Over 150.000 har opplevd ID-tjuveri

ID-tjuvar har dei siste to åra slått til mot over 150.000 nordmenn. Sakene blir stadig større, ifølge NorSIS.

Nettsikkerhet

ID-tjuvar brukar identiteten din og du sit att med rekninga.

Foto: Colourbox.com

– No har det vore ein del rettssaker om dette. Det har gått i omsetnader over millionen. No går dei på veldig mange ofre og utnyttar dei heilt til dei blir tatt, seier Christian Meyer, seniorrådgjevar i Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS).

Christian Meyer

– Sakene blir større, seier Christian Meyer i NorSiS.

Foto: Norsk senter for informasjonssikring /

Over 150.000 nordmenn har opplevd ID-tjuveri dei siste to åra, viser ei ny undersøking NorSIS har gjort. Det er ein liten auke frå tidlegare år, og på same tid blir sakene større.

– Det klassiske ID-tjuveriet er at ein bestiller varer og tenester, typisk forbrukslån, forbrukarelektronikk, får det levert til ei eigna adresse, hentar det ut, og lar rekninga gå til den dei har brukt identiteten til.

LES OGSÅ: – Dei kjøpte ein dyr Audi A5

– Grunn til å ta på alvor

Roar H. Kvassheim, leiar for vinningsgruppa ved Sentrum politistasjon i Oslo, seier at mange av ID-tjuveria skjer på internett.

– Mellom anna blir det kjøpt varer på nettet ved å opprette kredittavtalar og nedbetalingsordningar. ID-tjuven hentar ut varene, og den fornærma får rekninga i etterkant. Det blir mykje trøbbel for dei som må bevise at det ikkje var dei som bestilte varene.

Kvassheim seier at dette kan vere vanskelege saker å etterforske, og at det er fleire saker som er svært store, med mange offer og mange bedrageri.

– Det er eit samansett trusselbilete. Gjennom arbeidet vårt har vi kome til kunnskap om alt frå multikriminelle med rusproblem, ressurssterke bedragarar som jobbar på eiga hand til internasjonale organiserte bandar.

– Det er ikkje alt ein skal dele med alle

Meyer i NorSIS fortel at ein aldri kan sikre seg hundre prosent mot ID-tjuveri. Det kan hjelpe å vere bevisst på kva ein deler av personleg informasjon.

Full postkasse

ID-tjuveri kan starte her.

Foto: Maria Elsness / NRK

– Det viktigaste ein kan gjere for å beskytte seg er å vere forsiktig med personalia i sosiale medier. Lås på postkassen utanfor huset, makulering av søppel.

– Mange er naive

Kjell-Ola Kleiven, sikkerheitsansvarleg i Risk Information Group, meiner at organiserte kriminelle står bak mykje av ID-svindelen.

– I dag får mange av oss e-postar eller tekstmeldingar dagleg. Svindlarar fiskar etter informasjon, og dei brukar enkle verkemiddel.

Han siktar til e-postar eller tekstmeldingar om at du til dømes har vunne ein premie, eller trugslar om at du kan bli svindla om du ikkje oppgjer personalia. Kleiven meiner at mange er naive, og altfor slepphendte med sensitiv informasjon.

– Vi er vande med å bu i eit samfunn som er godt beskytta her oppi nord. I dag er informasjonen så tilgjengeleg for dei.

Les nokre av ekspertane sine råd:

  • Ver kritisk til å utlevere personleg informasjon på internett
  • Makulèr søppel med sensitiv informasjon
  • Ha lås på postkassa
  • Sikre datamaskin og mobiltelefon
  • Logg av på nettstader der du brukar konfidensiell informasjon (til dømes nettbanken) så fort du er ferdig
  • Få oversikt over omfanget.
  • Sjekk stader der du har kontoar.
  • Ta kontakt med internettbutikkar og spør om du er kunde der, og følg med på post og kontoar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger