Normal

Skal testa 140 000 for tarmkreft

Kvart år døyr 1500 nordmenn av tarmkreft. Ein femdel av desse kan bli redda ved hjelp av eit nytt prøveprosjekt.

Menn og kreft

Snart vil 140 000 nordmenn i alderen 50 til 74 år få eit brev frå helsestyresmaktene med tilbod om å delta i prøveprosjektet for undersøking av tjukk- og endetarmskreft.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Helsedirektoratet vil forby norsk krefttest

Halvparten av deltakarane i prosjektet skal levera avføringsprøvar, medan den andre halvparten vil få ei kikholsundersøking i tarmen.

Foto: NRK

Tarmkreft er den vanlegaste krefttypen samla for begge kjønn i Noreg.

Talet på nordmenn som får kreft i tjukktarm og endetarm aukar kraftig, og tal frå Verdas helseorganisasjon (WHO) viser at Noreg ligg i verdstoppen når det gjeld førekomst av denne krefttypen.

Likevel finst det lite kunnskap om dei utløysande årsakene og om kvifor nettopp denne krefttypen aukar så kraftig.

No har Helse- og omsorgsdepartemenetet gjeve grønt lys til eit nytt prøveprosjekt som tek sikte å heva kunnskapsnivået om tarmkreft - og å snu den alarmerande trenden.

Kan redda 300 i året

Føremålet med prosjektet er å oppdaga tarmkreft på eit tidleg tidspunkt. På den måten kan ein redda fleire menneske frå å utvikla eller, i verste fall, døy av denne krefttypen.

Ved hjelp av enkle og konvensjonelle metodar meiner forskarane at ein kan redda opp til 20 prosent av dei 1500 personane som no døyr kvart år på grunn av tarmkreft.

Dersom prøveprosjektet svarar til forventningane, tyder det 300 menneskeliv sparte i året.

– Verdifull kunnskap

Helse Sør-Aust er det regionale helseføretaket som har fått i oppgåve å gjennomføra prosjektet, som det er sett av 25 millionar kroner til i Statsbudsjettet for 2011.

Administrerande direktør i Helse Sør-Aust, Bente Mikkelsen, meiner det er ei svært betydingsfull oppgåve dei no skal ta fatt på.

– Eg er svært glad for at dette test-programmet kjem på plass. Det vil kunne gje oss verdifull kunnskap som er svært viktig i eit folkehelseperspektiv, seier Bente Mikkelsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Direktør i Helse Sør-Øst, Bente Mikkelsen.

Bente Mikkelsen er direktør i Helse Sør-Aust, som skal gjennomføra pilotprosjektet for undersøking av tjukk- og endetarmskreft.

Foto: Helse Øst / SCANPIX

Får brev i posten

Snart vil 140 000 nordmenn i alderen 50 til 74 år få eit brev frå helsestyresmaktene med tilbod om å delta i prøveprosjektet for undersøking av tjukk- og endetarmskreft.

Halvparten av deltakarane skal levera avføringsprøvar, medan den andre halvparten vil få ei kikholsundersøking i tarmen.

– Prosjektet er unikt i internasjonal samanheng. Me er difor ei smie for kunnskapsflyt internasjonalt, seier Mikkelsen Helse Sør-Aust.

Dei som får innkalling treng ikkje uroa seg over at prosjektet aldri har vorte prøvd ut før, ifølgje Mikkelsen.

– Metodane som vert nytta er velutprøvde og innebærer svært låg risiko, seier ho

God erfaring med krefttiltak

Brystkreft

Det nasjonale screeningprogrammet mot brystkreft er eit førebyggjande tiltak med gode resultat.

Foto: Illustrasjonsfoto www.Colourbox.no

I Noreg er det tidlegare gjort liknande pilotprosjekt for screening av kreft.

I 1995 blei eit prøveprosjekt for undersøking av livmorhalskreft utvida til ei landsdekkande masseundersøking for kvinner i alderen 25-69 år. Tiltaket har redusert dødelegheita med 50 prosent, ifølgje Kreftregisteret.

I tillegg får alle kvinner mellom 50 og 69 år tilbod om røntgenundersøking av brystene annakvart år (mammografiprogrammet). Tilbodet har ført til at om lag 1000 nye brystkrefttilfelle vert oppdaga årleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sykehus

Kreft er eit sårt og vanskeleg tema for mange. Kreftforeininga oppmodar likevel alle som får innkalling til tarmkreft-testing om å takka ja.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

– På høg tid

Kreftforeininga er pasientane sitt talerøyr i det nye prøveprosjektet mot tarmkreft, og er representert både i arbeids- og i styringsgruppa.

Pressekontakt Astrid Bismo seier organisasjonen helsar prøveprosjektet hjarteleg velkome.

– Det er på høg tid at det kjem tiltak mot tarmkreft her i landet. Kreftforeininga har i veldig mange år bidrege med store midlar til forsking på dette området, fortel Bismo.

– Viktig at folk deltek

Dersom mange nok deltek, og resultata er gode, er målet å vidareføra prøveprosjektet til større delar av befolkninga. Det vil i tilfelle bli ei permanent ordning på lik line med dei nasjonale screeningprogramma mot brystkreft og livmorhalskreft.

Kreftforeininga oppfordrar dei som vert kalla inn til avgje prøvar til å møta opp.

– Me veit at kreft er eit sårt og skummelt tema som får mange til å ryggja. Ingen av oss vil ha noko med kreftsjukdomen å gjera, men sanninga er at éin av tre vert råka. Me ber dei som får innkalling om å vera med i prosjektet, både for sin eigen del og som ein samfunnsinnsats, seier Bismo.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger