Hopp til innhold

– Vi skulle eigentleg til Mexico, men det blei altfor dyrt

Mens Noregs Bank prøver å tvinge ned prisveksten med høgare rente, går prisen for ferieturar i vêret.

Renter Ferie

Amalie Årtun (til venstre), Marcus Ersnes, Loke Sørum, Elisabeth Bjørseth, Emilie Torjusen, Magnus Øiahals og Even Tokerud er på veg til Bangkok.

Foto: Yann Belov

– Vi skulle eigentleg til Mexico, men det blei altfor dyrt. Vi fann billigare billettar til Bangkok, og vi er ganske leie av snøen, seier Magnus Øiahals.

I avgangshallen på Oslo lufthamn er Øiahals og gutegjengen klar for tur til Thailand. Høg rente og høg prisvekst legg ikkje ein dempar på reiselysta.

Rente Ferie

Magnus Øiahals fortel at dei eigentleg skulle til Mexico, men det blei altfor dyrt.

Foto: Yann Belov

Torsdag bestemte Noregs Bank at dagens høge rente på 4,5 prosent ikkje skal endrast. Det første rentekuttet vil truleg ikkje komme før i september.

Renta skal presse ned den årlege prisveksten i samfunnet til 2 prosent. Noko av det som gir Noregs Bank hovudverk, er at nordmenn framleis bruker mykje pengar, blant anna på feriar.

Renter Ferie
Foto: Yann Belov / NRK

Prishopp på feriar

Då kan reiseselskapa sette opp prisane. Det siste året har det blitt eit prishopp på feriar. Prisen på pakkereiser auka med 20 prosent, viser tal frå SSB.

Det betyr at ein pakketur som kosta 10.000 kroner for eitt år sidan, kostar 12.000 kroner i dag.

Prisveksten på passasjertransport med fly, har auka med nesten 9 prosent, viser SSB-tal.

Billettane til Bangkok kosta 6000 kroner, fortel han. For å få råd til å reise har han forsøkt å spare der han kan.

– Viss ein prioriterer å reise på ein litt lenger ferie, må ein prioritere ned noko anna. Kanskje ikkje kjøpe seg så mange nye klede, og ikkje kjøpe så dyr mat, seier Øiahals.

renter ferie 21.03.24

Magnus Øiahals fortel at dei fann billigare billettar til Bangkok.

Foto: Yann Belov / NRK

– Synd krona er på eit lågt nivå

Når Noregs Bank held renta høg, er det fordi dei meiner prisveksten på varer og tenester er for høg.

Ida Wolden Bache

Torsdag føremiddag heldt Noregs Bank og sentralbanksjef Ida Wolden Bache rentemøte. Det første rentekuttet vil truleg ikkje komme før i september.

Foto: William Jobling / NRK

Sentralbanken er også bekymra for at krona skal bli enda svakare viss dei set ned renta før andre store utanlandske sentralbankar.

– Det er synd at krona er på eit historisk lågt nivå. Nordmenn er vande til at det er billig i utlandet. Heldigvis er krona relativt sterk mot thailandske baht, seier Øiahals på Gardermoen.

Les også Priskrig på mat hos dagligvarekjedene

Mariel Lindelöf på handletur på Extra

– Ein må leve litt også

På Gardermoen verkar mange lite påverka av den høge renta.

Håvard Svoen skal på klatretur til Athen. Klatreturen er ein årleg tradisjon han ikkje har tenkt å gi opp, trass i høge renter.

– Det er jo gøy å dra på tur! Ein må berre prioritere det, og når det gjeld renta, forsøker eg å ikkje tenke altfor mykje på det. Eg tenker ein må leve litt også, seier Svoen.

Han har ikkje endra reisevanane sine på grunn av auka renter og prisvekst.

– Det har gått heilt fint for min del. Eg reiser ikkje så mykje, men pleier å forsøke å få til ein eller to turar i året, seier han.

Les også Prisvekst i Skandinavia: Derfor stig prisane meir i Noreg

LRkJmLEps8o

AKTUELT NÅ