Hopp til innhold

Slik svarar Støre om kontakten med Stoltenberg

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har svart Sylvi Lishaug (Frp) om kontakten med Jens Stoltenberg rundt jobben som sentralbanksjef.

Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre

SVARER: Jonas Gahr Støre svarer om kontakten han har hatt med Jens Stoltenberg om jobben som sentralbanksjeef.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB

– Stoltenberg nemnde at han kunne vere interessert i stillinga som sentralbanksjef.

Det skriv statsminister Jonas Gahr Støre i eit skriftleg svar på Stortinget si nettside.

Både Jens Stoltenberg og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har tidlegare sagt at dei ikkje har snakka saman om jobben som sentralbanksjef.

I eit intervju med NTB i desember avviste Støre at saka var diskutert. Tysdag forklarte han dette med at han meinte dette ikkje var ein samtale om sentralbankjobben, men eit tema som blei parkert der og då.

Men måndag vedgjekk Støre overfor TV 2 at Stoltenberg hadde nemnt at han var interessert i stillinga då dei to gjekk tur 24. oktober. Støre skal då ha sagt at det var eit tema dei ikkje kunne diskutere.

– Jeg sa da at dette var et tema vi ikke kunne snakke om fordi jeg er statsminister og i lys av vårt vennskap ville være inhabil dersom det ble aktuelt. Vi skiftet da tema, og stillingen som sentralbanksjef har ikke blitt berørt i vår kontakt siden.

– Fordi eg nettopp aktivt unngjekk å snakke med Stoltenberg om hans moglege kandidatur, svarte eg nei da NTB spurte om eg hadde hatt ein samtale med Stoltenberg om stillinga.

Opposisjonen kravde svar

Det var Frp-leiar Listhaug som sende det skriftlege spørsmål til Støre som han svarte på. Ho bad statsministeren om å gjere greie for kontakten han har hatt med Stoltenberg i denne saka.

– Eg ønsker svar på kva kontakt som har vore. Begge versjonane han har gjeve er ikkje korrekte. Det minste vi kan forvente av ein statsminister er at han snakkar sant, og at vi få vite kva versjon som stemmer.

Frp-leder Sylvi Listhaug

Frp-leiar Sylvi Listhaug har sendt eit skriftleg spørsmål til statsminister Jonas Gahr Støre.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Jens Stoltenberg er ein av to søkarar til stillinga som ny sentralbanksjef. Men eit fleirtal av partia på Stortinget er skeptiske til at den tidlegare Ap-leiaren og statsministeren skal få toppstillinga i Noregs Bank.

– No må all informasjon på bordet om kven som har snakka kven, om det er sendt uformelle signal, og om kven som eigentleg er habile til å behandle denne saka.

Det seier nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn.

Han seier denne saka stadfestar skepsisen hans.

– Eg har ikkje noko mot Stoltenberg som person, men eg er i mot at han blir sentralbanksjef fordi han har i særklasse tette band til Arbeidarpartiet, regjeringa og statsministeren. No ser vi dei tette banda og korleis dei blir utøvd i denne prosessen, og det stadfestar det eg frykta for korleis det vil bli om Stoltenberg faktisk blir peika ut.

Nestleiar i Raudt, Marie Sneve-Martinussen, etterlyste også ei utgreiing om korleis prosessen har gått føre seg.

– Det som har kome fram dei siste dagane om Stoltenbergs kontakt både med oljefondssjefen på privat middag og med statsministeren på skogtur, har sett flaumlys på problemstillinga Raudt har peika på om maktnettverka Stoltenberg er involvert i.

Unngjekk tema

I eit skriftleg svar til NRK gjentek Støre forklaringa han gav til NTB om at temaet kom opp under spaserturen med Stoltenberg, men at det raskt gjekk vidare på andre tema.

– Jens Stoltenberg og eg gjekk ein tur 24. oktober. Han nemnde undervegs at han kunne vere interessert i jobben som sentralbanksjef. Eg sa då at dette var eit tema vi ikkje kunne snakke samen om fordi eg er statsminister, og vil vere inhabil. Vi skifta tema, og jobben som sentralbanksjef har ikkje vore oppe mellom oss sidan.

Støre seier han har unngått å snakke med Stoltenberg om jobben, og at det var grunnen til at han svarte nei på spørsmålet frå NTB i desember.

Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre i Folkets hus på Ap-landsmøte

Dei tette banda som er mellom Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre kan bli problematiske dersom Stoltenberg blir sentralbanksjef, meiner fleire av partia på Stortinget.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Stoltenbergs pressekontakt Sissel Kruse-Larsen stadfestar overfor NRK framstillinga Støre har gjeve tysdag.

– Då dei to møtte kvarandre 24. oktober i fjor, nemnde Stoltenberg for Støre at han vurderte å søke stillinga. Dei to har følgeleg ikkje snakka om denne, seier ho.

AKTUELT NÅ