Hopp til innhold

Oljeekspert trur oljealderen snart er over - hoppar over til grøn energi

Den mest profilerte oljeanalytikaren her i landet, Thina Saltvedt, hoppar frå olje til grøn energi. Men ho skal framleis analysere, og arbeidsgivaren blir som før Nordea Markets.

Thina Saltvedt

Thina Saltvedt, profilert oljeanalytikar som no skiftar beite til å bli analytikar for grøn energi.

Foto: Marit Kolberg / NRK

Thina Saltvedt fortel at overgangen frå olje til å bli analytikar for grøn energi, kjem som følgje av to ting.

Ho har eit brennande miljøengasjement, men ho ser også ei utvikling der grøne energikjelder som sol og vind er i ferd med å bli konkurransedyktig i forhold til kol, olje og gass.

Torsdag var ho gjest i Ekko på NRK P2, og her gjekk ho nærmare inn på miljøengasjementet sitt og den nye jobben.

Ho skal analysere oljemarknaden fram til nyttår, men frå 1. januar er det marknaden for grøn energi ho skal bruke tida si på. Ho er sikker på at verda går mot eit grønt skifte, og at det kan kome raskare enn mange trur.

Saltvedt trur at Oljefondet sitt vedtak om ikkje å gjere nye investeringar i oljenæringa, vil vere eit sterkt signal til omverda.

– Ein trend i tida

El-bil til lading

Elbilen har kome for fullt, både her i landet og internasjonalt.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Oljefondet står for 1,3 prosent av dei noterte aksjane i verda. Når Oljefondet byrjar å bevege seg, så er det ein trend i tida. Over halvparten av oljen går til transportsektoren. Før har det ikkje vore konkurranse på dette feltet, men no har vi elbilar og andre ting. I tillegg ser vi at kostnadene med å produsere vind- eller solenergi fell kraftig, og det blir konkurranse. Utsiktene for oljebehovet i verda og oljeprisen ser heilt annleis ut, seier ho.

– Er oljebransjen eit søkkande skip?

– Ikkje enno, men frå 2025 til 2030 vil etterspørselen falle. Det vil framleis vere behov for olje etter det, men det vil vere ei utfordring for Noreg at vi ikkje produserer billegast. I Midtausten produserer dei mykje og billeg, og konkurransen frå skiferoljen i USA gjer at marknaden blir tøff framover, svarar Thina Saltvedt.

Ho fortel at mange i bransjen himla med auga når ho berre for eit par år sidan snakka om klimaengasjementet sitt. Då var det nesten ingen som trudde at sol og vind skulle bli konkurransedyktig mot dei tradisjonelle energikjeldene som kol, olje og gass. Og ikkje minst at elbilane skulle kome så sterkt.

Oljeanalytikar Thina Saltvedt går frå olje til grøn teknologi.

Høyr heile intervjuet med Thina Saltvedt.

Vindkraft

Vindkraft er i ferd med å bli konkurransedyktig opp mot olje og gass.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

– Dette er framtida

Dette har endra seg. Då nyheita om jobbskiftet vart kjent vart det mange klapp på skuldra.

– Eg har berre fått positive tilbakemeldingar. Folk seier at dette er framtida og at det er dette feltet veksten vil kome, seier analytikaren.

– Men handlar dette om klimaengasjement eller handlar det først og fremst om lønsemd?

– Det er to inngangsvinklar til dette. Personleg er eg uroa for klimaendringane, permafrosten som smeltar, dei mange jordskreda, flaumane, klimaflyktningane forsøpling av havet, øyer som forsvinn. Eg synest det er grufullt, vi må gjere noko no, og alle må gjere sitt, svarar Thina Saltvedt.

– Så ser vi også at kostnadene i grøn energi er på veg ned slik at det blir konkurransedyktig mot energien vi er vane med å bruke. Det er spennande, for det betyr at det blir eit grønt skifte likevel. Det er framleis nokon som trur at klimaendringane ikkje er menneskeskapte, men dei ser at grøn energi blir lønsamt. Det gjer at pengane blir flytta frå tradisjonell energi til grøn energi i eit stadig raskare tempo, legg ho til.

Valhall-feltet

Frå 2025 vil etterspurnaden etter olje bli stadig mindre, trur Thina Saltvedt. Her frå Valhall-feltet.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Kinas grøne skifte

Ho fortel om eit nyleg besøk i Kina, eit land som alt er i gang med det grøne skiftet.

– Dei har sett at industriutviklinga dei siste 20–30 åra har gitt forureina elvar, dårleg luft og øydelagt jordsmonn. Dei har forstått at om dei held fram slik, så vil det gi negativ vekst. Dei måtte ta det skiftet for å få til berekraftig vekst. Det skiftet må vi også ta. Vi må tore å tenkje stort og ta dei rette grepa.

Kina planlegger å forby bensin – og dieselbiler

Thina Saltvedt har også tru på at det er mogleg å få til lønsam karbonfangst i Nordsjøen.

– Noreg var kanskje for tidleg ute, og dåverande statsminister Jens Stoltenberg gjekk kanskje for høgt ut når han snakka om månelanding. Men karbonfangst er interessant for næringane som ikkje har eit grønt alternativ, slik som prosessindustrien. Og vi må samarbeide internasjonalt for å få det til, meiner ho.

Seks grunner til at oljeeventyret lar vente på seg i nord

Sjefanalytiker: Regjeringen vingler i klimapolitikken

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger