Hopp til innhold

– Olja si betydning er i ferd med å endre seg

Noregs Bank meiner det er for risikabelt å investere i olje og gass, og råder Oljefondet om å trekkje seg ut. – Eit sterkt signal om ein endra oljemarknad, seier sjefanalytikar.

Oljeanalytiker Saltvedt

OLJEMARKNAD I ENDRING: Sjefanalytikar i Nordea, Tina Saltvedt, seier Noregs Bank sitt forslag om å selje ut Oljefondets oljeaksjar gir eit sterkt signal til resten av verda.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Store oljeselskap som Exxonmobil, Total og Shell kan risikere å miste aksjar frå Norge, dersom Finansdepartementet lyttar til anbefalingane frå Noregs Bank om å trekkje Oljefondet ut av olje- og gasselskap.

– Olje- og gassaksjar er i mykje større grad enn andre sektorar eksponert mot endringar i oljeprisen. Rådet vi har kome med vil redusere sårbarheit i statens formue mot eit varig fall i oljeprisane, forklarer visesentralbanksjef i Noregs Bank Egil Matsen.

Banken gir råd Finansdepartementet om Oljefondets investeringar.

Om lag 6 prosent av fondet sine investeringar er i dag i olje- og gassaksjar, dette utgjer omtrent 300 milliardar norske kroner.

Corporate America-Profit Slump

SELJE AKSJANE? Noregs Bank foreslår at Oljefondet sel sine aksjar blant anna frå oljeselskapet Exxon Mobil. Her frå eit anlegg i St. Bernard Parish, Louisiana i USA.

Foto: Gerald Herbert / Ap

Ein risiko i ein turbulent oljemarknad

Oljeanalytikar i Nordea, Tina Saltvedt, seier at anbefalingane frå Noregs Bank kom overraskande, og at det er eit sterkt signal til omverda.

– Det er eit signal om at ein kan vente ei turbulent til i oljemarknaden framover.

Oljefondet, eller Statens pensjonsfond utland som det eigentleg heiter, er verdas største statlege investeringsfond, som eig om lag 1,3 prosent av verdas og 2,3 prosent av Europas børsnoterte aksjar.

Saltvedt forklarer at den norske økonomien er svært oljeavhengig. Oljefondet kjøper oljeaksjar, den norske stat har eigarskap i Statoil og Noreg produserer og sel sjølv olje og gass.

– På denne måten har vi samla sett ein stor eksponering mot oljeprisen, som Noregs Bank foreslår å redusere for å ikkje ta for store sjansar.

– Er dette eit klimatiltak frå Noregs Bank?

– Oljefondet er ikkje eit politisk verktøy, og dei har investert i olje i mange år. Dette seier heller noko om forventningane dei har til avkastninga, for det er det fondet er oppteken av, seier Saltvedt.

Uroar ikkje Norsk olje og gass

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

IKKJE UROA: Karl Eirik Shjøtt-Pedersen i Norsk olje og gass meiner det er betre å trekkje seg ut av utanlandske selskap enn å redusere norsk oljeaktivitet.

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix

Administrerande direktør i Norsk olje og gass, Karl Eirik Shjøtt-Pedersen, har relativt låge skuldre og er ikkje særleg uroa over om sal av aksjar frå Oljefondet vil råke den norske olje- og gassindustrien.

– Det er ikkje unaturleg at det er ein diskusjon om kor mykje av Norge si formue som skal vere investert i olje og gass. Norge har samla set ein stor del av vår formue i denne næringa, dels i Norge og dels i utanlandske selskap.

Han seier forslaget frå Noregs Bank er meir fornuftig enn om Norge reduserer denne risikoen ved å redusere oljeaktivitet i Norge, slik som enkelte foreslår.

– Samtidig vil det å investere mindre i utanlandske oljeselskap også vere ein risiko for å gå glipp av inntekter, seier Shjøtt-Pedersen.

Opp til Stortinget

Oljefondet er lagt under Finansdepartementet, men det blir opp til Stortinget å ta stilling til anbefalingane Noregs Bank har kome med.

SV, Miljøpartiet og KrF har allereie uttrykkja stor glede over forslaget.

– Det er ein risiko å tene pengar på olje og gass og samtidig putte sparepengane våre i det same. Då bør vi heller investere i dei veksande marknadane som klimavennleg teknologi. Det har vi foreslått i ei årrekkje, seier Kari Elisabeth Kaski frå SV.

Trond Giske - næringsminister Entra-saken

POSITIVT: Det er i utgangspunktet eit positivt signal frå Noregs Bank, seier nestleiar i Ap, Trond Giske,

Foto: Dino TRTO / Adresseavisen

Heller ikkje Arbeiderpartiet meiner lar seg skremme.

– Vi er oppteken av at vi framleis har eit eigarskap til Statoil og statens oljeformue, då kan det vere fornuftig at vi ikkje er så tungt inne i utanlandske oljeselskap. Slik spreiar vi risikoen i større grad, seier nestleiar i Ap, Trond Giske.

Arbeiderpartiet vil først ta stilling til dette etter at regjeringa har kome med eit forslag til våren.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger