Hopp til innhold

I dag kan Oslo bli OL-kandidat

Måndag blir det klart om Oslo går vidare i kampen om å få OL i 2022. Idrettsforbundet meiner Noreg har gode odds.

Skisse for OL i Oslo i 2022

Dette ønskebiletet av eit vinter-OL i Oslo heng på korktavla til informasjonsdirektør Ingunn Olsen i OL-etaten til Oslo kommune.

Foto: Eva Marie Bulai / NRK

Klokka 12 i dag avgjer Den internasjonale olympiske komité (IOC) om Oslo skal skifta status frå å vera søkjarby til å bli kandidatby for vinterleikane om åtte år.

– Som kandidatby får ein lov til å ta i bruk dei olympiske ringane. Utover hausten vil ein også ha lov til å inngå samarbeidsavtalar, begynna å marknadsføra seg sjølv i utlandet overfor IOC i større grad enn ein har hatt til no, forklarar kommunikasjonssjefen i Idrettsforbundet Per Tøien.

To konkurrentar

OL-møte i Norges idrettsforbund

Hjå Norges Idrettsforbund diskuterer kommunikasjonssjef Per Tøien med staben sin korleis dei skal feira dersom Oslo blir kandidatby til OL 2022. Frå venstre: Per Tøien, Kalle Filip Singhdalsen, Arnfinn Vik og Henriette Hillestad Thune.

Foto: Eva Marie Bulai / NRK

Etter at ukrainske Lviv trekte søknaden sin i slutten av juni, står det no att tre søkjarbyar som konkurrerer om å gå vidare i elimineringsprosessen:

  • Beijing i Kina
  • Almaty i Kasakhstan
  • Oslo

I dag får enten alle tre endra status til kandidatby, eller berre to av dei. Tøien i Idrettsforbundet er ikkje i tvil om at Oslo får ein plass i «finalen».

– Me trur at me står på den lista og planlegg som om me skal stå på den lista, seier han.

Så langt har Oslo kommune brukt 166 millionar berre på OL søknaden. Mange er sterkt kritiske til pengebruken eit OL vil medføra. Kommunen sin eigen OL-etat, «Oslo 2022», meiner det er gevinstar å henta.

– OL har jo ei kostnadsside, men det gir også moglegheiter, seier informasjonsdirektør Ingunn Olsen.

Møte i Oslo kommunes egen OL-etat, Oslo 2022

Dei tilsette i Oslo kommune sin eigen OL-etat, «Oslo 2022», har store forventningar om å få kandidatby-status onsdag. Frå venstre: assisterande OL-direktør Knut Øverdal, informasjonsrådgjevarane Erik Brandsborg og Ola Keul og informasjonsdirektør Ingunn Olsen.

Foto: Eva Marie Bulai / NRK

Mange skjer i sjøen

Sjølv om Oslo i dag skulle få status som kandidat, er ein statsgaranti på 35 milliardar kroner heilt avgjerande for at hovudstaden skal kunne stå att som OL-vertsby. Dette skal dei folkevalde ta stilling til i haust.

Før den tid skal kulturdepartementet på vegner av regjeringa levere ei innstilling om statsgaranti til Stortinget.

– Me jobbar med søknaden frå Oslo kommune og NIF om statsgaranti og tilskot. Dette arbeidet held fram som planlagt, og Stortinget vil få høve til å handsama saka til hausten, opplyser statssekretær i Kulturdepartementet, Bjørgulv Vinje Borgundvaag (H).

Den 31. juli 2015 tek IOC den endelege avgjerda om kven av kandidatane som får OL og Paralympics i 2022.

Veit meir i august

Lars Nehru Sand - IKKE BRUK

NRK-kommentator Lars Nehru Sand seier Stortinget må avgjere spørsmålet om statsgaranti i haust.

Politisk kommentator i NRK Lars Nehru Sand seier mykje av den vidare gangen i denne saka blir klar når kulturminister Thorhild Widvey (H) legg fram sine konklusjonar i august.

– I løpet av hausten må regjeringa bestemma seg for om dei skal seia ja eller nei til statsgarantien. Deretter skal Stortinget røysta over ein eventuell statsgaranti, seier Sand. Han meiner det er vanskeleg å sjå føre seg eit ja-fleirtal no, men at mykje kan endra seg innan den endelege søknaden må vera klar i januar 2015.

Tre kulturbudsjett

– Men søknaden er heilt avhengig av at det følgjer med ein statsgaranti for utgiftene som kan bli på 35 milliardar kroner. Det svarar til tre gonger så mykje pengar som Widvey har på heile kulturbudsjettet i eit år, seier Sand.

Han seier at stemninga blant norske politikarar for tida er ganske avventande til kva Widvey vil landa på av argument og tilrådingar til Stortinget.

Han peikar på at lokalt i Oslo har både Høgre og Arbeidarpartiet sagt ja til eit OL i 2022, men at partia ikkje har konkludert på nasjonalt nivå når det gjeld spørsmålet om statsgaranti – noko som i praksis er det endelege ja eller nei til OL-søknad.

– Fram til Widvey konkluderer, veit me altså ikkje heilt kor dette landar. Men det me veit, er at Frp har sagt nei, og det legg sterke føringar for kva regjeringa kjem til å meina, seier Sand.

AKTUELT NÅ