NRK Meny
Normal

Oslo er offisiell OL-kandidat

Oslo tok måndag eitt skritt nærare eit OL i 2022, etter å ha fått innvilga status som offisiell kandidatby frå IOC. – Oslo skal kløna det veldig til for ikkje å få OL no, meiner sjefen for Lillehammer-leikane i 1994.

Oslo2022 Holmenkollen

Oslo er vidare i kampen om å bli vertsby for vinterleikane om åtte år. Her frå folkelivet i Holmenkollen under VM i 2011.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

I tillegg til Oslo, går også dei to andre søkjarbyane, Beijing i Kina og Almaty i Kasakhstan, vidare frå å vera søkjarbyar til å få kandidatstatus.

Det kunngjorde Den internasjonale olympiske komité (IOC) under ein pressekonferanse på hovudkontoret i sveitsiske Lausanne måndag.

Oslo sitt kandidatur står no sterkt, først og framst fordi begge dei to konkurrentane ligg i Asia. I tillegg er det bestemt at OL i 2018 blir skipa til i Asia, i sør-koreanske Pyongchang.

– Eg er nesten freista til å seia at ein skal oppføra seg relativt klønete om ein ikkje får dette til Oslo og Lillehammer no, seier Petter Rønningen, som var direktør for Lillehammer-OL i 1994.

– Vil kunne gå i økonomisk balanse

IOC-president Thomas Bach kunngjer kandidatane til 2022-OL

IOC-president Thomas Bach seier komiteen er godt nøgd med dei tre kandidatane til 2022-OL.

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

IOC opplyste på pressekonferansen at dei vurderer dei tre kandidatbyane til OL som svært ulike, men trur alle vil kunne gå i balanse økonomisk dersom dei blir OL-byar.

– Me er svært glade over å sjå tre svært ulike tilnærmingar til organiseringa av leikane. Det gir IOC eit val blant tre kandidatar med ulik bakgrunn, ulike planar og ulike budsjett. Dette er i tråd med vårt rammeverk i prosessen med å velja ut ein arrangør, sa IOC-president Thomas Bach.

Status som kandidatby opnar for å kunne ta i bruk dei olympiske ringane.

– Utover hausten vil ein også ha lov til å inngå samarbeidsavtalar, begynna å marknadsføra seg sjølv i utlandet overfor IOC i større grad enn ein har hatt til no, forklarar kommunikasjonssjefen i Idrettsforbundet Per Tøien.

Gjengen i Oslo2022, som står for Oslos søknad om vinter-OL i 2022 var svært fornøyde med å ha blitt oppgradert til offisiell kandidatby av IOC idag. Da ble det feiring med pølser og is på kontoret.

Det er måndag god stemning på kontoret til informasjonsdirektør Ingunn Olsen og dei andre i OL-etaten.

Håpa på spikar i kista

Atle Simonsen

Fpu-formann Atle Simonsen er ein av aktørane bak «Nei til Oslo-OL 2022». Han er skuffa over at Oslo er med vidare i konkurransen om å få vinterleikane.

Foto: FpU

Bak organisasjonen «Nei til Oslo-OL 2022», står dei politiske motpolane Fpu og Su. Fpu-formann Atle Simonsen er skuffa over dagens kunngjering.

– Eg er skuffa over at det ikkje blei sett ein spikar i kista. Men eg er sikker på at det norske folket og Stortinget kjem til å seia nei til slutt, seier Simonsen.

Facebook-sida til «Nei til Oslo-OL 2022» har i dag over 61.000 «likes».

– Meiningsmålingane viser misnøye med den planlagde pengebruken. Det finst ikkje eit einaste OL som har gått på budsjett. Det er skattebetalarane som må ta smellen og andre viktige prosjekt innan blant anna helse, infrastruktur og politiet blir nedprioriterte, meiner Simonsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skisse for OL i Oslo i 2022

Dette ønskebiletet av eit vinter-OL i Oslo heng på korktavla til informasjonsdirektøren i OL-etaten til Oslo kommune.

Foto: Eva Marie Bulai

Glad og letta OL-direktøren

Dei som kjempar for eit OL i Oslo i 2022 pustar derimot letta ut i dag.

Eli Grimsby

Direktøren i Oslo kommune sin OL-etat, Eli Grimsby, er svært letta og glad etter å ha fått beskjeden om at Oslo er med vidare i kampen om eit Ol i 2022.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Eg er svært glad og letta, kanskje overraskande letta. Eg har vore veldig sikker på at me skulle gå vidare, men for oss som har jobba hardt i meir enn to år for eit Oslo-OL er dette ein av dei aller viktigaste milepælane, seier Eli Grimsby, direktør i Oslo kommune sin eigen OL-etat «Oslo 2022».

– Me har framleis ein lang veg å gå, men no har me nådd ein av dei aller viktigaste milepælane, legg Grimsby til på telefon frå Lausanne i Sveits, der IOC heldt pressekonferansen.

Sjølv om Oslo i dag har fått status som kandidat, er ein statsgaranti på 35 milliardar kroner heilt avgjerande for at hovudstaden skal kunne stå att som OL-vertsby. Dette skal Stortinget ta stilling til i haust.

Den 31. juli 2015 fell den endelege dommen. Då offentleggjer IOC kven av kandidatane som blir arrangør av OL og Paralympics i 2022.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger