Hopp til innhold

Prisvekst i Skandinavia: Derfor stig prisane meir i Noreg

Prisveksten i Noreg er meir enn dobbelt så høg som i våre naboland Sverige og Danmark, viser tal for desember. Ein svensk professor har ei forklaring som kan svi for norske arbeidstakarar.

LRkJmLEps8o

Det er stort sprik i prisveksten i Skandinavia. Fleire økonomar forklarer kvifor.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ser ein på den harmoniserte prisveksten, som gjer at ein kan samanlikne landa, så var prisveksten slik i dei ulike landa i desember:

  • Noreg: 4,7 prosent
  • Sverige: 1,9 prosent
  • Danmark: 0,4 prosent

La oss sjå på skilnaden mellom Noreg og Sverige først.

Les også Teknisk beregningsutvalg anslår en prisvekst på 4,1 prosent i år

oddbjørn-snekkerbakken

Lønnsveksten er ulik

Sentralbanken i begge desse landa har eit mål om at prisveksten (inflasjonen) skal ligge på kring 2 prosent i året, og både Noreg og Sverige har ein flytande kronekurs. Dermed er det nokre like føresetnader.

Økonomar NRK har snakka med trekk likevel fram følgjande skilnader:

  • Sverige produserer fleire ulike industrivarer enn Noreg, og har med det kanskje ein større konkurranse frå utlandet for desse varene, som kan bidra til å presse prisane ned.
  • Den svenske krona har svekka seg mindre enn den norske, som har gjort at det har vore hakket dyrare å importere varer til Noreg enn til Sverige.
  • Arbeidsløysa er langt høgare i Sverige enn i Noreg. I januar var den på høvesvis 8,5 prosent og 3,4 prosent, ifølge statistikkbyråa.
  • Dei svenske fagforeiningane gjekk i fjor med på eit lønnsoppgjer som gav dei kraftig svekka kjøpekraft. Det svenske frontfaget gjekk med på ein toårig avtale, med på ein lønnsvekst på 4,1 prosent i fjor og 3,3 prosent i år. Til samanlikning var frontfagsramma i Noreg på 5,2 prosent i fjor.

– Den store skilnaden er at lønnsveksten i Noreg er høgare enn i Sverige, seier professor emeritus Nils Gottfries ved Uppsala universitet.

Nils Gottfries

Professor emeritus Nils Gottfries ved Uppsala universitet.

Foto: Uppsala universitet

– Ansvarsfulle

Gottfries hevdar at dei svenske fagforeiningane har forstått at det svenske inflasjonsmålet og den svenske valutakursen er med på å avgjere rommet for lønnsveksten.

– Fagforeiningane i Sverige forstår at dersom dei krev ein lønnsvekst som ikkje heng i hop med inflasjonsmålet, så blir konsekvensen at inflasjonen går opp, og då vil den svenske sentralbanken heve renta, det vil forsvinne jobbar og det blir lågare sysselsetting. Ein kan seie at dei svenske fagforeiningane er veldig ansvarsfulle, seier Gottfries.

Han meiner at ting som høgare energi- og råvareprisar og problem i verdshandelen er ting ein ikkje kan kompensere seg for.

– Det gjer at vi blir fattigare. Svenske lønnsmottakarar har mista mykje og er omtrent tilbake på lønnsnivået i 2015. Men det er ikkje noko å gjere med desse tinga som er med på å svekke reallønene, seier Gottfries.

Les også Sentralbanksjefen: – Vi må være forberedt på at arbeidsledigheten øker

Avviser utsegnene

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik seier ho ikkje vil legge utsegnene til den svenske professoren til grunn når dei no skal i gang med lønnsoppgjeret.

– Tala vi har sett i dag og også for dei åra vi har lagt bak oss, så har vi ikkje hatt reallønnsvekst i Noreg, seier Følsvik.

LO-leder Peggy Hessen Følsvik

LO-leiar Peggy Hessen Følsvik fekk fredag vite at Teknisk berekningsutval (TBU) legg til grunn at prisane vil stige 4,1 prosent i år. Det er med på å legge grunnlaget for lønnsoppgjeret i år.

Ho viser til at Teknisk berekningsutval (TBU) fredag slo fast at norske arbeidstakarar i snitt fekk ein reallønnsnedgang på 0,4 prosent etter skatt i fjor.

– Våre tillitsvalde og forbund er fornuftige. Som ein gammal forbundsmann sa ein gong i tida: vi forhandlar oss aldri ut av dørene på fabrikkporten. Samstundes er det viktig at vi skal ha vår del av verdiskapinga.

Valutakursen sentral mot Danmark

Den viktigaste og største skilnaden til Danmark er valutakursen. I motsetnad til sentralbankane i Noreg og Sverige, styrer den danske sentralbanken renta slik at den danske krona skal stabilisere seg mot euroen.

Hilde Bjørnland, BI-professor

BI-professor Hilde C. Bjørnland.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Dei siste åra har valutakursen blitt svakare i Noreg. Det gjer det mykje dyrare å importere varer, forklarer professor Hilde C. Bjørnland.

Den danske prisveksten har for mange vore overraskande lav den siste tida. Her speler energiprisane – som gjekk kraftig opp i 2022, og har falle igjen gjennom fjoråret – ei viktig rolle.

– I Danmark er energiprisane ein litt meir sentral del i den samla prisveksten. Prisveksten steig kraftig i 2022 og fallet er like kraftig no, forklarer sjeføkonom Søren Kristensen i Sydbank.

Og straumstøtta?

Men kvifor har ikkje fallet i straum- og energiprisar dradd prisveksten like mykje ned i Noreg som i Danmark?

Det er på grunn av straumstøtta her i landet, ifølge Espen Kristiansen i Statistisk sentralbyrå.

– Vi er eitt av få land som har ei ordning som går så tett på marknadsprisen. Andre land har kanskje gitt støtte i frm av eingongsbeløp, og det slår ikkje ut på den samla prisveksten på same måte, forklarer Kristiansen.

Straumstøtta dempa prisane då dei var høgt oppe i 2022, og dermed får heller ikkje fallet i marknadsprisane som har kome gjennom fjoråret, like stor effekt på prisveksten i Noreg.

Les også Disse endringene trer i kraft fra nyttår

Fylle drivstoff

AKTUELT NÅ