Hopp til innhold

Ordføraren seier unnskyld til Tolga-brørne

Ordførar Ragnhild Aashaug seier unnskyld til brørne Holøyen og mora deira, skriv VG. Brørne fekk diagnosen psykisk utviklingshemma og blei sett under verjemål av Tolga kommune, mot si eiga vilje.

Ragnhild Aashaug, ordfører i Tolga

Ordførar Ragnhild Aashaug i Tolga kommune kom heim til Holøyen-brørne søndag for å seie unnskyld.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Etter å ha kjempa for å få oppheva verjemålet i lang tid, oppheva Fylkesmannen verjemålet til Magnus Holøyen torsdag. Frå før hadde brørne hans, Arvid og Lars Peder også fått oppheva sine verjemål. Det var VG som først omtalte saka.

Torsdag kveld møtte Magnus Holøyen Tolga-ordføraren i «Debatten». Før sendinga beklaga statsminister Erna Solberg måten brørne hadde blitt behandla på. Men ordførar Ragnhild Aashaug ville ikkje gjere det i programmet.

– Eg kan ikkje be om unnskyldning før eg veit kva eg skal be om unnskyldning for, men eg beklagar dersom gutane opplever at kommunen ikkje vil dei vel, sa ho.

Men søndag kom unnskyldninga dei hadde venta på. Aashaug og varaordføraren møtte sjølve opp hos mora til dei tre brørne.

– Eg synest det er veldig bra at ho kom heim til mamma og sa unnskyld. Det hadde eigentleg ingen av oss rekna med, seier Magnus Holøyen til VG.

Han seier ordføraren beklaga at ho ikkje hadde kome før, men sa ho syntest det var ei vanskeleg sak.

Glad for besøk

Mora til brørne Holøyen, Liv Melgård, seier til VG at møtet med ordføraren var oppklarande, og at dei kjende seg høyrde.

– Saka er like ille uansett, men ordføraren kan ikkje lastast for alt. Vi er samde om at vi ønsker å ha ein dialog vidare. Ho sa at det er gjort feil, og at ein må finne ut kva som har skjedd.

Liv Melgård

Mora til Holøyen-brørne, Liv Melgård, er glad for at ordføraren og varaordføraren i kommunen kom heim til henne for å seie unnskyld. Ho oppmodar også folk til å tenke på kva dei skriv om saka på nettet.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Melgård reagerer også på det mange skriv på nettet og sosiale medium, og ber folk om å moderere seg.

– Det er ingen som er tente med å skrive at heile administrasjonen på Tolga skal ha verje. Eg skjønar folk skiv i affekt, men eg ber folk tenke seg om, seier ho til VG.

Vurderer gransking

Grunnen til at ting tok tid, var at ordføraren meinte ho ikkje kunne seie noko før ei gransking av saka var ferdig. Ho var oppteken av å finne ut av kva som hadde skjedd, før ho eventuelt ville kome med ei unnskyldning.

Fylkesmann i Hedmark, Sigbjørn Johnsen, seier han stolte på vurderinga til kommunen då dei blei tildelt verjemål. Han møtte aldri brørne sjølv. Han trekte tilbake det siste verjemålet etter at han såg eit intervju med Magnus Holhøyen på Dagsrevyen.

Kommunalminister Monica Mæland (H) har varsla at det kan bli aktuelt å granske Tolga kommune og Fylkesmannen i Hedmark. Nestleiar og helsepolitisk talskvinne i Frp, Sylvi Listhaug, fryktar det skal vere fleire saker som liknar Tolga-saka. Ho ønsker difor ei større gransking av kommunane.

AKTUELT NÅ