haldningar.

– Vi må byrje med oss sjølve, korleis bygger vi relasjonar til andre. Vi må opptre med respekt, tiltru, kjærleik og varme. Vi må ikkje vere naive, men ein god førebyggingsmåte er å reflektere over sin eigen veremåte, slik at vi får eit varmt og godt samfunn.

Konferanse om ekstremisme

MANGE INTERESSERTE: Mange ville lære meir om førebygging av valdeleg ekstremisme.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Drastisk skifte

Ekstremisme kan vekse fram også i "Bygde-Noreg", ein treng ikkje eit radikalt eller ekstremt miljø rundt seg, men folk kan verte radikalisert over nettet, seier Elisabeth Harnes i RVTS (Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging).

– Det handlar ofte om eit drastisk skifte i meiningar, dei kjem med ekstreme ytringar som kan verke unormalt for denne personen.

Elisabeth Harnes

– GÅ I MØTE MED DEI: Elisabeth Harnes i RVTS.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Bør vi alltid vere uroa når nokon har radikale meiningar og standpunkt?

Nei, radikalisering er i seg sjølv eit positivt lada ord, meiner eg. Radikale meiningar skaper mangfald, og det treng vi. Men når det blir kopla med vilje til å bruke vald blir det farleg.

Kva kan folk gjere?

– Det er viktig å gå i møte med dei det gjeld, å skape tryggleik og tillit og etablere ein relasjon. Ofte handlar det om folk som kjenner seg krenkte, usynleggjorte og urettvist handsama. Då må vi skape mothistorier som kan gi vedkomande ei meining med livet og eit mål i livet.